Dagen mellom mange daga

Illustrasjonsfoto: Scandinavian Stockphoto

Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng

Fastlege på Tynset

thbjornstad@gmail.com

Det slo meg at det ikkje var så lett å finne denne eine gode dagen som eg skulle skrive om. Ikkje det at eg manglar dagar eg synes er meningsfulle, utfordrande og som har humor, men ein enkelt dag var ikkje lett å skille ut. Så tenkte eg at dagane også er slitsomme. Dei krever noko av meg. Eg har ikkje det privilegiet at eg kjem utkvilt heim frå jobb. Det er alltid veldig travelt, og nokon gonger det eg opplever som negativt stress. Eg kom til at dette er sutring. Har eg nokon rett til å forvente at min jobb er akkurat det eg ønsker heile tida? Eg fann ei god pasienthistorie frå ein dag på jobben som eg tenkte å skrive om. Eg laga eit utkast og lot pasienten lese utkastet. Han lo så han rista, og så sa han nei. Syntes ikkje det passa i Utposten.