Den draumen eg ber på

Går det bra?

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Øystein Furnes

Kommuneoverlege, Sunnfjord kommune

oafurn@gmail.com

Det går bra.

Kor ofte har eg ikkje som medmenneske sagt desse orda til vener og familie, som far til borna mine, som lege til pasientar og pårørande. Nokre gonger i trygg visse om at det stemmer. Andre gonger med større eller mindre uro, med trøystefulle tilleggsord for å ikkje sleppe håpet:

Eg vonar det går bra. Det kan gå bra.

Så er det stundene når det ikkje vil gå bra, liding og død er kanskje det einaste som står att. Då kan eg som lege trøyste og lindre, ved å vere til stades, ved å gje best mogleg medikamentell og ikkje-medikamentell lindring, ved dyktige medarbeidarar, ved familie som vert styrkte til å vere i det saman med den som skal døy. Kanskje er det gongane vi saman har lukkast i å gjere pasienten sine siste dagar og timar så gode og trygge som råd, eg sterkast har hatt kjensla av at det gjekk bra.

I eige liv kjenner eg på det same, draumen om at det vil gå bra. I livsval som kanskje har overraska både meg sjølv og dei kring meg. I det å ta på seg oppgåver eg ikkje har vore direkte budd på. I det å sette seg inn i heilt nye fagfelt. Den indre drivkrafta og draumen hjelper meg til å finne vegar, støttespelarar, synsvinklar på veg mot eit mål som godt kan endre seg undervegs. Gleda ved å nå delmål, kjenne på at det endelege resultatet tek form, tydelegare sjå kva som gøymer seg i hildringa i horisonten.

Gongane eg har flytta i oppvekst og vaksen alder, åra vi oppdrog våre eigne born, å leve i eit langvarig parforhold, då eg starta og sidan utvikla eiga gardsdrift, dei snart to åra eg har arbeidd som kommuneoverlege i ein pandemi. Draumen om at det vil gå bra har vore til trøyst og motivasjon når motbakkane har vore som tyngst. At eg har stått i det er både mi eiga og andre si forteneste – eg må sjølv legge lidenskap og krefter inn for å nærme meg draumen, og eg klarer det aldri åleine. Når draumen vert delt, er opplevinga sterkare. For er ikkje heile livet ein veg mot draumane våre, og bør vi ikkje ha det kjekt og hjelpe kvarandre på denne vegen? Det meste er kvardagar, å ha mål å jobbe mot set farge på mange av desse dagane. Dette gjev meg meining i livet.

Draumen kan skakast. Kjensla av motløyse vert sterk når eg les FN sin klimarapport. Når eg ser at verdas befolkning har dobla seg i mi levetid. Når eg innser nivået av artsutrydding. Når eg høyrer ein heimleg debatt som i liten grad evner å ta inn over seg realitetar og konsekvensar. Tiltak er lett å støtte på avstand, vanskelegare når det krevst innsats lokalt. Også her må eg bere på draumen, og la målet påverke eigne handlingar undervegs. Nokre må gå framfor. Det kan vere du, det kan vere eg, det kan vere mange. Det kan bli til faglege og politiske val som gjer verksemder, kommunar, fylker og nasjonar i stand til å våge finne nye vegar.

Eg vonar det går bra. Det kan gå bra.

Det må gå bra.