Med 10-kilos mobil, gonoré-krøll og snill ØNH-lege: Distriktslege i Bygland i 1970- og 80-åra
I dei fire Setesdals-kommunane med 8000 innbyggarar – og 18 mil frå sør til nord – var det til saman 4,5 legestilling då eg som 29-åring begynte som einelege i Bygland kommune i 1977. I dag arbeider det 12 legar i Setesdal.
Pensjonert kommuneoverlege og allmennlege, men fortsatt ofte vikar i grannekommunar. Er i tillegg leiar i Setesdal Sogelag

Vidar Toreid i dag, men med mobil og batteri frå 1979
Etter utdanning ved Háskóli Íslands og turnusteneste i Odda og Jondal i Hardanger ville me kome nærare familie på Rjukan, og samstundes syte for at borna kunne vekse opp i eit lite bygdemiljø med rike kulturtradisjonar og nynorsk som skulemål.
Helsesyster var og jordmor, heimesjukepleiar og legesekretær
Somme klagar over at det er for mykje offentleg byråkrati, men dei færraste ville vel ynskje seg tilbake til 1970-åra. Utanom sjukeheimen var Birgit Bygland einaste faste sjukepleiar i kommunen. I tillegg til helsesyster var ho og jordmor, heimesjukepleiar og legesekretær. Mellom venterom og legekontor var det eit lite avkledningsrom (frå den tida det var vanleg med kvardagsstakk, som tok tid å få av og på), dette romet blei no lab og resepsjon.
På sosialkontoret var sosialsjef Erik Langfeldt åleine, men klarte likevel å engasjere seg sterkt for dei mest ressurssvake. Me samarbeidde godt om meir samansette familieproblem. Då ein vaksen son som budde åleine med mor si, nekta broren å kome heim, fekk me til ein skriftleg avtale om når og kor lenge broren kunne vere heime, noko som fungerte i fleire år.
Bortkasta konsulent
Først i 80-åra fekk kommunen sin første rådmann, Ola Tolstad. Han og sosialsjefen var tidleg ute med datateknikk og internett og fekk fram statistikk som synte at det kom til å bli ein stor nedgang i talet på eldre over 80 år frå 2000 og utover. Dermed blei det mindre trong for sjukeheimsplassar fram til 2025. Nokre år seinare engasjerte ein ny rådmann eit ikkje heilt gratis konsulentfirma – som berre kom fram til same konklusjon.
Frå einelege til turnusrettleiar
Eg var einaste lege i kommunen dei første to åra, men fann så ut at einlegepraksis var ein lite tilfredsstillande arbeidsmåte og søkte derfor om turnuslege. Seinare hadde eg i legepraksisen nærare førti turnuslegar og etter kvart også mange legestudentar. Dei kom med verdifulle impulsar frå studiet og sjukehustenesta. Eg la merke til at dei som hadde hatt praksis på psykiatrisk avdeling, i langt større grad tok psykiske og sosiale faktorar med i vurderinga av somatiske plager. Dei hadde ikkje så lett for straks å tenke på henvisning til somatisk spesialundersøking.
Fullkomen legevakt på telefonsentralen
Legevakt vart på den tida sett på som ei uløna plikt for distriktslegar, med jamnleg vakt alle kvardagar, men avtale med grannelegane i Valle og Bykle om fri einskilde helger. Dei to søstrene ved den manuelle telefonsentralen fungerte perfekt heile døgnet som samband mellom pasient og vaktlege. Dersom nokon på Ose ringte, kunne dei opplyse pasienten om at doktoren no var på Hedde, men at dei skulle ringe dit og be han kome innom Ose på heimvegen..

«På sykkel med mobil i sekken». Måleri av Mona Ida Håvorstad Frøysnes, var 50-årsgåve frå pasientar.
Mobiltelefon på ti kilo
I 1979 fekk ambulansen, elektrikaren og eg dei første mobiltelefonane i Bygland. Kvar av oss betalte privat 16 000 kroner (som i dag kanskje ville tilsvare 60 000). Den tids mobiltelefon måtte ladast på nytt etter få timar, slik at ladaren på fire kilo måtte takast med på lengre sjukebesøk og ladast heime hjå folk. Sjølve mobilen vog 6,5 kilo, altså til saman over ti kilo!
Ungane på den tida tykte visst det var merkeleg når doktaren sykla eller gjekk skirenn med mobiltelefon som hadde lang antenne stikkande ut frå ryggsekken. Det er litt forskjell frå dagens ungdom som heller ser det som utenkjeleg å ikkje ha med mobilen overalt (kanskje somme trur dei kan få alvorlege abstinenssymptom om dei blir nekta å bruke telefonen på skulen….).
«Kjønnskvotering» i helserådet – ei kvinne av sju!
Helserådet var den gongen det lovbestemte organet som skulle kome med krav og pålegg for å sikre innbyggarane mot alle former for helseskadelege påverknader og tilhøve. I dette organet skulle distriktslegen vere leiar («helserådsordførar»), medan dei andre medlemene var folkevalde.
Etter lova skulle det alltid vere ei kvinne med i helserådet – kanskje det første dømet på kjønnskvotering i Noreg? I Bygland var tradisjonelt heile formannskapet med ordførar Knut P. Sandnes i brodden valt til helseråd, men i formannskapet hadde det i Bygland aldri vore ei kvinne. Sjukeheimsstyrarinna vart difor vald i tillegg til distriktslegen og dei fem i formannskapet. – Men seks år seinare kom den store kvinnerevolusjonen i Bygland, då fire av fem formannnskapsmedlemer (medrekna ordførar) var kvinner!
Når formannskapet også var med i helserådet, sikra det at krav og pålegg til kommunale bygg og tiltak raskt vart sette i gang, anten det galdt opprusting av bassenget eller kjøkkenet på skulen og på sjukeheimen, rotteutrydding på søppelplassen, innfanging av heimlause kattar i byggefelta eller innføring av tvungen renovasjon (enkelte grunneigarar gav berre motvillig slepp på sitt private søppeldeponi). Ein fekk og vegvesenet til å gå bort frå MCPA-giftsprøyting i vegkantane, det blei i staden manuell rydding, og markblomane kom tilbake.
Røykeforviklingar
Elles var heile helserådet ute på mange inspeksjonar av matserveringsstader, butikkar og campingplassar. Det vart vedteke å forby folk å ta med hund eller katt inn i butikkar, men med røykerestriksjonar kom ein i 80-åra ikkje lenger enn til å nekte røyking i hovuddelen av ein butikk eller kafé, men tillate røyking ved eit bord nær utgangen. Ingen hadde vel då drøymt om at haldningane på få år skulle snu slik at det blei sjølvsagt å gå ut for å røyke, jamvel heime hjå folk.
Barnehagane skulle også den gongen ha røykeforbod innandørs, og nokre av personalet bad då om at det inste romet ikkje skulle definerast som ein del av barnehagen. Dei meinte at det ville bli sjenerande røyklukt av kleda om dei ikkje fekk røyke inne (!). Dette virka uforståeleg med det første, men forklaringa var at fire personar elles sat ute i same bilen og røykte!
Liknande forsøk på omdefinering av eit rom fekk ein og døme på seinare, då rådmannen kravde å få lov til å røyke på kontoret sitt, sidan dette formelt sett ikkje var eigd av kommunen, men av A.S. Bankbygg! -Det måtte eit kommunestyrevedtak til for å få røykfritt rådhus.
Språkforviklingar
Setesdalsdialekten er gammal og særmerkt, og ikkje alle ord er umiddelbart lett forståelege for folk utanfrå. Eg laga derfor ein anatomisk plansje som gjorde det mykje lettare for turnuslegane når dei skulle kommunisere med eldre byglendingar (sjå bilete under).
Sjølv er eg oppvaksen i grannekommunen Valle og hadde sjølv derfor ingen problem med dialektord. Eg fekk derimot vanskar med språkforståing då ei ung jente kom på kontoret og klaga over «vondt i magen». Ho blei fortvila då eg spurde om matvaner og psykisk stress, og det tok ei tid før eg skjønte at dette måtte dreie seg om menssmerter, som ho ikkje hadde andre ord for. Også på andre måtar synte det seg at elevane hadde stort behov for helseopplysning, og me kom snart i gang med klasseundervisning der distriktslegen deltok saman med helsesøster eller turnuslege.

Setesdalske lekamsdelar – til hjelp for turnuslegar.
Gonoré-forviklingar
Det var i alle år seinare eit godt samarbeid med lærarane om undervisning i klassane, med særleg fokus på personleg hygiene, kosthald, tobakk, rusmiddell og seksualopplysning.
Nokre dagar etter at me hadde hatt ein skuletime om kjønnssjukdommar, kom ei femten år gammal jente på kontoret og lurte på om ho hadde «gnore». Eg skjønte ikkje straks kva ho meinte, men kom så på at eg i timen hadde nemnt Helsedirektoratets dåverande kampanje for å oppdage og forebygge gonoré, som var ganske vanleg i Noreg på den tida. Eg hadde synt fram plakaten med ein stor halvmåne og teksta «I natt får 36 nordmenn gonorré» (sjå bilete under).
Men eg hadde tydelegvis vore for einsidig opptatt av symptoma ved sjukdommen og tatt for lett på smittemåten. Den stakkars jenta hadde jo på ingen måte vore i ein situasjon der ho kunne ha blitt smitta, og no kunne ho i staden få enkle råd mot vanlege underlivsplager…

Den klassiske gonoréplakaten frå 80-åra, no vist på veggen i NRK-serien «Allerud vgs».
Ektepar med «felles førarkort»
I grisgrendte strok er ein heilt avhengig av bil og førarkort, noko som gjorde at ein måtte vere kreativ i helseerklæringa som på den tida måtte oppbevarast saman med førarkortet. Her kunne eg til dømes skrive at førarkortet berre var gyldig frå sidedalen pasienten budde på og ned til sentrum Men så var det eit ektepar som klarte seg fint når den demente mannen køyrde og den funksjonshemma, men hjernefriske kona sat ved sidan av og kunne gje fortløpande ordre om kvar han skulle køyre (som GPS i moderne tid). Heldigvis slutta han å køyre før han måtte ha ny legeattest til førarkortet…

Trolldeigbilete laga av Berit Løvland. Det har påskriften «Distriktslækjaren på vakt 17. mai».
Alle bønder hørselskadde
Tidleg i 1980-åra var eg med og starta Setesdal bedriftshelseneste, der både private og offentlege bedrifter var med. Bøndene var og interesserte, så eg gav tilbod om helseteneste til begge ektefeller på garden. Det var skummelt at absolutt alle mannfolka hadde til dels alvorleg hørselskade, men berre ei av konene. Så synte det seg at ho var den einaste kona som hadde drive aktivt skogsarbeid med motorsag, men både ho og mennene hadde brukt utilfredsstillande hørselvern, noko som heldigvis kunne rettast på for framtida.
Den omsynsfulle ØNH-legen
Aust-Agder Sentralsjukehus i Arendal hadde i 1980 og 1990-åra eit eineståande tilbod til allmennlegane i fylket. Alle kunne etter ein fast oppsett turnusordning hospitere ei veke om hausten og ei veke om våren, slik at kvar av oss etter fire år hadde gjort seg kjend med alle avdelingane.
Året før eg hospiterte på ØNH-avdelinga, hadde eg blitt operert for ein parotistumor og fekk tilsendt epikrise med diagnosen «Tumor benignum glandulae parotidea». Då eg så hospiterte på avdelinga, bad eg om lov til å lese heile journalen, og der stod det «Tumor malignum glandulae parotidea». Eg spurde overlegen om kva denne diskrepansen kom av, og han svarte at denne tumoren formelt sett var klassifisert som vondarta, men metastaserte svært sjeldan, og at han berre ville at eg ikkje skulle bekymre meg unødig. – Hadde vel knapt vore mogleg i dag?
Sjukebesøksstev
Setesdal er kjend for å ta vare på stevtradisjonane sine og vidareføre dei, og folkemusikken i Setesdal kom før jol inn på Unescos verdsarvliste for immateriell kulturarv. Eg vil derfor avslutte med eit stev som pleiemedhjelpar Astrid Moi kvod for meg under ei tilstelning på sjukeheimen då eg fylte 40 år (i gamle dagar var det fint skiføre på det jordet mellom bustaden min og Byglandsheimen):
Frå doktargarden til okk her ute
der syklar Vidar om regnet sprute
om vetren tek han den beine lei
som om han var på den vidde hei.