Den draumen eg ber på

Det vakje sånn det sku bli

Foto: Jan Schille

Jan Schille

Kombilege, Bokn kommune

janschille@gmail.com

«Jammen, eg har jo friske unga, kjekke mann, nytt hus og fine hytta, det e jo ingen grunn til at eg ska vær deprimert. Alt e jo egentlig fint». Ho hadde omtrent sagt det samme før, og i dag sa ho det igjen. Livet hadde ikkje vorte slik ho hadde tenkt seg det.

Eg drøymde ein gong om å bli psykiater. Nysgjerrig på kvifor menneske gjer som dei gjer. Fascinert over dette yrket der ein kan komme så tett på. Tok sommarjobb på psykiatrisk sjukehus allereie før medisinstudiet. Heldt fram på somrane etter kvart som preklinikk vart klinikk og det fjerne målet om å bli lege stadig kom nærare. Lykke i turnustrekninga – eg kunne velge ein plass med tredelt turnus med fire månadar på DPS.

Mora i stolen framføre meg hadde ikkje hatt ein slik lett veg mot sitt noverande liv. Dårlege kort var delt ut, alle såg ein anna veg. Ingen såg henne. Til ho fann ein som såg henne. Som ikkje forsvann eller svikta henne. Ikkje gjennom utdanning og familiestifting. Ikkje gjennom oppussing og våkenetter. Og heller ikkje då kroppen sa stopp.

Tredelt sjukehusturnus kasta av seg, DPS venta på meg medan eg skulle ha distriktsturnus. På eit fastlegekontor med eit fyrtårn. Der, i desse seks månadane brast draumen eg hadde bore på sidan vidaregåande. Men eg fekk det ikkje med meg. For glad og nøgd skunda eg meg vidare til DPS, til fast jobb og lagt løp mot psykiatertittelen.

«Det vakje liksom sånn det sku bli, det må jo vera noke ant som e gale». Og så tar ho seg i det igjen. Ho veit utgreiinga har vore brei, steinane er snudd, det er ingen raske løysingar att. Aksepten for dette er skjør, og grublinga kjem fort. Ho skulle jo vere i jobb, prioritere seg sjølv meir etter travle år med små barn. Men kroppen er tom for krefter. Lønsinntekt ei luftspegling langt der framme. Fastlegen har vore der. Fastlegen er vorten vist tillit, ho har satt ord på livet sitt, og eg er vorte uendeleg mykje klokare om korleis livet vorte forma nettopp dette mennesket.

På DPSet forsto eg at draumen eg bar på hadde brista, at det ikkje var sånn det skulle vere. Endeleg reflekterte eg over draumen som hadde vore og kvar den hadde brakt meg. Inn i den moderne psykiatrien, inn i eit Helse-Noreg utanfor universitetssjukehusa med vilkårleg tilgang på fagfolk, inn i eit system der eg ikkje kjende meg att i prioriteringane. Inn i eit system som for ofte ikkje såg mennesket. Ikkje på den måten ein fastlege kan få høve til. Ikkje på den måten ein treng å bli sett for å forstå kvar er ein og korleis ein skal koma seg vidare.

Eg trur draumar kan vere farlege. Skal eg sei det til ho som kjempa med korta ho hadde, ho som rett før målstreken for sin draum ligg langflat? Ho unnskylder seg – det kan ikkje vere rett bruk av tida mi å prioritere henne og høyre på klaginga hennar. Men vi vert fort samde – ho treng det og eg trur det er viktig. Vi snakkar om draumar som var – og livet som kjem. Om å fri seg frå gamle draumar. Kanskje ein skal finne nye. Mest snakkar vi om å akseptere det som er og det som var. Vi snakkar om det å være tilfreds. Min draum er å være tilfreds. Der eg er. Og der er eg no.