Nynorske perler
Eg har motteke stafettpinnen i Lyrikkstafetten av mi gode studievenninne frå Bergen, Gunn Mali Sund, og takkar for æra! For meg som er oppvaksen og busett i Lom ved foten av Jotunheimen, er nærleiken til fjella viktig. Det er og viktig for meg å halde i hevd dialekta mi og å ta vare på nynorsken som skriftspråk. For meg er det slik at eit dikt får ein heilt annan klang når det er skrive på nynorsk – nynorsk er eit fantastisk poetisk språk i mine øyre!
Lom og Nord-Gudbrandsdalen har oppfostra mange flotte nynorsk-forfattarar, bl.a Tor Jonsson, Olav Aukrust og Jan Magnus Bruheim, for å nemne nokre.
Eg vel fyrst å presentere eitt vers, det fyrste, av «Fjell-Norig», skrive av Loms-forfattaren Olav Aukrust.
Dette diktet kan syne noko av kjærleiken eg har til fjellet, og særleg Jotunheimen:
Fjell-Norig
«Du salme i skogen, der vindsus syng
kvar linnvers natt,
du helsing frå villmark og vegras og lyng –
stødt kjem du att.
Frå brisken den beiske og fine og stride,
frå fjellheim og viggur og vindheimar vide
kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst,
du Fjell-Norigs inste, upphavlege røyst.»
Det er likevel ein forfattar frå nabobygda, Skjåk, som har skrive det diktet som for meg betyr mest av alle dikt og som trefte meg midt i hjartet fyrste gongen eg las det, kanskje fordi det skildrar kjærleiken til eit anna menneske så sterkt og inderleg, så nake og intenst. Slik er min kjærleik til mannen min, Trond, og så sterkt er dette diktet for oss begge at vi valde å tonesetje det og syngje det til kvarandre då vi gifta oss. Forfattaren heiter Jan Magnus Bruheim, og ingen skildrar kjærleiken slik som han, her i diktet under «Var du ein sjø».
«Var du ein sjø»
Kunne eg vera jordi du går på.
Få kjenne dine fotsteg, bera di lette tyngd.
Kunne eg vera himmelen over deg
og inni din hug.
Eller vinden som får kysse deg på kinnet.
Blåse inn på blanke augo, leika med ditt hår.
Vera den blomen du plukkar
og angande bløme for deg, for deg.
Den mogne frukt millom dine lippor.
Så sælt å kjenne seg knust millom dine tenner!
Vera ein smak på di tunge,
leske deg med si hjartesaft, stille din torste.
Kunne eg vere båra som kjæler ditt lekam,
eller det varme svaberget du legg deg på etter lauget.
Ja, eller soli som brunar di hud.
Og om du var ein sjø!
Om du var ein sjø!
At eg i sæle kunne gå under
og drukne i deg!
Eg vil gjerne sende stafettpinnen vidare til mi gode venninne, Turid Svindland, ved Vinstra legekontor!