Den draumen eg ber på

Eit ansvar å bære

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Anne Synnøve Lunde

Fastlege, Slidre legesenter, Vestre Slidre kommune

anne.s.lunde@gmail.com

Midt i ei moltemyr slo det meg, antakeleg grunna auka blodstraum til hovudet som då var nede ved knenivå, at me har overtatt vakta! Det er så ein nesten ikkje får puste ved tanken på kva ansvar som kviler på våre skuldre. Ikkje berre vakta etter Per Fugelli, men også etter bestemor. Korleis sylter ein eigentleg molter? Kva bør vere rettesnor for livet mitt? Som menneske og som fastlege?

For å bli spesialist i allmennmedisin, må ein ha to år i open, uselektert praksis. Kva vil eigentleg det seie? Er det berre ei byråkratisk ubetydelegheit? Eller er det å drive ein open og uselektert praksis kjerna av faget vårt og nettopp det som skal til for at me kan utgjere ein skilnad i samfunnet? Er det dette som har gjort oss nesten like populære som Vinmonopolet?

Eg har jobba vel to år på sjukehus med selekterte pasientar og i to fastlegepraksisar med under eitt års varigheit. Men no i det andre året på min noverande arbeidsplass er det mogleg å ane kva kontinuitet og kjennskap betyr for pasientane og samfunnet.

I 2017 skreiv Per Fugelli kronikken «Takk, Norge – og god vakt» i Aftenposten (1). Kva er det me må ta vare på ved samfunnet vårt? Her blir rettferd, tillit og fridom vektlagt. Dette er verdiar me må verne om som samfunn. Kan me verne om desse verdiane gjennom yrkesutøvinga vår? Ja, det trur eg.

Rettferd

Per Fugelli skriv:

«Vi har bygd sterke ordninger for helse og utdanning som samfunnet eier. Når du blir syk, får du helsetjeneste av første klasse, uavhengig av rikdom og rang.»

Noko av det finaste med denne jobben er at me er til stades for dei som treng det. Og det er ikkje me i første omgang som definerer kven som treng oss. Det er opp til kvar enkelt å ta kontakt. Me er her for alle. Eit gode med dette utgangspunktet, er at me har ein unik moglegheit til å verkeleg hjelpe! For det er ikkje lett å gi hjelp til nokon som ikkje ynskjer det sjølv. Eller å føre ei samtale på berre behandlaren sine premissar. Vedkommande må velje det og ynskje det sjølv. Og slik primærhelsetenesta er bygd opp, er det jo nettopp det dei har gjort.

Fugelli held fram: «Solidaritet er ikke et grunnstoff som finnes i naturen. Det rettferdige samfunn må vi ville og velge.»

Tillit

Av Ingvar Wilhelmsen har eg lært at ein kan konfrontere pasientane om ein fyrst har vunne tillit og vist at ein er ein som vil dei vel. Eg hadde høyrt det og forstått det, men givande er det å erfare det. Kjedelege formaningar om røykeslutt og trening går stort sett bra, men ein gong vart eg oppgitt etter å kjent på at me snakkar jo berre forbi kvarandre. Han meinte NAV berre masa og ingen høyrde på han: – Ja, men kva er planen din? Du blir jo ikkje betre, korleis kan du meine at du skal koma attende i gamlejobben din? Eg syns du skal høyre på NAV no og ta imot hjelp med arbeidsutprøving, enn kor slitsamt det er, sa eg irritert. Han ser på meg med eit forbausa blikk, eg vart litt forbausa sjølv over at eg sa det eg tenkte høgt, før han lener seg fram og klaskar til med hendene over begge lår så det smell, og seier: – Ja! Han reiser seg, set seg att og fullfører: – Du vil meg jo faktisk berre vel, du. Du har rett. Heldigvis kunne eg parere med: – Ja, og det vil jo saksbehandlaren din på NAV, óg.

Per Fugelli seier det slik:

«Når mennesker vil hverandre vel, oppstår tillit. Når vi stoler på at den enkelte yter, hjelper og krever når det er nødvendig, da oppstår tilhørighet.»

Pasientane kjenner foreldra mine, ei bestemor og ordføraronkelen min, noko som igjen gir ei forventning om at eg kjenner dei. Kan eg eigentleg helse heim når dei ber meg om det? Eg får lov å behandle dei og blir tiltrudd viktige oppgåver og røyndomar. Eg er utanforståande, men ein del av det tette samfunnet. Det er ei tryggheit i at nokon veit.

Og så er det den klassiske: «E har så ilt i øklun mine! Ja…, du veit no forresten kva det betyr, du!»

Allmennmedisinen er som ein eigen familie eller eit eige lite univers. Miljøet er identitetsskapande. Dette er ein tryggleik når ein er mykje aleine om avgjerder, når ein er aleine lege i pasientrommet. Eg er den som på rett måte må innhente informasjon, bearbeide informasjonen og trekke konklusjonar. Då må eg ha tillit til meg sjølv.

Samstundes er det òg eit teamarbeid. Medarbeidarar kjenner kanskje pasienten frå før, dei ser pasienten på vegen inn frå venterommet. Pasientane vel ikkje berre fastlege, dei vel seg eit heilt kontor. Pasientane byter ikkje nødvendigvis legekontor, om fastlegen reiser vidare. Dei vil behalde hjelpa dei er vande med å få ved sårskift eller regelmesige blodprøvekontrollar. Dette er eit system bygd på tillit til kvarandre.

Fridom

Per Fugelli har sagt at «Retten til svakhet og avvik er frihetens kjerne.»

Denne retten kjempar me for kvar dag. Det handlar for meg om å hjelpe vedkommande der han eller ho er, og la den som ber om hjelp sjølv få velje vegen vidare. Dette er for mange kjent som hemmelegheita i all hjelpekunst (2).

Jobben gir til ein viss grad individuell fridom til ivrig bærplukking og syltetøykoking ein formiddag etter vakt.

Men størst er verdien av å ha ein meiningsfull jobb og vite at ein utgjer ein forskjell.

Eg håpar me blir gitt dei verktøya som trengs for å kunne gå denne vakta i mange år til. Mykje god innsats er lagt ned i året som er gått, og no er tida her då moltene skal nytast!

Kjelder

  1. Takk, Norge – og god vakt, Aftenposten.no (08.08.2017).

  2. Om hjelpekunsten – av Søren Kierkegaard