Hva leser Lisbeth Homlong?

Hva leser du nå, Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter og seniorrådgiver i Statens Helsetilsyn?

Eg har stort sett mange bøker gåande på same tid. Eg har nettopp lese den siste romanen til Dag Solstad, Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen. Eg er generelt svært begeistra for Solstad, og denne boka skuffa heller ikkje! Eg tok meg sjølv i å le høgt undervegs. Bjørn Hansen, den tidlegare kemneren på Kongsberg, mannen som snudde ryggen til samfunnet – og det kan eg til dels forstå.

Lisbeth Homlong leser både nåtidig og klassisk skjønnlitteratur, men også faglitteratur. Den siste boken hun har lest er Dag Solstads roman «Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen».

Av meir klassiske romanar, så har eg Charles Dickens på nattbordet; A Tale of Two Cities. Den tek eg fram og koser meg med i ny og ne. Ei spennande historie frå ei dramatisk epoke i historia. Lokalisert i London og Paris, under og etter den franske revolusjon og det som skjer i kjølvatnet. Språkleg briljant. Kva meir kan du be om i eit litterært verk? Eg vender alltid tilbake til første avsnitt, som eg kan lese på nytt og på nytt; «It was the best of the times, it was the worst of times, it was the age of widsom, it was the age of foolishness ...».

Trolldomsfjellet av Thomas Mann er eit anna klassisk verk eg har liggande. I fleire år har eg prøvd å lese den ferdig, og eg gir meg ikkje! Ein nyare roman som eg har hatt gleda av å lese i seinare tid er The End of the Story av amerikanske Lydia Davis. Det er ei nydeleg, fragmentarisk historie om eit forhold som har tatt slutt, og der hovudpersonen strevar med å finne ut av kva som eigentleg skjedde og korleis ho skal finne balansen på eiga hand. På veg heim frå Nidaroskongressen, kjøpte eg elles med meg Mathias Faldbakken sin nye roman, Vi er fem. Han er ein interessant forfattar som skil seg ut frå mengda.

Hvorfor valgte du denne boka?

Etter at eg i si tid leste debutromanen hans, The Cocka Hola Company, som han skreiv under pseudonymet Abo Rasul, har eg følgd med på han. Han er original både i tema og språkføring. Og han er ein god observatør av samtida. Eg har sansen for den mørke, dystopiske tonen i bøkene hans.

Hvor leser du?

Eg kan lese kvar som helst i prinsippet. Eg har alltid ein stabel bøker på og ved sidan av nattbordet, og les ofte på senga før eg legg meg til for å sove. I stova ligg eg gjerne på sofaen og les. Eg les elles på T-banen, på kafè eller ein benk i parken. Og på flyreiser og togturar. Hovudproblemet er å få kontinuitet i lesinga oppi alt det andre som skal gjerast i kvardagen. Det får eg stort sett berre til når eg har ferie.

Hvilke bøker vil du helst lese?

Eg les helst skjønnlitteratur. Det er der eg får dei store leseopplevingane. Eg les ei salig blanding av samtidslitteratur og klassiske verk. Romanar og noveller, men også dikt. Sjølvsagt les eg også faglitteratur, men betydeleg mindre sakprosa. Ein og annan biografi hender det likevel at eg les. I kjølvatnet av metoo har eg likevel henta fram igjen Sexual Personae, skrive av feminist og provokatør Camilla Paglia. Boka er ei original framstilling av vestleg kulturhistorie, og er eit slags oppgjer med rådande feministisk tankegods og poststrukturalistisk teori. Allereie på 90-talet meinte Paglia at politisk korrekthet var i ferd med å øydelegge akademia. Etter metoo er det mykje eg har undra meg over og tenkt på når det gjeld relasjonar mellom menn og kvinner i moderne vestlege samfunn. Og eg synst Paglia skriv forløysande godt om dette temaet. Vi må alltid ha med oss at vi menneske er biologiske vesen, vi er både natur og kultur samtidig. Vi må vere audmjuke og rause med kvarandre, og ta høgde for at ingen av oss alltid handlar gjennomtenkt og rasjonelt – verken kvinner eller menn.

Har du en anbefaling til Utpostens lesere?

Alice Munro sine noveller. Alt av Ian McEwan. Det meste av Vigdis Hjort. Carl Frode Tiller er ein annan favoritt. Trilogien Innsirkling er noko av det beste norsk samtidslitteratur har å by på. I tillegg skriv han på nynorsk, noko som sjølvsagt er eit pre!