Jus

Samtykke til helsehjelp

Samtykke er ein føresetnad for å gi helsehjelp. Dette er heimla i lov om pasient- og brukarrettar. Det er nokre unntak frå krav om samtykke.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Bjarte Hitland

Fastlegevikar og tilsynslege sjukeheim, spesialist i geriatri

Ein skal gi øyeblikkelig hjelp sjølv om pasienten ikkje er i stand til å samtykke, og også der pasienten motset seg helsehjelpa. Både smittevernlov og psykisk helsevernlov gir rom for helsehjelp utan samtykke, men hovudregelen er likevel samtykke. Pasienten kan trekke samtykke tilbake. Alle har lov å gjere dumme val. Pasienten har lov til å takke nei til behandling sjølv om helsepersonell vurderer at potensiell gevinst er betydelig større enn potensiell risiko. At pasienten er usamd med legen er ikkje nødvendigvis teikn på manglande samtykkekompetanse.

Ein føresetnad for samtykke er at pasienten forstår kva helsehjelpa inneber. Ein annan føresetnad er at pasienten har samtykkekompetanse. Til slutt må samtykke vere frivillig.

Pasienten skal ha den informasjonen som er naudsynt for å få innsikt i helsetilstanden sin og helsehjelpa. Pasienten skal også ha informasjon om risiko og biverknader ved behandlinga. Informasjonen skal vere tilpassa mottakaren. Det er mange potensielle hindringa for god informasjon. Helsepersonell er glade i å bruke fagterminologi. Det er ikkje sikkert at pasienten forstår dette. Born vil ha behov for ei enkel forklaring. Både syns- og hørselstap stiller krav til å tilpasse informasjonen. Pasientar som ikkje har norsk som morsmål, kan ha behov for tolk for å skjønne informasjonen som blir gjeve. Helsepersonell må sikre seg at pasienten forstår innhaldet i informasjonen som er gitt.

Samtykkekompetanse krev at pasienten forstår relevant informasjon. Pasienten må vidare anerkjenne informasjonen i sin situasjon. Pasienten må kunne resonnere med relevant informasjon og kunne utrykke eit val basert på dette. Den som gir helsehjelp, må vurdere om pasienten har samtykkekompetanse.

Samtykkekompetanse må vurderast i kvar einskild situasjon. Ein pasient kan til dømes samtykke til stell og pleie sjølv om han manglar samtykkekompetanse til kreftbehandling. Samtykkekompetanse kan variere, og ein pasient kan gjennvinne samtykkekompetansen. Eit døme på dette er ein pasient som får eit delir i samband med innlegging i sjukehus, men som klarnar opp etter vellukka behandling. Ved tvil om pasienten er samtykkekompetent, skal ein felle i retning av at pasienten er samtykkekompetent.

Det er ikkje krav at eit samtykke er skriftleg. Samtykke kan bli gitt munnleg eller stilltiande. Dersom pasienten knappar opp skjorta når legen finn fram stetoskopet er det eit samtykke. Dersom ein pasient svelger tablettane etter å ha fått naudsynt informasjon, er dette eit samtykke. Foreldre har rett til å samtykke til helsehjelp for born. Foreldre kan også samtykke til helsehjelp for ungdom som ikkje har samtykkekompetanse.

Pårørande kan ikkje samtykke til helsehjelp for personar over 18 år som manglar samtykkekompetanse. Helsepersonell avgjer om ein skal gi helsehjelp som er av lite inngripande karakter. Helsepersonell kan gi helsehjelp av meir omfattande art etter samråd med anna helsepersonell om det er i pasienten si interesse. Der det er mogeleg skal ein hente inn informasjon frå pårørande om kva pasienten ville ha ønska. Det er likevel eit krav om antatt samtykke. Det er dette pasienten hadde ønska dersom pasienten hadde hatt samtykkekompetanse.

Vi gjer desse vurderingane heile tida når vi møter pasientar. Guten med øyreverk som er på legekontoret har ikkje samtykkekompetanse. Mor held eit godt tak rundt sonen slik at legen kan kikke på trommehinna. Kokken som har vore uheldig med kniven har samtykkekompetanse. Han legg handa på bordet slikt at legen kan bedøve og sy eit par sting. Den gamle dama frå Pakistan har aldri lært seg godt norsk. No er ho lagt inn med eit hjarteinfarkt. Når tolken forklarar henne om tette blodårer til hjartemuskelen, kan ho samtykke til angiografi. Dama med langtkommen Alzheimers demens har ikkje lenger samtykkekompetanse til helsehjelp. Ho drar likevel opp ermet på genseren for å ta blodprøve. Sjukeheimslegen kan finne riktig marevandose så hjarteklaffen ikkje går tett. Eg pleier ofte spørje om eg får lov til å lytte på hjarta til pasienten. Oftast tar pasienten av genseren eller knappar opp skjorta. Av og til får eg eit undrande spørsmål tilbake. Er det ikkje derfor eg er her? Har eg lov til å nekte? Ein sjeldan gong seier pasienten nei, meg får du ikkje lytte på. Då blir det ingen lytting den dagen. Stort sett går det heilt greit.

Under visse vilkår kan ein gi helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa. Det kan vere både forebygging, diagnostikk og behandling, men også pleie- og omsorg. Det er likevel ikkje all helsehjelp ein kan gi til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp. Det er eit vilkår at helsehjelpa er naudsynt for å hindre vesentleg helseskade. Denne helsehjelpa er regulert i §4A i lov om pasientrettar.

Før ein gjer vedtak om tvungen helsehjelp, må ein prøve tillitsskapande tiltak. Helsepersonell som kjenner pasienten vil lettare kunne gi helsehjelp utan at pasienten gjer motstand. Pasienten vil ofte vere meir komfortabel med- og ha større tillit til kjent personell. Personell som kjenner pasienten har ofte kunnskap om korleis pasienten kan motiverast til å ta i mot helsehjelpa. Bruk god tid når det er mogeleg. Forklar pasienten kvifor helsehjelpa er naudsynt. Samarbeid med pårørande kan vere nyttig for å unngå motstand. Dersom pasienten har motivasjon til å gjennomføre noko av helsehjelpa, men ikkje alt på ein gong, bør ein vurdere om helsehjelpa kan doserast i porsjonar som er tilpassa motivasjonen.

Som sjukehuslege står ein i slike situasjonar ofte. Pasienten er utan samtykkekompetanse på grunn av akutt sjukdom. Ein kjenner ikkje pasienten, og behandlinga er tidskritisk. Som fastlege kjenner ein pasienten over tid. Pasienten stolar på fastlegen. Tilliten kan vere til stades sjølv om samtykkekompetansen ikkje er det. Fast-legen veit kva haldningar pasienten hadde medan han endå var samtykkekompetent. Basert på dette kan ein gi god helsehjelp med respekt for pasienten sin fysiske og psykiske integritet.