Disputas
Førekomst av multimorbiditet:

Sosiale skilnader og felles samanheng med død i ei allmenn befolkning i Noreg

Overskrifta var den norske tittelen på avhandlinga mi, som eg forsvarte i april 2021. Bakgrunnen for arbeidet er den sosiale gradienten i helse, det at sjukdomsførekomst og dødelegheit aukar omvendt med personar sine sosioøkonomiske ressursar, typisk målt som utdanningsnivå, inntekt eller yrke.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Kristin Hestmann Vinjerui

Lege, ph.d, Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie, NTNU

kristin.vinjerui@ntnu.no

Denne samanhengen er kjend, men tidlegare fyrst og fremst vist for enkeltsjukdomar (1). Pasientar i dag har oftast fleire, kroniske helseproblem, såkalla multimorbiditet. Sosiale skilnader i førekomst av multimorbiditet var ikkje tidlegare undersøkt i Noreg.

Multimorbiditet kan romme ein uendeleg kombinasjon av ulike helseproblem. Kompleksiteten i behandling og helsetenesteforbruk, mortalitet, tiltaks- og sjukdomsbyrde vil variere med samansetnaden av tilstandar. Eg ønskte å studere multimorbiditet med forventa aukt kompleksitet. Basert på internasjonal litteratur studerte eg derfor fleire mål for multimorbiditet, mellom anna to helseplager og samtidig nedsett funksjon (2) og tre helseplager i tre ulike organsystem (3). Slike komplekse mål for multimorbiditet var ikkje tidlegare undersøkt i Noreg.

Vidare vil personar ha ulike føresetnader for å fylgje opp medisinske kontrollar og behandling ved multimorbiditet, typisk slik at det er meir utfordrande for dei som høyrer til lågare sosiale lag. Dette venteleg negative samspelet mellom sosio-økonomiske ressursar og multimorbiditet, som begge er assosiert med død, var knapt studert globalt og ikkje tidlegare i Noreg.

I doktorgradsarbeidet undersøkte eg derfor sosiale forskjellar i førekomst av ulike komplekse mål for multimorbiditet (4,5) og sosiale skilnader i død ved lik multimorbiditet (6).

Helseundersøkinga i Trøndelag 2006–08 (HUNT3) ga informasjon om kroniske helseproblem, nedsett funksjon og yrke for over 38 000 deltakarar frå 25 til 100 år. Totalt 39 prosent av desse hadde fleire enn to helseproblem og nedsett funksjon, og 54 prosent hadde fleire enn tre helseplager i tre ulike organsystem. Det var høgare førekomst i lågare sosiale lag, blant kvinner og med aukande alder. Skilnadene i førekomst mellom høge og låge sosiale lag varierte med kjønn og alder, men var til stades blant begge kjønn frå ung vaksen til høg alderdom (ca. 30 til 80 år). Frå HUNT3 vart rundt 31 000 deltakarar i alderen 35 til 75 år fylgd vidare og kopla til dødsmeldingar frå Folkeregisteret fram til 2019. Talet på døde auka med talet på helseproblem. Det var varierande, men intakte, sosiale skilnader, mest markant mellom menn, frå to til ti helseproblem. Relativ risiko for død var kring dobbelt så stor i lågare sosiale lag ved like mål for multimorbiditet, for begge kjønn.

I den allmenne, norske befolkninga er altså sjølv kompleks multimorbiditet vanleg, skeivt sosialt fordelt gjennom heile vaksenlivet og i død. Funna tyder på at eit aktivt folkehelsearbeid mot sosiale skilnader i helse kan auke overlevinga for alle. I klinisk arbeid vil både personar sine unike helseproblem og sosiale kontekst kunne krevje skreddarsydd medisinsk behandling og ofte samarbeid med sosial- og velferdstenester. Det er utarbeidd ein nasjonal rettleiar, Oppfølging av personer med store og sammensatte behov (7), der personar med multimorbiditet er nemnd som ei aktuell målgruppe, og der råda er retta mot både velferdstenestene, primær- og spesialisthelseteneste.

Referanser

  1. Vinjerui KH. Socioeconomic inequalities in multimorbidity and joint associations with mortality in a general population. The HUNT Study. NTNU.: Norwegian University of Science and Technology – NTNU. Australian National University – ANU.; 2021.

  2. National Institute for Health and Care Excellence. Multimorbidity: clinical a ssessment and management. London: National Institute for Health and Care Excellence (UK). 2016.

  3. Harrison C, Britt H, Miller G, Henderson J. Examining different measures of multimorbidity, using a large prospective cross-sectional study in Australian general practice. BMJ Open. 2014; 4(7): e004694.

  4. Vinjerui KH, Bjerkeset O, Bjorngaard JH, Krokstad S, Douglas KA, Sund ER. Socioeconomic inequalities in the prevalence of complex multimorbidity in a Norwegian population: findings from the cross-sectional HUNT Study. BMJ Open. 2020; 10(6): e036851.

  5. Vinjerui KH, Boeckxstaens P, Douglas KA, Sund ER. Prevalence of multimorbidity with frailty and associations with socioeconomic position in an adult population: findings from the cross-sectional HUNT Study in Norway. BMJ Open. 2020; 10(6): e035070.

  6. Vinjerui KH, Bjorngaard JH, Krokstad S, Douglas KA, Sund ER. Socioeconomic Position, Multimorbidity and Mortality in a Population Cohort: The HUNT Study. J Clin Med. 2020; 9(9).

  7. Helsedirektoratet. Veileder om oppfølging av personer med store og sammensatte behov [nettdokument]. Sist faglig oppdatert 11. februar 2019. ed. Oslo: Helsedirektoratet.; 2017.