Den draumen eg ber på

Draumen som tok mange omvegar

På jordet utanfor kommunehuset hadde me først tenkt å bygga helsesenter.

Knut Vassbø

Kombilege, Bjerkreim kommune

kvassbo@gmail.com

Eigentleg ville eg bli kirurg. Men då eg var ferdig med militærtenesta i 2001, var det ingen ledige utdanningsstillingar i kirurgi på sjukehuset i Stavanger. Det var det einaste sjukehuset eg kunne tenka meg å jobba på. Så då vart det tilfeldigvis fastlegevikariat i Stavanger, med Olav Thorsen som kollega på nabokontoret. Den kjennskapen har gitt meg mange erfaringar og spennande oppgåver, men det er ei anna historie. Bitt av fastlegebasillen vart eg i alle fall. Grundig.

Då eg var i heimkommunen min Bjerk-reim for å feira 17. mai året etterpå, trefte eg Siv. Siv er ein erfaren og driftig sjukepleiar som var sjef på det kommunale legekontoret i kommunen. Ho lurte på om eg hadde lyst til å jobba som fastlege i Bjerk-reim. Kona mi, Astrid, var på ferietur i Syria med ei venninne, og det å flytta til Bjerkreim var ikkje eit tema me hadde diskutert. Men det kunne jo ikkje skada å prøva, tenkte eg. Så då Astrid kom tilbake frå Syria, hadde eg fått ny jobb. Berre for å sjå korleis det ville fungera å jobba i heimkommunen. Og me kunne halde fram med å bu i Stavanger, sjølvsagt.

Dermed vart eg fastlege og kommunelege i heimkommunen, kombilege som det heiter. Eg treivst godt med det. Ikkje minst hadde eg stor glede av tett og godt samarbeid i alle retningar, både på og utanfor legekontoret. Eg jobba med mange driftige og dyktige fagfolk, mellom dei fysioterapeuten Tore.

Draumen

Tore starta grytidleg på jobb kvar morgon, og var tidleg ute med nye tenester og nytt utstyr. Men han hadde små og tronge lokale som ikkje stod i forhold til dei tenestene han leverte og dei ambisjonane han hadde. Han hadde freista å kjøpa ein nedlagd bankfilial, men andre kom han i forkjøpet. Så han spurte meg ein dag, i 2007 må det ha vore, om ikkje det hadde vore bra med eit nytt helsesenter i kommunen. Det burde vera mogleg for oss to å planlegga og finansiere eit slikt bygg. Det var noko eg ikkje hadde tenkt på, for legekontoret hadde greie kommunale lokale, der mitt ansvar starta når eg troppa opp om morgonen, og slutta då arbeidsdagen var ferdig klokka 16. Men eg syns ideen om helsesenter var god, og eg kunne godt tenka meg å samarbeida tettare med fysioterapeutar både med førebygging og behandling.

Så det var då «draumen» vart skapt. Draumen om eit helsesenter. Som helst burde realiserast mens me var unge og spreke, før fylte 40 år.

Ein omveg

Me sette i gang med å teikna og planlegga. Tanken vår var at helsesenteret burde ligga nær kommunehuset. Dermed kunne kommunale tenester vera i kommunehuset, samtidig som ein kunne gå på innesko til det nye helsesenteret. Men slik vart det ikkje. Fleire henvendingar til kommunen om å få kjøpa tomt på eit ledig areal like ved kommunehuset vart avslått. Forsøk på å kjøpa heile eller delar av det nedlagte Tine-meieriet eit par hundre meter borte, viste seg også umogleg. Etter kvart som tida gjekk, byrja det sjå mørkt ut. Og Tore, som hadde planlagt å få med seg kollegaer frå nabokommunen til det nye helsesenteret, måtte konkludera med at det enklaste var å flytta sin fysioterapipraksis til nabokommunen. Og der slutta draumen, trudde eg.

Men slik gjekk det ikkje. For ein dag fekk eg spørsmålet på ny. Denne gongen av Gjertrud, som også er fysioterapeut og som hadde fortsatt å driva i dei same små lokala som Tore. Men Gjertrud hadde også vore i kontakt med eit par driftige damer som ville starta treningssenter. Dei hadde funne eit ledig lokale i ein bygning frå 1971. Bygningen var oppført som fabrikk, men etter ombygging og oppdeling på 1990-talet hadde det vorte idrettshall i den eine delen, og kontor og verkstad for Dalane Energi i den andre delen. Og no var Dalane Energi interessert i å selga sin seksjon. Så viss me danna eit aksjeselskap for å kjøpa og ominnreia denne seksjonen, åtte me vårt eige helsesenter med fysioterapi, treningssenter og legekontor. Og slik vart det.

Flaumen som ikkje råka oss

Mykje kunne vore skrive om det å flytta eit legekontor frå eit kommunehus til ein ombygd fabrikk/idrettshall to kilometer frå kommunehuset. Men det vart i alle fall gjennomført, og alle på legekontoret vart med. Eg skal innrømma at det var nokre svevnlause netter med forskjellige draumar, for eg hadde hatt ein gunstig avtale på kommunehuset. Slike vilkår kunne eg ikkje forventa å ta med til eit helsesenter som ikkje kommunen åtte. Det var heller ikkje utan økonomisk risiko å bygga helsesenter utanfor tettbygde strok. Dette minna banken oss om fleire gonger. Ei slik investering er på mange måtar å binda seg til masta, men det var eg villig til å gjera, for eg syns ideen var god. Fysioterapi, treningssenter, legekontor og idrettshall under same tak var bra og framtidsretta, tenkte eg. Det som eg syns var leit, var at helsestasjonen og psykisk helseteneste vart verande på kommunehuset. Dei var nokre av mine beste kollegaer. Men det er ikkje alt ein rår med, og eg hadde erfart at viss ein skal venta til alt er 100 prosent perfekt, så får ein ingenting gjort.

Legekontoret starta opp i det ombygde helsesenteret 10. mars 2014. Eg var då 40 år. Draumen var oppfylt. Det var ein stor dag, med marsipankake og blomar. Men historia om draumen er berre halvferdig.

For korkje lokaldemokrati eller fastlegeavtalar rår med naturkrefter. Det har Bjerkreim fleire gonger fått erfara. I desember 2015 kom ekstremveret Synne, som skapte ein alvorleg flaumsituasjon i heile kommunesenteret. Kommunehuset sto no under vatn og måtte gjennomgå ganske omfattande rehabilitering i tida etterpå. Det hadde ikkje vore enkelt å driva fastlegetenester i perioden etter flaumen, viss me hadde vore på kommunehuset. «Flaks at legekontoret flytta», fekk eg høyra. For det var umogleg å verta teken av flaum der legekontoret no låg. Det nye helsesenteret var trygt. Trudde eg.

Legekontoret brenn.

Legesenteret i full fyr

Men den 24. februar 2017 gjekk draumen opp i røyk. Idrettshall og helsesenter vart totalskadd i brann. Brannalarmen gjekk halv ni ein fredag morgon. I løpet av eit par timar vart det klart at det var umogleg å bruka nokon del av bygget vidare. Sjølve legekontoret brann ikkje, men fekk omfattande røyk- og vasskadar. Brannvesenet gjorde ein framifrå innsats med å evakuere eit kommunalt arkiv i bygget, og fekk samstundes teke ut ganske mykje av legekontorets utstyr og møblar, inklusiv PC-ane. Det var ein klar og vindstille dag, så møblane sto trygt utandørs resten av dagen. Eg fekk nappa med meg dataserveren og plassert han bak i bilen min. Telia vart kontakta, og omdirigerte legekontorets telefonsystem til ein mobiltelefon. Personalet på legekontoret tok med pasientar til omsorgssenteret for INR-måling og liknande. Og i løpet av dagen vart det i møte med kommunen avtala at legekontoret skulle flytta tilbake til kommunehuset, til lokalet me hadde reist frå tre år tidlegare. Det hadde i mellomtida vore flaum, rehabilitering og omrokering internt på kommunehuset.

Her flytta me inn mens ny Bjerkreimshall og legekontor vart bygd etter brannen.

Gaukungen

Andre helsetenester hadde overteke dei lokala der legekontoret tidlegare hadde vore, og var allereie ganske slitne av ein langvarig rehabiliteringsperiode etter flaumen. Men me såg inga anna løysing enn å flytta inn på kommunehuset der me tidlegare hadde vore, og som ein gaukunge i reiret kom legekontoret attende og fortrengte helsestasjon og psykisk helse. Det å flytta legekontor hadde me gjort før, så med god hjelp av tilsette, familie, vener og kommunen, hadde legekontoret i løpet av helga atter reist seg som Fugl Føniks på kommunehuset, og var klar til drift måndag morgon klokka 08.00. Og alt fungerte, i alle fall for oss. Spesielt var eg nøgd med at me var klare til å ta imot ny turnuslege, som hadde vorte litt overraska då ho oppsøkte dei nedbrente lokala der ho først trudde ho skulle jobba det neste halve året.

Sjølv om draumen hadde gått opp i røyk, var han likevel ikkje borte. Bygget som brann var forsikra, og prosessen med å bygga ny idrettshall og helsesenter var raskt på skinner. I løpet av dei to åra det tok å bygga ny idrettshall og helsesenter, flytta legekontoret over i eit anna midlertidig ombygd lokale, for det var jo eigentleg ikkje plass til oss på kommunehuset i det heile teke.

Legekontoret ligg i dag i den nye Bjerkreimshallen.

Snipp, snapp, snute

Så, i mars 2019 kunne legekontoret endeleg flytta inn i splitter nye lokale, under same tak som fysioterapi, treningssenter og den nye Bjerkreimshallen. Me har no meir romslege og framtidsretta lokale enn nokon gong. Eg hadde aldri, den gongen i 2007, sett føre meg at vegen skulle bli så lang og krunglete, eller at sluttresultatet skulle bli slik det no er. Men det gir ei god kjensle å følga den draumen ein har, i staden for å halda på det trygge og kjente. Erfaringa har også gitt ein god porsjon respekt for dei som tør å satsa på nye idear – for det er fem prosent draum og 95 prosent hardt arbeid. I tillegg er eg glad for at fastlegeordninga gir rom for at me gjennom næringsdrift har fridom til å følga slike draumar.

Heilt til slutt: Dersom nokon lurer på om det var nyttig å ha idrettshall vegg i vegg med legekontor når ein skal driva med massevaksinasjon under koronapandemien, så er svaret ja. Men dét hadde eg aldri drøymt om.