Betraktning

Husmorferievikar i Herøy

Ein nobelprisvinnar og kona til ein verdskjent dramatikar vaks opp i denne kommunen. Turistane strøymer dit i hopetal, men legane har ikkje vore lette å lokke.

Marit Tuv

Utpostens redaksjon

«Vi er sjølve våre beste vikarar!» Orda til fastlegekollega Marit Karlsen svirra i bakhovudet då kommuneoverlegen i Herøy spurte om eg kunne trå til ei veke i september. Dialekta hennar peika mot Sunnmøre ein stad, om lag seks timar i bil frå Valdres – kort nok til å vere overkomeleg og langt nok til at husarbeidet både på jobb og heime ville vere gløymt for ei stund.

Haustnatta på Vestlandet helsa regntungt, men friskt velkomen. Den nye dagen baud på sol, cappuccino frå kafeen på hjørnet, ein blid gjeng på legekontoret og eit ukjent journalsystem. Sjukdomspanoramaet var kjent, men ansikta nye, målet vakkert og sjeldan til å misforstå. Takken sat laust og tilliten fast. Blant slike menneske er det fint å vere lege.

I skrivande stund er 78 stillingar i allmennmedisin ute på legejobber.no. I tillegg kjem heimlane som har vore utlyste fleire gonger utan hell – slik som i Herøy. Fleire pasientar i øykommunen har over tid mangla det knutepunktet som ein fast lege representerer. Saknet var tydeleg i auge og ord. Slik viser den nasjonale rekrutteringskrisa i fastlegeordninga sitt sanne ansikt.

Øyene og bruene mellom dei huser nær 9000 menneske. Havet står tett på vindauga og livet, og gjer Herøy til ein av dei viktigaste fiskerikommunane i landet. Reiarnæringa er sterk og husa velhaldne. Kommunesenteret Fosnavåg kan skilte med brusteinsgater, god mat, stort badeland og djupraude solnedgangar.

Best kjent er øya Runde. I hekkesesongen får dei omkring hundre fastbuande der selskap av ein halv million fuglar og tusenvis av turistar. Mindre kjent er det nok at Henrik Ibsen si Suzannah opphavleg var herøyværing, og at hjerneforskaren og nobelprisvinnaren May-Britt Moser trødde sine barnesko på desse øyene. Her kan ein slå rot og her kan ein få venger. Herøy ventar på deg!