Mot vår

Illustrasjonsfoto: Scandinavian Stockphoto. Baksidefoto: Colourbox
Eg takkar min kjære kollega, Anne Lise Skonseng Sætermo for «stafettpinnen» i lyrikkstafetten.
Ein sangstekst dukka raskt opp i tankane mine. Ein av dei finaste norske sangtekstane eg veit. Som får meg til å tenkje på tru og håp om lysare tider. Som «søring» i Nord-Norge kan det iblant hende, i den mørkaste mørketida, at eg kjenner på lengt mot sør, lyset og sola. Men så plutseleg går det mot lysare tider, og dagane blir stadig lengre. Og gleda over å kjenne dei fyrste solstrålene i februar er uslåeleg. Det gjer at ein set pris på kontrastene i årstider! Så kanskje er eg eigentleg ein «nording» frå sør…?
Nordaførr Vårvisa
Alt det du vet om e vinter’n som tappa dæ tom
Og natta som vet den har vunne.
Du har TV’n og tankan dæ sjøl og et rom
Og liv som har levd og forsvunne.
Du vet det e været som hold dæ førr narr,
Men du kjenn ingen ansikta i januar
Og du lengta mot lyset fra mørket om morran.
Og fra frosten som frys fast i såran
Joda du vet du har venna at du har det bra,
Men tengan e tøngre å bær på.
Du e ensom og hjelpelaust nordaførr da,
Det e langt inn te hjerta med klær på.
Du kunn ha gådd ut men korhen sku du gå,
Så håpa du heller at nå’n banka på
Jo det vet å bit fra sæ det landet vi lev i,
Han e lang vinter’n men ikke evig
Førr nu e det vår her i byen og gatan e bar
Det spire og gror i landet.
Og det gjør oss takknemlig førr det som vi har
Og vi trur på oss sjøl litegranne.
Det hende vi tell og med føle oss fri,
Vi vet vi e hjemme og her ska vi bli
Vi e sterk og kan ta ka som helst når det kommer,
Vi har sola og snart e det sommer
Halvdan Sivertsen
Teksten får meg òg til å tenkje på det å vere innvandrar i Noreg. Korleis det kan vere for dei å kome til det kalde, mørke nord. Kor viktig det er at dei blir møtt med respekt og empati, både i helsevesenet og elles i samfunnet. Kor viktig det er at dei blir sett.
Det gir tankar om at det er håp om betre tider når ting ser mørkt ut. Også med tanke på koronaepidemien. Og endeleg ser det ut til at vi går mot ein lettare vår, og at epidemien byrjar sleppe taket! «Han e lang vinter’n, men ikkje evig…»
«Stafettpinnen» sender eg vidare til min gode veileder, Silje Røssvoll.