Utbrot av covid-19 i ei bedrift

Luftfoto av Osterøy og Sørfjorden, fra sør mot nord.
Foto: Wikimedia Commons
Omringa av tre fjordar ligg Osterøy med sine 8100 innbyggjarar. Kommunen grenser til Bergen, Alver og Vaksdal, og det er fastlandsforbindelse gjennom bru og ferje. Osterøy har eit mangfaldig næringsliv med mange små og mellomstore bedrifter, og mange pendlar både til og frå øya på jobb.
Det var på ei av dei største bedriftene me fekk eit utbrot av covid-19 – ei fiskeforedlingsbedrift med 150 tilsette. Ein god del av dei tilsette var innbyggjarar i kommunen, men fleire budde i tilgrensande kommunar, og det var mange ulike nasjonalitetar. Til saman vart det avdekka 44 tilfelle av covid-19 i samband med utbrotet, og dei fleste av desse var busett på Osterøy. Me har til no berre sett at nære i husstanden vart smitta. I løpet av komande veke er sannsynlegvis alle ute av isolasjon. Ingen har vore svært alvorleg sjuk, og ingen er vorte innlagt i sjukehus.
Me starta testing på denne bedrifta etter at HR-ansvarleg tok kontakt med meg som smittevernlege, fordi unormalt mange på same avdeling var sjuke samtidig. Symptoma var diffuse eller milde, og ein god del hadde ikkje akutt luftvegsinfeksjon med feber eller hoste. Dei fyrste som meldte seg sjuke i bedrifta hadde sjølv oppsøkt helsetenesta der dei budde og bede om å bli testa, men vart avvist for testing i sin heimkommune sidan dei ikkje var innanfor kriteriene.
Me hadde fått litt tid på oss i kommunen sidan me lenge var utan positive tilfelle. Koronatelefonen var i gang, og underteikna saman med helsesjukepleierar hadde danna eit koronateam. Det var onsdag før påske og eg gleda meg til litt ferie. På formiddagen fekk eg meldt to positive koronatestar. Begge jobba i denne bedrifta. Eg byrja ringe rundt, men forstod raskt at vi stod overfor eit omfattande og tidkrevjande arbeid. Heile koronateamet vart kalla attende frå påskeferien for vidare testing og smitteoppsporing.
Helsesjukepleiarane gjorde ein fantastisk jobb, og saman fekk me etter kvart oversikt og kontroll. Nabokommunar vart oppmoda om å teste sjuke tilsette frå denne bedrifta. Alle med symptom vart satt i isolasjon og nærkontaktar i karantene. Smitteoppsporingssamtalane vart ekstra utfordrande grunna mange nasjonalitetar og ulike norsk- og engelskkunnskapar. Me såg eit mønster på at smitta hadde spreidd seg raskt i dei avdelingane med tettast fysisk kontakt.
Ei av mine viktigaste arbeidsoppgåver som smittevernlege var å gå i tett dialog med bedrifta. Gjennom videomøter, telefonar og skriftleg korrespondanse vart samarbeidet godt. Bedrifta kunne ikkje opne opp for produksjon så lenge me ikkje hadde oversikt eller kontroll over utbrotet. Dette kom me fram til i samråd med konsernleiinga, og det vart ikkje nødvendig med pålegg. Det vart satt i verk ulike tiltak for å betre smittevernet, både fysisk og i form av informasjon og undervisning tilpassa den enkelte tilsette.
Eg orienterte kriseleiinga i kommunen kontinuerleg og hadde tett dialog med både Fylkesmannen og FHI heilt frå starten. Arbeidet har vore svært interessant. Eg har fått ny kunnskap om privat og offentleg sektor og lært ein del om fiske-foredling. No står det berre att å få eit godt digitalt verktøy for smitteoppsporing, samt å kunne sende MSIS-melding elektronisk!
Tips ved utbrot i ei bedrift
Det er viktig å ha oversikt over bedriftene i egen kommune.
Bedriftene må vite kven i kommunen dei kan ta kontakt med for rådgjeving.
Test utanfor kriteriene og ha låg terskel for testing om ein mistenker utbrot.
Ring Fylkesmannen og FHI for å informere og diskutere råda ein gir ut ved eit utbrot.
Sjekk at du har tilgangar som fungerer til CIM/Vesuv for å varsle om utbrotet også der.
Opprett kontakt med nabokommunar dersom tilsette bur i ulike kommunar.