Den draumen eg ber på

Draumen om det gode liv

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Frøydis Gullbrå

Kombilege, Aurland kommune

frogull@online.no

Eg ynskjer meg ei annleis gåve til jul.

Av og til er det godt å drøyme seg litt bort. Tenkje seg til eit anna liv og sjå for seg korleis det kunne vere. «Tenk, kva eg kunne gjort med livet mitt! Kanskje halde meg tilbaketrekt i fjellheimen der eg kunne dyrke mine eigne grønsaker og ha nokre dyr i fjøsen. Bruke dagane til å gå tur, trene – slå av ein prat med naboen. Kanskje ta ei legevakt i ny og ned om det manglar pengar. Det høyrest forlokkande ut. Sleppe så mange krav. Sleppe alt maset og den stadige kjensla av å ikkje strekke til.»

Men så er eg allmennlege då. Eg likar møta med pasientane. Det å utforske eit symptom – fyrst med ein spørjerunde; korleis starta dette – korleis har det utvikla seg. Kva tenkjer pasienten om dette. Så undersøkje, lytte, kjenne, sanse. Bruke dei tidlegare erfaringane og kunnskapane eg har. Og det pasienten fortel meg. Kanskje leite etter ny kunnskap – i oppslagsverk eller via kollegaer. Lage seg ein hypotese, drøfte plan for vidare handtering med pasienten. Nokre gonger går det over – andre gonger kjem dei att. Det kan vere store ting ein oppdagar, det kan vere små ting. Det kan vere alvorlege diagnosar – eller sjølve livet som gjer vondt. Å få attende: «Takk, det var godt å få hjelp hjå deg» – når me kun har prata og gjort litt småting på kontoret – det er ei stor lukke!

Det at folk har tillit som gjer at dei deler dei vanskelegaste ting med oss, er også stort å oppleve. Å få tillit frå dei som har hatt eit liv me ikkje kan førestille oss – og gjerne mange vanskelege møter med helsevesenet bak seg – det gjer jobben meiningsfull. Det gjer også rom for at me kan få gi nokre råd, gi oppmuntring – følgje dei og familiane over tid.

Alle dei praktiske tinga me får gjere, gir også liv og variasjon til dagane. Plutseleg kjem der eit brannsår på kontoret. Eller nokon vil fjerne ein hudklump. Vorter skal frysast, celleprøvar takast og ymse prevensjonsmetodar skal effektuerast. Mykje interessant å fylle dagane med.

Eg er også veldig glad i samarbeidet og heilskapen ein kan oppleve i allmennpraksis. Det å spele på lag med helsesjukepleiar og jordmor, psykiatriteneste, rusomsorg og eldreomsorg. Og alle dei andre – for det er mange. Fordele oppgåver, samarbeide om pasientane. Det å sitje i møter og erfare at alle ynskjer pasient og familiar det beste, at me leitar etter kor me kan bidra – og samstundes kjenne på letten i å vita at også andre er med. Me spelar på lag for å hjelpe pasienten i den kontekst han eller ho er – og inkluderer også dei som er rundt. Ikkje minst om der er barn inkludert. Gode system, mange moglegheiter. Ofte er også spesialisthelsetenesta med.

Men – det som undrar meg er: får yngre legar med seg dette? Kva som verkeleg er av verdi i allmennmedisinen? Gullet i faget vårt, dei ulike menneskemøta og den varierte medisinen me får bedrive? Og som me ofte kan styre litt ut frå interesser og kva kollegaer driv med. Eller druknar dette i frykten for at det skal bli for mykje ansvar og jobb? For mykje økonomi og praktiske saker knytt til jobben? Overdøyver ropet om fastlegekrise lysten til å prøve seg i denne greina?

Eg ynskjer meg gode rammer i allmennmedisinen til jul. Rammer som gjer at nye legar får lyst til å prøve seg i allmennmedisin – med passande arbeidsmengde og økonomi. Rammer som også gjer at me gamle i gamet får gjort jobben utan å konstant ha dårleg samvit for det me ikkje får gjort – og der me kan ha overskot att til å få draumen realisert i helger og feriar. God jul!