Den draumen eg ber på

Eg var svolten på livets og markens grøde – og fekk det

Foto: Jarle Arnes

Ronny Cassells

Fastlege, Legegruppa Sunnfjord medisinske senter, Kinn kommune

ronny.cassells@gmail.com

«Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den.»

«Å den lille maurtue! Alle mennesker er opptatt med sitt, de krysser hverandres veier, de puffer hverandre tilside, stundom går de over hverandre.»

«Jeg spurde mig: Den lange, lange sti over myrene og ind i skogene hvem har trakket opp den? Manden, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham.»

Sitata er henta frå Knut Hamsuns romanar Sult, Konerne ved Vandposten og Markens Grøde. Når eg skriv dette er hjortejakta komen i gang, samstundes som vi denne veka har lagt ned koronasmitteklinikken i kommunen. Hardkjøret dei siste 18 månadane ser ut til å gje slepp, og der vert snart mogleg å nyte meir og etterlengta fritid. Jaktradioen står difor no på lading, og det er meldt bra vêr til helga. Kone og born er vande med å avsjå meg kvar tredje helg enten til jakt eller vakt. Vi skal også denne hausten skyte kring 20 hjort i fjellet til min onkel.

Vi er berre fem kompisar (ei dame) i jaktlaget der eg er jaktleiar. Hjortejakt er vanskeleg, krevjande, og det tek mykje tid og ressursar. Mesteparten av arbeidet er ikkje sjølve jakta, men logistikken etter felt dyr: bæring, flåing, tørking, mørning, partering og tillaging av vakuumerte kjøtstykke til frys. Dette har jakta til felles med arbeidet som fastlege, der sjølve pasientmøtet kanskje snart berre utgjer halve jobben. Mange ser ikkje å finne tid og rom i kvardagen til å ta på seg slike varige forpliktingar. Ein vegrar seg for å låse helgar og kveldar til legevakt, pasientarbeid, eller for den saks skuld, det arbeidet det er å hauste av naturen vår.

Til liks med fastlegeyrket er det difor vanskeleg å rekruttere nye jegerar. Eg er 48 år og yngstemann i mitt jaktlag. Ungdomen vil heller nytte helgene på byen for å finne seg ein partnar, og dersom suksess har dei ein småbarnsperiode på 20 år der jakt er vanskeleg. Soleis, skal ein finne ein hjortejeger å styrke jaktlaget med, lyt ein rekruttere tidleg for å hindre forgubbing. Eg ser klare parallellar til det å rekruttere fastlegar til kommunen i lys av frykt for ansvar, tilplikta legevakt og ekstraoppgåver. Vi lyt ta med borna våre og ungdomen på jakt, slik at det fyrst vert ufarleggjort. Mange vil få ikkje berre smaken på det, men varig sug mot denne aktiviteten.

Det same er openbert nøkkelen til rekruttering inn i fastlegeyrket. Studentane lyt i større grad og tidlegare desentraliserast ut i kommunehelsetenesta. Vi var like før pandemien på studietur til Dingwall i Skottland, og fekk innføring i drift av eit allmennlegesenter på størrelse med vårt. Der underviste allmennlegane medisinstudentar i dei fleste generelle faga, vi ved norske universitet forventar å verte undervist av professorar ved regionsjukehusa.

Vi lyt take godt vare på turnuslegane når dei er i kommuneturnus, og vil då erfare at mange vert verande.

Men kva er gevinsten? Kva er det vi entusiastar ser i tilværet som gjer at vi ikkje finn på noko anna? Kvifor ikkje gå i fjellet og nyte naturen utan rifle, og på den måten spare oss for alt arbeidet som følger med? Kvifor ikkje finne fastløna arbeid innanfor trygge definerte rammer på sjukehuset i byen? Svaret lyt vere fridom og heilskap. Vi har eit betre tilhøve til sundagsmiddagen vi har invitert familie og vener til, når vi har funne og laga til ingrediensane sjølve. Dessert frå tre i eigen hage. Sopp og tyteber til kjøtet er sjølvplukka i naturen. Forretten er kanskje ei rype frå fjellet vi ser ut vindauget, og fiskesuppa til mellomrett er sjølvsagt eigenprodusert. Til liks kan vi oppleve heilskapen vi får til yrket vi utøver, når vi forpliktar oss til å følgje pasientane i ein til to generasjonar gjennom alle deira utfordringar, vere seg sjukdom, svangerskap, kamp mot NAV, gleder og sorger. Vi møter dei på legekontoret, på legevakt, og på heimebesøk. Vi driv praksisar der vi ved å ha ansvar for både utstyr, timeplan og rutinar, opplever i mindre grad å vere ein isolert del av eit samleband.

Påskjøninga og motivasjonen er at vi kjem tettare på sjølve livet. Vi sit på første rad i naturens interaktive teater. Vi haustar av naturen og livet, ikkje berre erfaringar og opplevingar, men og god mat.

Tida går ikkje, den kjem. Kvar dag.