Leder

Kven tar vakta i framtida?

Therese Renaa

Ein mann i Sverige fall om med hjertestans. Ein forbipasserande lege fekk i gang hjertet hans med ein hjertestartar som bokstaveleg talt kom frå himmelen – levert med drone sendt ut frå alarmsentralen (1).

Ny teknologi gjev nye moglegheiter, og verda endrar seg raskt. På same tid er utfordringsbiletet uendra over tid. Når ein les gamle nummer av Utposten, ser ein at legevakt var ei tung byrde også i 1972 (2). Lange avstandar i grisgrendte strøk, slitne legar og lite ressursar var problem den gongen som no.

Dei lokale legevaktene er eit ganske nytt påfunn. Fyrst med kommunehelsetenestelova i 1981 vart det formaliserte legevakter i kvar kommune (3). Før det var akutt legehjelp gjeve på dugnad. Kjensla av at legevakt er noko ein driv med på dugnad heng fortsatt att blant fastlegar i distrikta. Fastlegekrise er òg legevaktkrise. Når fastlegane forsvinn, er det færre til å dele på vaktene, både dag, natt og helg. Kommunane pliktar å tilby helsehjelp døgnet rundt. Sjukehusa pliktar å syte for transport av akutt sjuke. To partar som er avhengige av kvarandre, men sjeldan tek omsyn til kvarandre når dei planlegg tenestene. I små kommunar med lite folk er det få oppdrag, og når tenestene vert dimensjonert og finansiert etter bruken, kuttar pressa økonomar alt ned til beinet. Færre ambulansar og større legevaktdistrikt, legevakt som fritidssyssel for slitne fastlegar, sjukehus som sentraliserast – det er harde tider og krisa er allereie her.

Dei fleste ideane for å sikre folk akutt helsehjelp i framtida er prega av ein entusiastisk teknologioptimisme. Videokamera, dronar, lommeultralyd og mobile CT-apparat kan vere nyttige verktøy, men vert like fort leiketøy om ein trur at teknologien skal erstatte erfaring i staden for å komplettere den. Somme har tru på at andre yrkesgrupper overtek legevaktjobben i framtida, med litt bistand frå lege over iPad. Sjølv om modellen kan fungere på ei oljeplattform full av unge friske folk med obligatorisk helseattest, er det vanskeleg å sjå at det gjev god helsehjelp til eldre og sjuke med kompliserte tilstandar.

Kvifor ikkje styrke legevaktene ved at legevaktslegane får betre arbeidskår? Akuttmedisinforskrifta stiller krav til legane sin kompetanse, og har sikra eit likare legevakttilbod i landet. Styresmaktene har derimot ikkje lagt føringar for kor mykje vaktarbeid kommunane kan leggje på fastlegane sine. Fastlegar utanom dei større byane set ofte pris på å ha akuttmedisin som ein del av kvardagen. Når fastlegane får attende styringa over eiga fritid, kan legevakt vere ei positiv utfordring, med eller utan drone.

Referansar

  1. Tobiassen, Markus «Måkte snø og falt om – fikk hjertestarter via drone». VG.no 09.01.2022.

  2. Utposten no 2, 1972

  3. NOU 1998:9, kap 5 Kommunal legevakt, 5.1 Lovgrunnlag og funksjon