Lyrikkspalten

Bernt Daltveit

Lyrikkspalten LYRIKKSPALTEN il En Lyrisk stafett I denne lyriske stafetten vil vi at kolleger skal dele stemninger, tanker og assosiasjoner rundt et dikt som har betydd noe for dem, enten i arbeidet eller i livet ellers. Den som skriver får i oppdrag å utfordre en etterfølger. Slik kan mange kolleger få anledning tit å ytre seg i lyrikkspalten. Velkommen og lykke tit! Tove Rutle -lagleder Eg takkar Reidar Berge for utfordringa til å bidra i denne flotte spalta. Reidar og eg møttest på Fylkessjukehuset på Voss for over 30 år sidan, og me har drive allmennpraksis her etter at sjukehustida vår var avslutta. Som A-menneske er eg oppe tidleg, og mang ei fin morgon.stund kosar eg meg med dikt til frukost, med klassisk musikk på P2 i bakgrunnen. Eg har gledd meg til å gå på jobben, ein jobb som aldri har vore kjedeleg, og sjøl om me ikkje reddar liv kvar dag, er den utfordrande nok. Som trygdelege gjennom mange år er eg likevel litt «lei meg»: Talet på legar har auka mykje i lesse snart 40 åra som har gått sidan eg var ferdig utdanna, framskrittet i medisinen vore formidabel, men aldri har så mange vore sjukemeldte og så mange vorte uføretrygda. Og NAV er ikkje lenger komen med sine YRA-tiltak og bedriftsinterne attføring enn der dei gamle var for over 1000 år sidan: Håvamål, vers 71: Er du halt, kan du ride, handlaus gjæte, er du dauv, kan du duga i strid. Blind er betre enn brend å vera: daud mun ein lite duga. Det er eit paradoks at trass den store sjukeligheten blant folk i yrkesfør alder, har levealderen auka, og det vrimlar av eldre spreke pensjonistar rundt oss, svært gledeleg, så noko positivt må likevel ha skjedd. Andre enn meg har filosofert omkring dette: Ein lokal skald på Voss, Eirik Finne, har formulert det slik i diktet. «Valhall» Det var mest som ei vanære for ein viking å døy på sotteseng I strid skal ein falla -då ventar Odin i Valhall: No for tida døyr me litt isenn før me er borte Fyrst fer idealisten, han har me'kje bruk for. So samvitet, arbeidsgleda, livstru og stridshug. Til sist er det att berre eit skal som lever på trygd. Slikt er ikkje my kje å senda åt Valhall Så kan me filosofera vidare: Kva har eg gjort, og kva visest etter oss. Då er det godt at det ikkje berre er storverk som visest: Eit dikt av Arnfinn Lilleskare frå Vaksdal illustrerer: «Mogningstid» Eg heldt på med eit lad attom løa Må grava godt inn i bakken for bakmur, so det ikk je frys ut sein are Tida går frå meg-eg er i dei åra at vener døyr, mange yngre enn eg sjølv. Har så mangt eg skulle ha gjort, men rekk ikkje på det. Mogninga i Hagen vil eg halda att; kirsebæra raudnar ser eg. Dagane lid mot Olsok. Kanskje einkvan eingong spør om steinane i ladet; Kan henda nokon svarar då: Det var han bestefar som la dei slik. Eg utfordrer ein kjenning frå gamle dagar, Hermod Helland, ein blid bergenser i Stjørdal, å føra stafetten vidare. Med helsing Bernt Daltveit, bestefar tit Anders, 9 år.

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf