TEMA: Should I Stay or Should I Go?

Ikkje lenger fastlege, men framleis allmennmedisinar

Dag Sele

Overlege, Stord DPS

Foto: Dag Sele

Eg valde ein gong i tida medisin framfor juss fordi eg ville arbeida mest med folk. Dette ønskje utvikla seg etter kvart vidare til eit ønskje om å møta «vanlege folk» nær deira kvardag, og allmennmedisinen vart eit naturleg val. Difor vart eg allmennlege og etter kvart fastlege. Frå denne posisjonen treivst eg svært godt som del av lokalsamfunnet i Bø i Telemark frå 1992 til 2014. Sjølv om arbeidsmengda var stor og krava aukande, ikkje minst frå andre enn pasientane, opplevde eg at gleda ved å vera både lege og aktiv medlem av det same lokalsamfunnet vog opp for dette. I tillegg til at fastlegekvardagen handla om nettopp kvardagar og vanlege ting, opplevde eg også det tverrfaglege arbeidet, ansvarsgrupper og dialogmøte som svært meiningsfullt.

Mi historie handlar difor ikkje om «valgets kvaler» for vegen vidare. Det valet opplevde eg vart gjort av Helse- og omsorgsdepartementet, som i 2014 endra fastlegeforskrifta slik at samvitsgrunnar ikkje lenger var akseptert grunn for fordeling av oppgåver innanfor ein praksis med fellesliste. Dette skjedde i samband med den såkalla reservasjonssaka, i mitt tilfelle knytt til vår innarbeidde praksis for pasientar som ønskte spiral. Politikken i dette kunne det vore skrive mykje om, men det får bli (og har vore!) innlegg på andre arenaer. Min konklusjon vart i alle fall at eg hadde valet mellom å forlata fastlegelivet eller å gå på akkord med mitt eige samvit. Difor vart det dobbelt smertefullt å ta avgjerda om å slutta som fastlege i Bø sommaren 2014. Som både fagleg og politisk engasjert samfunnsmedlem opplevde eg faktisk dette havariet for samvitsfridomen i norsk arbeidsliv sterkare enn dei konsekvensane eg personleg trekte. Etter kvart gjekk eg likevel også gjennom ei sorg over å forlata ein arbeidsplass og eit fag eg treivst godt i og opplevde svært meiningsfullt.

Men når denne døra vart lukka av Bent Høie, var eg glad for at eg gjennom åra som fastlege hadde fått litt erfaring med psykiatri, særleg på DPS-nivå. Eg visste difor at dette var eit arbeidsfelt eg kunne trivast med, og der eg i tillegg kunne ha nytte av mine allmennmedisinske erfaringar og kompetanse. Også i den psykiatriske kvardagen er jo fokuset stort på det tverrfaglege, på nettverk og lokalsamfunn. Etter spesialisering i psykiatri har kvardagen ved ein allmennpsykiatrisk døgnpost ved Stord DPS stadfesta for meg at psykiatri og allmennmedisin utfyller kvarandre svært godt. Det har vore godt å kunna ta med seg mykje av den allmennmedisinske kompetansen inn i neste spesialitet. Det opplevst i det heile som eit stort privilegium å ha ei grunnutdanning som gir så mange ulike vegval i yrkeslivet.

Eit naturleg spørsmål blir i dag dette: Saknar eg fastlegelivet? Svaret er vel både-og. Eg kan absolutt tidvis kjenna på eit sakn etter den store variasjonen, frå samtaler med menneske i vanskelege livssituasjonar til øyreverk og småkirurgi. På den andre sida saknar eg ikkje arbeidstidene og dei stadig aukande oppgåvene, utan å få fleire å dela arbeidet med. Dette er også noko eg forstår har vorte vesentleg verre i åra som har gått sidan eg bytte beite. Men allereie den gongen hadde eg arbeidsveker som låg på 50–60 travle timar. Det er i dag eit tankekors at eg såg på dette som normalt. Det ser eg i eit anna perspektiv når eg no stort sett kan gå heim frå jobb berre litt over tida og praktisk talt aldri må tilbake på kontoret på kveldar og helger. Det kan sjølvsagt også vera travelt i ein psykiatrisk kvardag, men det blir på ein heilt annan måte. Ein kan ikkje springa i gangane på DPS! Det er eit privilegium å ha eit arbeid der det er ein premiss at du må bruka tid på å tenka og til å drøfta saker i tverrfaglege team.

Det har elles slått meg at mange av våre flinke fastlegar kunne gjort ein mykje større psykiatrisk jobb dersom dei hadde hatt rammer for det. Som allmennmedisinar i psykiatrien er det i alle fall for meg eit tankekors at fastlegen altfor ofte ikkje er blant dei pasientane våre oppgjev som støttespelarar i sine nettverk. Tenk om fastlegane hadde hatt betre moglegheit til å velja prioritering av tid til samtaler og tverrfaglege møte! Og gjerne i tillegg moglegheit til å velja nokolunde ordna arbeidstider.