Jubileumstilbakeblikk

Lågterskeltilbod til skriveføre

For ein som ikkje har skrive dagbok, er det ikkje lett å vera trygg på minnet om tida i Utposten for over 25 år sidan. Heldigvis hugsar eg enno mykje, men erfaringane mine frå den gongen er nok vurderte og justerte utruleg mange gonger i mellomtida. Det gjeld ikkje minst dei faglege forholda som me drøfta då. Derfor vert dette ei kort personleg tidsreise.

Braut dreg mellom anna fram denne artikkelen som ein typisk tekst i Utposten.

Geir Sverre Braut

Seniorrådgjevar, Stavanger universitetssjukehus og professor, Høgskulen på Vestlandet

gsb@sus.no

Fastlegeordninga har kome til sidan tida mi i redaksjonen. Fagleg ser den ut til å fungera godt, men rekrutteringa og den indre optimismen er ikkje noko å skryta av. Spesialisthelsetenesta har vore gjennom ein organisatorisk metamorfose. Trass i samhandlingsreform, pakkeforlaup og helsefellesskap, er det enno ein lang veg å gå før samspelet mellom primær- og sekundærhelsetenesta er optimal. Samfunnsmedisinen har fått orden på det indre livet, men strevar framleis med plassen i den kommunale kvardagen. Rett nok ser det no ut til koronapandemien kan gje uventa hjelp her.

Det har gått framover

For 25 år sidan, i 1997, var forventa attståande levetid for nyfødde jenter 81 år og for gutar 75,5 år. For 2021 kan Statistisk sentralbyrå (SSB) fortelja oss at dette hadde auka til nær 85 år for jenter og rundt 81,5 år for gutar. Også for dei aldrande mellom oss vert det støtt lysare tider, ifølgje SSB. Attståande gjennomsnittleg levetid for 67-åringar er no over 20 år for kvinner og over 18 år for menn. I redaksjonstida vår i Utposten var gjennomsnittstida over to år lågare for kvinner og over tre år lågare for menn (1).

Vurdert ut frå slike harde endepunkt, lever vi såleis i eit betre samfunn i dag enn vi gjorde for 25 år sidan. Truleg er også delar av helsetenesta langt betre no enn då. Tenk berre på slagbehandling: Frå pessimistisk passivitet i 1997 til avansert akuttmedisin i dag. Dette kan også minna oss om noko som er vorte langt betre i grenseflata mellom dei to tenestenivåa, nemleg ambulansetenesta. Kanskje det er eit lærestykke å finna her? Kan det vera slik at styringa av helsetenesta må sikra at organisatoriske justeringar er tett kopla på den faglege utviklinga? Er det dette vi slit med i fastlegeordninga, eldreomsorga og det psykiatriske tenestetilbodet?

«Fastlegeordninga er ein sultefora suksess», skreiv Torleiv Robberstad nyleg i Utposten (2). Her har me truleg ein ultrakort omtale av ei av dei største utfordringane for den norske helsetenesta dei næraste åra framover. Den faglege suksessen må dyrkast gjennom ei jamleg tilpassing av organisatoriske og økonomiske strukturar, kan me lesa oss til i ein tidlegare artikkel av Robberstad (3).

Typisk for Utposten?

Desse to tekstane dreg eg fram her, fordi eg ser på dei som ganske typiske for Utposten. Kunnskapen dei gjev oss er knappast vitskap for verda. Dei har lita interesse utanfor Noreg. Men tekstane er dagsaktuelle og gjev oss så absolutt kunnskapsbaserte og etterprøvbare perspektiv på praksis og politikk hos oss. Det er her Utposten har hatt og har sine sterke sider. Slik eg oppfattar bladet, er det eit lågterskeltilbod til skriveføre. Eit lågterskeltilbod skal vera lettare tilgjengeleg, men likevel halda eit forsvarleg nivå på tenestene sine.

«Å skrive er å tenke», seier litteraturforskaren Toril Moi, som held fram: «Først når vi setter ordene ned på papiret, ser vi hva vi tenker» (4). For meg og mange andre har Utposten vore eit slikt laboratorium for fagleg argumentasjon. Tankar og meiningar som var krystallklåre, i alle fall for ein sjølv, då dei flaug ut av munnen, vert stundom ganske tomme når ein prøver å setja dei om til ord på papiret.

Gjennom å få passe grunngjevne tilbakemeldingar frå ein redaksjon, vert teksten spissa og ein får dyrka fram kjernen i den faglege bodskapen. Slik sett er Utposten som skapt for den som vil vera med i den primærmedisinske debatten i Noreg. Innhaldet i Utposten viser at dette er ein levande debatt, sjølv om eg nok av og til tenkjer at den kunne hatt noko betre rotfeste i kvardagen, ikkje minst i dei kommunale tenestene.

Medlem av redaksjonen

Arbeidet i redaksjonen i Utposten lærte meg ein del om å gje tilbakemeldingar på tekstar som andre har skrive. Denne erfaringa har eg hatt stor glede av som lærar i høgskulesystemet. Det er eit privilegium å få kommentera andre sine tankar og tekstar. Det privilegiet må ein ha respekt for. Det gjev makt til å knusa andre sine tankar, og det kan vera kraftige saker. Slik sett trur eg at den kollektive redaksjonen i Utposten har sin eigen verdi. Mange av oss som har vore innom der, har aldri hatt ei slik rolle før. Redaksjonen fungerte for meg som ein type kollegial studiesirkel innanfor tekstvurdering.

Og då er eg ved kjernen av det eg minnest frå åra 1993–1997, nemleg det flotte samarbeidet me hadde i redaksjonen. Då tenkjer eg ikkje berre på redaktørane, men også på det administrative grunnfjellet vårt, Tove Rutle og Kari Svarttjernet. Trass i ulike ståstader og bakgrunnar hadde me ei slags kjensle for primærhelsetenesta og samspelet mellom den og resten av velferdstenestene som samla oss. Eg trur me alle hadde lyst til å vera med på å styrkja grunnlaget for helsetenesta vår.

Helseteneste er ikkje noko som er naturgitt eller gudeskapt. Det er noko som er politisk definert. Den norske erfaringa tyder på at denne politiske defineringa vert best når den skjer i eit nært samspel mellom folkevalde og fagfolk. Gjennom alle sine 50 år har Utposten direkte og indirekte makta å ta omsyn til dette, ofte ganske skjøre, samspelet.

Referansar

  1. Statistisk sentralbyrå. 05375: Forventet gjenstående levetid, etter kjønn, statistikkvariabel, år og alder. https://www.ssb.no/statbank/table/05375/ (Lest 27. mars 2022.)

  2. Robberstad T. Fastlegeordninga: Status presens 2021. Utposten 2022; 51(2): 34–35.

  3. Robberstad T. Grunnmuren forvitrar. Kommunale helsetenester til folk over 80 år. Utposten 2022; 51(1): 34–37.

  4. Moi T. Å skrive er å tenke. I: Isaksen K & Blad HP (red.) Min metode. Oslo: CappelenDamm, 2019.