Den draumen eg ber på

Draumen om å eta av kunnskapens tre

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Geir Sverre Braut

Professor, Høgskulen på Vestlandet

geir.sverre.braut@sus.no

I dag er det klår himmel og vindstille på Jæren. Det er haust. Kvitring frå fuglar som samlar seg i ein stor flokk for å starta reisa sørover fyller ettermiddagslufta. Denne herlege opplevinga minner meg om ei undring eg ofte hadde som liten. Kan dyr drøyma?

Den intense plapringa fuglane imellom har sjølvsagt ein eller annan funksjon. Kva slag kommunikasjon det handlar om, veit vi fint lite om. Mange dyr tenkjer og kommuniserer. Undringa mi handlar om kor djupt denne kognitive evna eigentleg går. Vi kan gjerne avskriva fuglane si årlege reise sørover med at det handlar om instinkt. Flukta frå nord kan skuldast årstidsvariasjonar og at fuglane merker at dagane blir kortare og temperaturen lågare.

Er det då berre slik at dei blir pressa bort frå eit land som utover hausten blir mindre og mindre gjestmildt? Kanskje eg tolkar det vel langt når eg seier at kvitringa ber preg av noko anna. Eg tykkjer ikkje den signaliserer frykt for vinteren som skal koma. Det er meir som eit bod om noko betre, noko ein lengtar etter og, ja, drøymer om.

Vi lever i spennande tider. Kunnskapen om det biologiske grunnlaget for livet til både menneske og dyr er i rask utvikling. Med ny kunnskap får vi også nye metodar for å påverka utviklinga av liv. Stikkord som CRISPR-CAS9 og mitokondrietransplantasjon minner oss om at vi kan påverka arvelege eigenskapar. Opp gjennom tusenåra har arvematerialet, også det menneskelege, endra seg gjennom naturleg seleksjon. No nærmar vi oss teknologiar som kan setja oss i stand til å gjennomføra seleksjonen på svært mykje kortare tid. Vi treng ikkje venta på at «slekt skal følgja slekters gang». Grepet kan etter kvart gjerast frå ein generasjon til den neste.

Det er ingen tvil om at ny kunnskap og teknologi vil vera eit gode. Vi kjem til å få persontilpassa medisinske metodar som vil redda menneskeliv, fri folk frå sjukdom og hindra utvikling av funksjonshemjingar. Men kunnskapen kan også nyttast til destruktive formål. Vi kan sjå for oss utvikling av biologiske agens som vil verka sjukdomsframkallande på personar med visse genetiske eigenskapar, men ikkje på andre. Dei fleste vil vel stilla seg negative til dette. Annleis er det dersom teknologien blir nytta til å fjerna sjukdomsframkallande genetiske eigenskapar. I alle fall enno, betyr det ofte at ein må fjerna eit foster på eit eller anna stadium. Då er dei etiske vurderingane slett ikkje så eintydige. Konfliktpotensialet er stort.

Draumen min handlar om at vi skal kunna eta av kunnskapens tre, og samtidig innsjå at det for kvart nytt kunnskapseple vi plukkar, dukkar opp nye etiske og samfunnsmessige utfordringar som vi ikkje fullt ut kjenner frå før. Dette tenkjer eg krev tre eigenskapar av oss. For det første at vi evnar å ha opne diskusjonar, prega av respekt for ulike synspunkt, om bruken av den nye kunnskapen. For det andre må vi vera litt tolmodige før vi tar i bruk ny teknologi. På livsvitskapane sitt område er det minst like viktig med ei «føre var»-tenking som innanfor dei tekniske faga. Eg undrar meg over at det er lett å få aksept for dette prinsippet til dømes når det gjeld bruk av atomkraft, samstundes som vi hastar fram med ekspressfart når det gjeld å akseptera nye bioteknologiske metodar. For det tredje krev det at vi om att og om att drøftar kva det vil seia å vera menneske.

I biologiens verd er det ikkje lenger mykje som skil oss som menneske frå andre dyr. Det må då vera noko anna enn den biologiske skilnaden som grunngir menneskets særlege plass i verda. Den moralske skilnaden mellom mennesket og dyra finn vi knappast i biologien.

Freud la vekt på at draumane på mange måtar var ein funksjon av fortrengde kjensler og ønskjer som var grunnlagde i barndommen. Eg vil trekkja denne klassiske tenkinga eit steg lenger ved å seia at når vi drøymer, utfordrar vi autoritetar og konforme tankemønster. Draumen bind saman faktum og fiksjon. Draumane er med på å omorganisera verdsbiletet vårt, dag etter dag, år etter år.

Dersom draumane ikkje møter motstand, men berre byggjer på våre individuelle føresetnader, ligg vegen open for utviklinga av «false truths» og «alternative facts». Vitskapsbasert kunnskap gir oss ein konstruktiv motstand. Ein annan viktig motstand trur eg vi finn når vi vel å innordna oss eit fellesskap. Vi seier ofte at individualismen og sjølvråderetten har ei grense når den går ut over andre. Etter kvart har vi akseptert at den også har ei grense når den går ut over naturen. Men kva då når den går ut over komande generasjonar?

Utfordringane og ansvaret ved å eta av kunnskapens tre har knapt nokon gong vore større enn i dag. Derfor ønskjer eg meg endå meir tenking og diskusjon, både i dei små og store fellesskapa, om kva som er det eigentleg menneskelege. Er det kanskje noko meir å læra om det biologiske grunnlaget for det kollektive i den fuglekvitringa som eg innleidde med; noko som vi som menneske har tapt i fokuset på det individuelle?