TEMA: Should I Stay or Should I Go?

Legelivet – that’s forever!

Bjørg Bakke

Lege og oljefondanalytikar

Foto: privat / Marius Koestler

Eg er ganske sikker på at eg vart lege fordi eg syntest Grey’s Anatomy var veldig kult, og eg hadde gode karakterar. Det å hjelpe folk var for så vidt eit ekstra gode. Eg hadde verkeleg ikkje peiling på kva eg hadde søkt meg inn til der eg stod med eit avdødt menneske mellom hendene og skulle finne forskjellen mellom ei nerve og eit kar i underarmen...

Legelivet har tatt meg over heile landet, by og bygd. Frå sjukehus til allmennpraksis.

Det er ingenting som er meir spennande enn å kome tett inn på eit menneske sine tankar. Tankar om livet, om seg sjølv, om ekteskap og kids, om jobben og verda. Krydrar du dette med litt uforklarlege symptom så har du ein spennande dag på jobben. Det er ein magisk kombinasjon å få jobbe med vitskap og irrasjonalitet på same tid.

Men det å jobbe som lege, eller det å vere lege, det krev mykje. Du må legge deg sjølv litt vekk. Du er ein profesjonell som blir betalt for å gje tida di til pasienten. Du er empatisk, uansett om klokka er fire på natta og du blir ringt for n’te gong. Du er ein frakk med eit indre som tidvis ikkje synes. Det er difor det å vere lege er for meg det vakraste og det verste på same tid. Tida med pasienten og den faktiske behandlinga gjev meg mykje glede. Det gjev meg innsikt i korleis samfunnet vårt fungerer og korleis politikk på Stortinget blir til handling for Ola Nordmann ute i landet. Kor mykje bra folk det er der ute – i alle former og uttrykk. Samstundes har det bidratt til ei uendeleg mengde sorg over systema våre, over folk som slit, men ikkje får hjelp, om ressursbruk som ikkje heng på greip og ei sinnssjuk overbehandling av menneske i siste leveår versus dei som har mange igjen. Journalsystem som direkte motarbeider eller idiotiske byråkratiske reglar som ikkje heng på greip. Ein kjenner seg hjelpelaus når ein blir vitne til menneske som blir overkøyrd av eit system som i utgangspunktet er til for å hjelpe.

For meg er legelivet meir ei reise enn eit endestopp. Det er ikkje noko eg kan velje vekk, for om eg går på gata i London og tilfeldigvis ser ein syklist som blir påkøyrt, så er eg midt i det nok ein gong. Blodet pumpar og hjernen jobbar på. Eg kjem alltid til å ha med meg min mentale legekoffert uansett kvar eg er, fordi den er meg og eg er den. Så tett samanvevd og påverka av kvart eit menneskemøte sidan min første pasient. Ironisk nok var han allereie død. Han er kanskje den mest verdifulle, i valet han tok om å donere kroppen sin til vitskapen – for at eg skulle lære.

Legeyrket har tatt meg til London for å jobbe med finans i Oljefondet. Det er så mykje me legar kan finne på, enten det er innanfor klinisk arbeid eller i skjeringspunktet mellom medisin og andre felt. Kanskje må me bli meir politisk aktive for å vere med å påverke der avgjerder blir tatt? For å forbetre systemet for både dei som er avhengig av det, men også for dei som jobbar i det. Moglegheitene er mange og ein må finne det som er rett for seg, enten det er å vere i klinikken, på ein parallell veg eller kanskje arbeide med noko heilt anna. Som legar veit me at livet er kort og kan endre seg på eit blunk. Finn ein stad du trivst, blir utfordra og som gjev deg meining. Legelivet – det er med deg, uansett kvar du endar opp!

Og kanskje ein dag kjem eg tilbake til pasienten på kontoret med legekofferten full av nye erfaringar og verktøy. Kven veit?