Berre ein hund – eller kunsten å overleve allmennpraksis.

L Homlong /Fotografiene. R Hjerth

Berre ein hund – eller kunsten å overleve allmennpraksis. il DET GODE LIV ALLMENNPRAKSIS Berre ein hund -eller kunsten å overleve i allmennpraksis AV LISBETH HOMLONG I.«Han Hall var ikkje anna han sta kar, han var berre ein hund. Men um han no og berre var ein hund, so var han daa kor som er ein framifraa hund; han var framifraa baade stor og klok, og livde dertil sitt hundeliv so framifraa utbytt av lagnaden millom lukka og ulukka, at livssoga hans, vissa for meg, eig fullt so vel krav paa aa minnast som mangt eit mannsliv.» (frå Berre ein hund av Per Si vie). I haustferien forsvann hunden vår, ho vart skotredd på rypejakt og stakk, det hadde vi ikkje venta av ein fugle.hund. Ho var borte i fem døgn før ho kom til rette att. Det er ei tre år gammal vorstehertispe, hunden altså, ho heiter Tyra. Vi er frykteleg glad i ho. Mannen min hadde så utru.leg lyst på jakt, han gjekk tre timar i bratt, ulendt terreng, åleine, for å korne til eit sel, langt inne i ein dal på fjellet i Geiranger. Der har ein panoramautsikt over Geiranger. fjorden, verdsarven. Same dag forsvann Tyra, hunden. Mannen min var fortvila, han leitte i timesvis, saumfarte dalen, og omliggjande terreng, pådrog seg gnagsår og rygg. ondt, men ho var sporlaust vekke. Etter eit døgn gjekk han nedatt til bygda, ringde meg og proklamerte at no gav han opp. Tyra er korthåra, ho ligg nok skadd i ei ur og i natt må ho ha frose ihel. Det er trist, men vi må berre sjå framover, leggje det bak oss, hulka han. Eg sat heime med ein to månadar gammal son og ei jente på to og eit halvt, så ut og leite var uaktuelt for min del. Men veret er jo fint i fjellet, innvende eg, vi må etterlyse ho, kon. sultere ekspertisen, folk som har greie på dette, ho kan vel leve lengre enn eit døgn? Mannen min stilte seg tvilande, men gjekk med på å ringje ein røynd vorstehermann. Då fekk han høyre anekdotar om vorsteherhundar som kom til rette etter både fem, sju og heile ni døgn i fjellet. Desse hun. dane vender alltid tilbake, berre ein ven tar lenge nok, sa vorstehermannen. Eg orkar ikkje å gå opp att til selet, sukka mannen min, eg er utslitt! Helikopter føreslo far min, kr 6000 per time, og han er sunnmøring. Svigersonen flaug så oppatt i fjellet, medan eg annonserte i lokalavisa, ringte veterinær, politi, folk som søker etter sakna folk i fjellet, fekk gode råd. Mine Lisbeth Homlong 35 år, fastlege i Bergen sidan 2004, no ved Sletten allmennpraksis. Cand.med. frå UiB 1999. Bachelor i allmenn litteraturvitenskap ved UiB 2004. Er under spesialisering i allmennmedisin. Tidlegare jobba som vikarlege i Øksnes og Ørsta samt som assistentlege ved ortopedisk avdeling på Haukeland sjukehus. to brør og ein onkel blei sett i sving. Etter fire døgn gav vi opp, hunden var og blei borte. Mannen min kom heim, vi var triste, gret og sørgde, ein blir så glad i ein hund, medan vi førebudde oss på livet vidare utan Tyra, som trass alt berre var ein hund. Neste morgon ringte ein lokal hjortejeger. Han låg med kikert på ein hammar og såg etter vilt. I siktet fekk han ein avmagra brun fuglehund som trava rundt i terrenget, kledd i ein raud jaktvest. Det var Tyra, ho var i live, uskadd, litt sky, men elles som før. Stor lukke. Mannen min heiv seg i bilen, køyrde i tre timar tilbake til Geiranger for å hente ho, men sjølvsagt var det verdt strevet. Tyra var igjen ein del av familien. 2. Det gode liv som allmennlege skal vere emnet, frå ein ung lege sin ståstad, kvinne, småbarnsmor, hundeeigar og med ein travel legeektemann. Eg har jobba som allmennlege i seks år no, fire år som fastlege. Vaiet var ikkje sjølvklart, det fall seg slik. No trivst eg godt. Rekrutteringa til faget er ikkje god, spesielt ikkje blant unge kvinner. Berre ti prosent av legar i Noreg ferdig med turnus, startar si yrkeskarriere i allmennpraksis, mot 20-30 prosent i land vi kan samanlikne oss med. Det er visst for usikkert å vere sjølvstendig næringsdrivande, betre å starte i vikariat på sjukehusa rundt omkring, då er du i alle fall sikra inntekt ved svangerskaps. avbrot, sjukefråver og slikt. Eg har fått to born i løpet av dei siste tre åra, det har ordna seg greit, jamvel om vikaren eg til.sette i vår trakk seg ei veke før ho skulle starte, det vart for risikabelt å vere småbarnsmor og næringsdrivande, meinte ho. Jau, det fekk eg kjenne på kroppen, der og då, ei veke før permisjon, med bekkensmerter og kynnerar, stod eg utan vikar! Er unge kvinnelege legar pyser? UTPOSTEN NR.8 • 2008 DET GODE LIV ALLMENNPRAKSIS m Eg må vedgå at eg kjenner presset i samband med permisjo.nar og sjukdom, det har vorte ein del arbeidsdagar med feber, hoste, snørr, giardiainfeksjon og diverse, sjuke barn er det stort sett mannen min som tek seg av. Heldigvis er lei stort sett friske, eg trur det hjelper å ha hund! Dette er ulem.per, ja, men tenk på fordelane; fridom og fleksibilitet, til å organisere eiga verksemd slik ein ønskjer, eg kan leggje frå meg papira og gå etter den siste pasienten dersom det krevst. Papira kan vente til neste dag. Eg må ikkje vere på jobb til eit morgonmøte, det er ein fordel å vere på kontoret tidleg, ja, men ingen arresterer meg dersom eg er litt sein, eg kan setje meg ned med papirbunken og dagens pasientliste, i fred og ro med kaffi, ei avis, radio. Eg har full kontroll. Hyggelege og flinke sekretærar, gode kolleger, det hjelper sjølvsagt. For å bøte på rekrutteringssvikten, er det føreslått eigne utdanningsstillingar, med fast løn. Eg trur dette er ein god ide. Det vil innebere ordna arbeidstil høve, økonomisk trygg.leik, veiledning og tilrettelagt etterutdanning. Det er natur.leg at mange vegrar seg for åta opp lån for å kjøpe seg inn i ein praksis like etter turnus, mange strevar med å finne ut kva lei eigentleg vil drive med, då er ikkje store investe.ringar det første ein ønskjer seg. Fordelane i sjukehusa er dessutan openberre; fast løn, fastspikra utdanningsløp, lett tilgang til rådgjevning og støtte frå eldre kolleger, gjerne tilbod om barnehageplass, regulert arbeidstid og vakter i trygge omgjevnadar. Sjølv om læringskurva har vore bratt har eg likevel funne stor glede i å vere sjølvstendig i byrjinga av yrkeskarrieren-etter.kvart. Eg synst det er kjekt å drive ei lita bedrift, ha arbeids.gjevaransvar, styre økonomi, ha kontrollen sjølv og eit personleg forpliktande tilhøve overfor pasientane mine. Det har vore utfordrande, men inspirerande og lærerikt. Derfor må det vere mogleg å gjere det slik også, som ung lege, at utdanningsstillingane ikkje inneberer pliktløp og tvang. 3. I år er det hundre år sidan diktaren Olav H. Hauge vart fødd. Hauge budde storparten av sitt liv i Ulvik i Har.danger, han var gartnar, dyrka frukt, i tillegg skreiv han og omsette. Han sleit også, psykisk, hadde fleire opphald på Valen psykiatriske sjukehus. Eit sentralt trekk i diktinga hans er spelet mellom det lokale og verda rundt, der han nyttar element frå den røynda han kjenner i Ulvik, samtidig som han trekkjer inn samtida og verdslitteraturen, som i diktetKvardag; Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom i frå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leva i kvardagen og, den grå stille dagen, setja poteter, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenk ja på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steik ja flesk Og lesa kinesiske vers.( ... ) Dette diktet skildrar allmennmedisinen for meg. Eg har rett nok sakna å jobbe på ei sjukehusavdeling, vere i eit større miljø, action, redde liv, jobbe med alvorleg sjuke dagleg. Eg møtte ein kulling for ei stund sidan, ho spurde kva eg dreiv med. Fastlege, svarte eg. Gud, kor kjedeleg! Utbraut ho. Eg synst det var litt frekt, men i lys av dette kutta eg med vilje lei tre siste verselinjene frå diktet til Hauge; «Gamle Laertes skar klunger og grov um fikentrei; og let he/tane slost ved Troja. » Eg trur det er dette eg li kar, å møte folk i kvardagen, med sine små og store vanskar, bekymringane, det store spekteret av sjukdomar, plager og livsbelastningar. Førebyggjing ikkje minst. Og når det trengst, kunne rådføre meg og tilvise vidare. Uselektert praksis i første linje, pasientsentrert arbeidsmetode og kon.tinuitet i behandlinga, dei sentrale elementa i faget. Det er vi som er fotfolket, basis. Eg veit at eg på mange måtar er priviligert, som er i ein bypraksis, eg har legevakt i ordna former på Bergen legevakt, vi er fire samtidig på kveldstid, to på natt, sjukepleiarar organiserer og assisterer. Men eg har prøvd meg i distriktet og, eg veit kva det inneber av belastning, press og søvnmangel. Det slit nok på for dei som lever med dette til dagleg. 4. Å jobbe som allmennlege gav meg høvet til åta ei bachelor.grad i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Etter endt turnus, eit år som vikarlege i distriktet og eit inter.messo som ortoped, var eg frustrert, eg visste ikkje kva eg ville, tenkte at legeyrket ikkje var noko for meg. På det tids.punktet fekk eg høve til å jobbe 50 prosent som vikar på eit legekontor og dermed tid til å studere på si. Litteratur har alltid betydd mykje for meg, frå barnsbein. Eg har lese my kje, tenkt, lært. Eg trur det har betra evna mi til reflek.sjon, ettertanke og undring. Og ikkje minst å nytte meg av språket som verkty, men også å kjenne til språkløysa, at språket ikkje alltid strekkjer til. Konsultasjonen er jo sjølve rosina i pølsa, materien som vi jobbar uti frå, samtalane med pasientane våre, forteljingane deira. Psykoanalytikar og lit.teraturforskar Julia Kristeva er oppteken av språket sine to dimensjonar, den symbolske og den semiotiske; først språ.ket som sosial kode og norm, struktur og syntaks, dernest som kroppsleg impuls, noko førspråkleg. Dette viser seg i tekst eller forteljing som rytme, klang og pust, avbrytningar og strukturbrot. All språkbruk, all meiningsdanning skjer i sams pel mellom lesse to dimensjonane, men med ulik vekt. UTPOSTEN NR 8 • 2008 il DET GODE LIV ALLMENNPRAKSIS Når kjensla av å ikkje strekke til, å ikkje kunne hjelpe så godt som eg kunne ønskje, så er dette for meg ei trøyst i bak.hand, og ei hjelp til å forstå pasientane betre. 5. Kva er så poenget med historia om den forsvunne hunden, jau, først at eg aldri meir skal le og riste på hovudet av folk som gjer alt for å redde kjæledyra sine. Dernest at mannen min og eg i etterkant reflekterte over våre roller i forsvinningsnummeret. Min ektemann er anestesilege, det gløymde eg visst å fortelje. Her står det ikkje til liv, tenkte anestesiologen, han ville leggje inn årene og sjå framover, kort og konsist. Medan eg, allmennlegen, tenkte grundig gjennom situasjonen, vegde fram og tilbake, sat inn fleire verkemiddel, trekte inn folk som kunne hjelpe, konsulterte andrelinjetenesta. At anestesien gir opp for fort er vel neppe sant, men vi syntest dette var artig, at det viste noko sentralt om arbeidsmetodar og tenkjemåte som er med på å prege våre ulike kvardagar. For tida har eg det ganske fredeleg; langsame morgonar, med avis, kaffi, P2, ein baby som pludrar på golvet, ein skjønn hund som tassar rundt. Elles har vi travle legeliv, vi er småbarnsforeldre, alt skal gjerast på ein gong, har eg ei kjensle av, stifte ein heim, få born, gjere kar.riere, trene, vedlikehalde eit sosialt liv. Oppe i alt dette gjeld det å finne meining i ting både innanfor og utanfor medisinen, trur eg. Familien hjelper meg her, og litteratu.ren. Dess-utan er det noko med den intensiteten det medfører, at alt skjer på ein gong, den gir meg glede og energi. 6. At den kjære hunden vår forsvann, gav meg inspirasjon til å lese Per Sivle si forteljing Berre ein hund på nytt. Eg hugsa at den gjorde uutsletteleg inntrykk då den blei lest for meg i barndomen. Siv le er ein vestlandsdiktar som og sleit psykisk, han skaut seg i 1904 etter å ha strevd med sjukdom og fattigdom heile livet. Han mista mor si og fem søsken før han var fylt fem år. Ein av dei mest kjente tekstane hans er Den fyrste song; «Den fyrste sang eg høyra fekk, var mor si sang ved vogga. » Kunsten imiterer livet, seiast det. Fortel.jinga Berre ein hund sl uttar slik: «Haa haa !»ropahan, «er det du, din rak kar! ja, bia no so skal du faa varme maten din, skal du!» So inn med byrsa; og so small det. Daa dei let upp døri laag han Hall daud paa golvet innan.fyre. Eg kasta meg ned yver honom reint som ifraa meg. Eg gret, stridgret, hikkegret so eg plent helde paa missa anden. Han Salamon stod atved og flirde og log. Men han far kom burt og lyfte meg -slett ikkje hardt -upp etter trøyekragen. «Bed Gud va rna deg, og bruk vi tet ditt!" sa han my kje mildare enn han var van, liksom halvt baade undren og ottefull; «for du veit daa det, det er berre ein hund!» Evt. spørsmål og kommentarer kan rettes til: lisbeth.homlong@hotmail.com Regin Hjertholm Utdannet ved universitetet i Bergen, ferdig 1986. Fastlege ved Eidsvåg legekontor i Bergen siden 1990. Fotografisk kunstner med første utstilling i 1979. Arbeidet i mange år med IKT i helsevesenet bl.a utvikling av elektronisk pasientjournal, kommuni.kasjon og sikkerhet. E-POST: regin.hjertholm@isf.uib.no WEB: www.reginhjertholm.no Fotografiene Som allmennleger ferdes vi rundt omkring til alle døgnets tider og ser mye på veien som ikke direkte er knyttet til legeoppdraget. Noen livlige nabobarn med ansiktsmaling på trappe2,utenfor huset til den syke, en rar campingvogn i morgentåken på vei til en gammel forvirret mann, spor etter ungdommen på skateplassen jeg løper forbi ... Dette er også det gode liv i allmennpraksis, en fargerik palett med mange nonverbale inntrykk. UTPOSTEN R.8 • 2008

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf