Betraktning

‘Saman er ein mindre åleine’

– kan ein kommuneoverlege overleva pandemien?

Teamsmøte

Gerd Signy Omland

Kommuneoverlege i Hå kommune

gerdsigny@hotmail.com

Boka med denne tittelen av Anna Gavalda er eit uttrykk eg har hatt i bakhovudet sidan eg las ho fyrste gong rundt 2008. Ei sjølvsagt og enkel utsegn, men likevel forløysande livsvisdom i mang ei tung stund. Om det er få andre parallellar å dra frå den litt rufsete gjengen i Paris til kommuneoverlegekollegaene mine og andre kollegaer i Sør-Rogaland, står overskrifta like støtt som overskrift for pandemifasen.

Midt i mars 2021, etter eitt år med ein svært annleis kvardag, kjenner eg på håp om at det verkeleg er dei siste motbakkane me er inne i. For meg, som for andre i same stilling, er dette ei rolle der arbeidstid og fritid med jamne mellomrom flyt litt over i kvarandre. Når lokalavisa etter kvart ringer jamnleg midt i middagen, tiåringen svarer og endåtil får utsegna si på trykk, blir grensene litt vel lause. Likevel er frustrasjonane rundt informasjon, vaksinering og naudsynte små og store restriksjonar noko eg ikkje har lyst til å rette merksemda mot her. På alle nivå er det alltid ting som kunne vore betre, det gjeld òg min organisasjon, kommune og region. Eg har lyst til å ytra meg om kva som for meg har gjort at eg, trass i eit år med pandemi, framleis tenkjer at det å vera kommuneoverlege i ein middels stor norsk kommune er draumejobben. I all hovudsak handlar det om folk og fellesskap på ulike nivå.

Eg likar meg godt i fjellet, og prøver å ha ein tursekk førebudd på det meste når familien skal ut på ymse ekspedisjonar.

Frå eg oppdaga samfunnsmedisin som fag, har eg prøvd å fylla på erfaringssekken min slik at eg skal kunna vera rusta for det som måtte dukka opp. Å ikkje leggja ut på langtur utan trening er eit godt råd. Til ei kvar tid er det likevel lite som er sikrare enn at nye kriser vil koma, og at dei ikkje vil vera heilt like noko ein har vore borti før. I sekken min har eg mangt og mykje av kursing og spesialisering. Alt dette har gitt meg god kunnskap og ballast, ikkje minst til å vita kvar eg skal leita når eg ikkje veit svaret sjølv. Gode kart og kompass i ein uoversiktleg kvardag. Det viktigaste for meg har vore å få «lytta til erfarne fjellfolk», både i utdanningssamanheng og i min eigen kommune. Frå 2006 og til eg overtok som kommuneoverlege i 2016 fekk eg testa meg ut i ulike leiarfunksjonar og samfunnsmedisinske roller under trygg rettleiing av min forgjengar. Ein av dei andre eg har kunna nyta godt av i min «kommuneoverlegeoppvekst» har som pensjonert fastlege vore supersmittesporar nærast på heiltid.

I tillegg er fjellvettregelen å ikkje gå åleine – noko som for meg vert stadig viktigare. Her er eg heldig å ha mange å gå ilag med.

I Hå kommune der eg er «heime» er kommuneoverlegen einingsleiar for legetenestene, legevakt, fengselshelse, fysioterapi, ergoterapi, friskliv og folkehelse. Når kommuneoverlegedelen av kombistillinga mi skal dekkja opp for alt som pandemien fører med seg, er det vanskeleg å vera ein til dagleg nærværande leiar. Det er gull verdt å ha ei slik god gruppe som me har, med ansvarsfulle tilsette som tek alle sine oppgåver på strak arm, svarer ja med ein gong på spørsmål om å ta andre oppgåver for ei stund, og samvitsfullt set seg inn i korleis dei best kan løysa oppgåvene sine. Fastlegekontoret der eg sjølv har lista mi er plassen eg kan gå innom og dela ein kaffi og ein god latter over meiningslause trivialiteter midt i dei verste stormane.

Mitt neste fellesskapsnivå er leiargruppa til kommunalsjef for helse- og sosialsaker. I ei kommunal leiargruppe med avgrensa budsjett er det alltid fare for at alle vil ha mest til seg. I mitt leiarforum opplever eg stor fridom til at me kan drøfta utfordringar og saman diskutera oss fram til gode løysingar. Me var i fjor vår heldige og hadde lite smitte i vår kommune. Me har hatt nokre toppar utetter hausten, men har då kunna lena oss på rutinane me fekk snekra saman i starten av pandemien.

Hå kommune har desentralisert administrasjon, og kommuneoverlegen sitt kontor er ikkje på rådhuset. Eg treff difor ikkje til dagleg andre deler av administrasjonen i kantina. Fordi eg er litt «systemnerd», likar eg å delta på tverrfaglege møter i den grad tida strekk til. Eg er ikkje ærleg om eg påstår at alt eg er med på til ei kvar tid kjennest like meiningsfullt. Likevel har det å kjenna kommunen vore grunnleggjande for å få til gode løysingar gjennom det siste året. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Vår kommunedirektør og ordfører er lydhøyre og interesserte i alle deler av ei sak. Eg må ikkje kjempa for å få gehør for mine smittevernfaglege råd. Me har vore skåna for store utbrot i opplæringssektoren så langt, men me har hatt nokre tilfelle av smitte på ungdomsskule og vidaregåande skule. Med ei kort og lite vellukka karriere som vikarlærar er ikkje eg eksperten på korleis skule kan drivast forsvarleg. Avgjerdene som må takast er aldri utan ulemper. Når me som har ulike ansvarsområde finn i lag og kommuniserer ut felles, står me sterkare. Særleg har det å ha gode folk på kommunikasjon ut, og bistand til informasjonsformidling vore ein styrke. Eg har snakka med mange i kommunen til alle døgnets tider, men samtalane vert alltid opna med «passer det for deg?» eller «beklagar å måtta bry deg no».

Geografisk er jærkommunane så nære og samanvevde at personar utanfrå nok slit med å forstå kvifor dette ikkje er ein kommune og eitt legevaktsområde. Politiske prosessar har eg stor respekt for. Når det hastar er likevel jærkommunane gode til å snu seg rundt. På ei helg vart det etablert felles test- og luftvegslegevaktsenter for fem kommunar med rundt 140000 innbyggjarar på Klepp. Dette har gitt ein skalerbar testkapasitet som har tatt unna for alle toppane me har vore gjennom så langt. Personar med behov for testing har stort sett fått time neste dag, og med få unntak har mikrobiologisk avdeling gitt oss svar innan 24 timar. Alle nærkontaktar har vorte testa med det same og på dag 7. Informasjon er vorte samkøyrt og kommunisert ut, og gitt tryggleik for innbyggjarane om kva som gjeld hos oss.

Koronaklare

Det aller viktigaste for meg gjennom dette året, er samarbeidet mellom oss kommuneoverlegar i nabokommunane og helseregionen. Det tenkjer eg me må byggja vidare på når dette er over. Kommuneoverlegerolla kan verta ein einsam posisjon. Særleg om ein opplever seg i kamp med kommunen sin. Det gjer ikkje eg, men det er mange avgjerder som må takast under tvil, så det å vera samkøyrd med kollegaer er svært verdifullt. I dei tre jærkommunane hadde me tre relativt nytilsette etablert eit forum med treff om lag ein gong i månaden. Dette samarbeidet har me no tatt til eit heilt anna nivå, sjølv om det berre er unntaksvis me har kunna treffast fysisk det siste året. I samband med oppretting av felles testsenter og luftvegslegevakt etablerte me felles kommuneoverlegevakt for kommunane Sandnes, Klepp, Time, Hå og Gjesdal. Denne vaktordninga tek imot meldingar om positive prøvar, gjer ei fyrste kartlegging og melder vidare til smittesporing i dei ulike samarbeidskommunane. Den fungerer òg som bakvakt for luftvegslegevakta ved ymse spørsmål. Utan ei vaktordning ville ferieavvikling og fri på kveldar og helger vore uråd. I tillegg har det sikra felles forståing av rutinar og tette linjer for å avdekkja lenker i smittetrådane mellom dei ulike kommunane. Kvar veke har me treftest på Teams og gått gjennom smått og stort av det som er nytt for siste veke. Å lytta til anekdotar frå ulike kommuneoverlegeepokar er òg noko me gjerne tek oss tid til. Ein skal ikkje kimsa av eit godt sidespor. Feiringa me skal ha når dette er over og me endeleg kan treffast fysisk, får stadig nye element av absurd karakter. Me har hatt hyppig e-postkontakt og delt kvarandre sine rutinar og tilrådingar. Hastar det endå meir, er ingen av kollegaene meir enn ein telefon unna.

Sist, men ikkje minst, vil eg halda fram det regionale samarbeidet i regionen kring Helse Stavanger.

Kvar onsdag gjennom pandemien har smittevernlegar i regionen, beredskap, avdeling for medisinsk mikrobiologi ved Stavanger Universitetssjukehus, representantar frå Statsforvaltaren og andre aktørar som eventuelt skulle vera aktuelle hatt felles forum for gjennomgang av smittesituasjonen, drøfting av aktuelle tema og samkøyring. Då det drog seg til rundt juletider, tok Hans Petter Torvik, kommuneoverlege i Sandnes og leiar for fagrådet mellom helseforetaket og kommunane, initiativ til daglege meir uformelle kveldsmøter. På desse møta har ein frå dag til dag kunna fylgja smittetrådane i regionen og oppklara dei dagsaktuelle problemstillingane. Bu- og arbeidsregionen frå Stavanger og sørover er tett samanvevd.

Det eg sit att med som hovudinntrykk, og det eg ynskjer å prioritera i tida som kjem etter pandemien kan altså oppsummerast i eit ord: fellesskapet. Det å vera forlikt med mine kvardagskollegaer og kommunen min. Å kunna bidra til læring for yngre kollegaer, arbeida for gode vilkår og vaktordningar for kommuneoverlegar i framtida, og ikkje minst prioritera tid til formelle og uformelle treff i ein travel kvardag. Med eit godt samfunnsmedisinsk nettverk i bakhand handterer ein kva som enn måtte koma av nye bølger.