Faggrupper

Faggruppen medisinsk uforklarte plager og symptomer, MUPS

Ingjerd Helene Jøssang

Fastlege på Rennesøy

MUPS er eit område der allmennlegane er dei fremste spesialistane. Dette er langvarige tilstander kor vi ikkje finn ei klar, objektiv medisinsk årsak, og som ofte gir funksjonsnedsetting. Faggruppa arbeider for å skaffa og spreia kunnskap, haldningar og arbeidsrutinar knytt til desse tilstandane. Vi legg vekt på at dei er meir eller mindre uforklarte, men ikkje på nokon måte «uforklarlege». Det finst mykje forsk-ingsbasert kunnskap på området som er viktig å gjera kjend.

Dei siste åra har det å arrangera kurs vore den viktigaste arena for formidling av kunnskapen vår om MUPS. Dei to siste kursa har vore fullbooka, og vi har opplevd stort engasjement i diskusjonar og dialog rundt temaet.

Medlemmer frå gruppa har vore NFA sine representantar i mellom anna Nasjonalt nettverk for langvarig utmatting av uklar årsak, og vi tek nå del i Helsedirektoratet si ekspertgruppe i arbeidet med pakkeforløp for langvarig utmatting av uklar årsak, inkludert CFS/ME. Nokre av oss har og blitt invitert til rettleiingsgrupper og smågrupper der temaet har vore MUPS, eller bidrege med relevante tips om artiklar til gruppene.

Nettsida er for tida under oppdatering. Her kan de blant anna finna vitskapelige artiklar om MUPS skreve av medlemmer frå gruppa, artiklar frå media, doktorgradsavhandling og link til undervisningsfilm om MUPS.

Gruppa har i dag 11 medlemmer: Aase Aamland, Stein Nilsen, Peter Prydz, Lars Tore Nerbøvik, Kirsti Malterud, May-Lill Johansen, Ingjerd Helene Jøssang (leder), Peter Christersson, Kaveh Rashidi, Ingunn Leeber og Cathrine Abrahamsen.

Vi vil gjerne ha med fleire medlemmer!