Leder

Den draumen eg ber på

Illustrasjonsfoto: Helle Dunker

Marit Tuv

Kvart år byr Utposten sitt julenummer på refleksjonstekstar frå legar over heile landet. Temaet for julenummeret dette året er «Den draumen eg ber på». Orda er henta frå det kjente diktet til Olav H. Hauge:

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje –

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.

Hauge (1908–1994) er ein av våre mest leste og siterte diktarar. Han var varsam med å leggje føringar for korleis dikta hans skulle tolkast, men kona hans gjennom mange år fortel at han drøymde om å ri inn til ei stille vik frå eit stormfullt hav og om å finne ro og fred i sinnet. Hauge var ustabil psykisk og sjuk då dette diktet vart ført i pennen (1).

Draumar kan motivere og gje kraft. Vi kan drøyme om noko vi gjerne vil få til, om håp for framtida eller om korleis noko burde vore. Draumen kan verte røynd eller for alltid vere ein draum. Når draumen skil seg mykje frå kvardagen, kan den også ha ein kime i seg til å ikkje verdsetje det livet vi har. Den som er frisk har ofte mange draumar, medan den som er sjuk mest av alt ynskjer seg å verte frisk. Samstundes kan det være draumane som held oss gåande gjennom vanskelege periodar av livet. Konfrontert med døden kan vi nokre gonger sjå den enorme livskrafta som bur i håpet om å nå eit mål ein siste gong.

I dette julenummeret fortel eit knippe kollegaer om sine draumar. Vi håpar at tekstane kan bringe fram nye synsvinklar, håp for framtida og tru på notida. Redaksjonen ynskjer alle lesarar ei fredfull jul og eit riktig godt nytt år.

Referanse

1. https://www.nrk.no/kultur/_det-er-den-draumen_er-norges-beste-dikt-1.13140034