Artikler

I PRAKSIS – Jord, eld, luft og vatn

Aslak Bråtveit

I PRAKSIS Jord, eld, luft og vatn Livet fører oss inn i uventa situasjonar. Ved operasjonsbordet eller sjukesenga, bak rattet eller på ski i fjellet, brått og uventa kan vilkår skifta, kontrollen rakna. Fagkunnskap og «føre var»-tenking kjem til kort. Ei rask og uoversikteleg avgjerd må til, det kan enda med katastrofe eller meistring. Avstand mellom tap og siger er kort . Krisa møtte meg, med fare og von på same tid. Det gjekk ufortent godt, angsten etter episoden løyste seg opp i avklara lette. MATROSEN HAR NETT KASTA LOSS, tampane er skværa opp. Dokterbåten jagar over fjorden med kvitsjøen etter seg, mas.kinane rister og brøler. Inne i styrehuset sit kapteinen over instrument som gløder, grønt nett som morelden bak oss i kjølvat.net. Han stirer ut i mørkret etter andre bå.tar, over fjorden, mot øyane og inn sunda. Ein tynn lysande strek sveiper over radarg.laset og teiknar kartrelieffet. Eg informerer lågmælt om oppdraget. Gunnar har snak.ka usamanhengjande og sagt rare ting. « Du må koma, Bråtveit!» naudbad mor i te.lefonen. Me finn han ved ventebua på kaien. For.eldra er gått heim, dei litar på legen. Det er seine kvelden, overskya og mørkt. Ei lykt høgt i ein stolpe kastar gult lys over kaiut.stikkaren og bortover svarte sjøen. Ei anna lykt lyser over ventebua. Båten med sitt mannskap vert liggjande til kaien. EG GÅR FRAM og helsar på han. Me set oss på kvar vår stein og snakkar. Samtalen er springande. Tida går, motoren på båten er stogga, mannskapet ventar. Fleire emne interesserer Gunnar. Røvaren på krossen vert diskutert ei tid. Det går ein time, mest to. Eg forstår at eg ikkje kan gå frå han her. Logikken og talemåtane heng ikkje i hop. Så avsluttar eg etterkvart samtalen. «Me må reisa til sjukehuset i Stavanger», seier eg,« ver grei og kom med oss i båten». Så er det alle desse papira som må til, mi eiga undersøking og konklusjon; «Begjæ.ring om innleggelse i Psykiatrisk sykehus», tutorerklæring. Så telefon til sjukehus for å klarera innlegging. Eg lyt inn i båten og set i gong med penn, papir og telefon. Mann.skapet vert informert, stillinga forklart. Det eine brevet er ferdig og falda saman i brystlomma. Det er ingen å finna nå mid.natts bel som kan underskriva tutorerklæ- ring. Så ser eg Gunnar gå seint og målretta utetter kaiutstikkaren langs båtsida. Matrosen ropar: «Han har hoppa på sjø.en!». Eg kjem meg ut og spring frampå kaien.den. I ytre omkrins av lyskjegla, i svarte sjøen, ligg han med ryggen opp. Armane og føtene spriker ut, hovudet er under vatnet. Skal han gjera ende på seg rett opp i augo mine? På mi vakt? Det må ikkje skje! Ingen andre gjer teikn til å setja inn støytet. Etter eit par sekund er situasjonen klar og mine alternativ er enkle: skal, skal ikkje. Sukket strekker seg frå mi vanmakt mot ei All.makt. Med iskald tanke, brennande sinn og fred i sjela forlet eg skoa og det trygge un.derlag, stuper gjennom lufta og bryt ned i kaldt, mørkt vatn. Aktiveringsrusen dem.par inntrykket av væte og kulde, eg min.nest surklelydane, susinga og den mørke sjøen med lampeljoset over, glitringa på og under sjøen. Etter at eg bryt opp gjennom yta lyt eg ta nokre symjetak til før eg er framme. Til alt hell flyt han på kleda ennå. Eit par skohælar og eit uformeleg jakkeflak ligg framom meg. Eg triv han i eine foten og dreg til. Han reagerer med å koma opp med hovudet, ser meg rett inn i augo. I AUGO HANS, eit glimt av overrasking og undring, men også av noko skræmande. Er han sinna eller redd? Støkken grip i brys.tet, skal me brytast her? Er dette augne.blinken mellom tid og æve? Skal me femna einannan i angst, saman søkkja ned i mør.ket, brestande bobler i yta ei siste helsing? Eg må ta føringa, og seier så stødig og trygt eg kan at han må vera med til lands att. Han nøler, mest som han har vakna frå noko forunderleg. På ny oppmodar eg han : «Ver grei å kom med meg til lands». Så star.tar han symja med tunge, nø lande tak fram mot kaien, eg prøver støa og skuva han frametter . Kjell har funne redningsstonga. Gunnar vert fanga opp i metallbogen, Kjell dreg oppover, eg skuvar det eg maktar frå undersida . Trass i dei tunge tak minnest eg berre lette, eg har fått han til kaien, faren er nærast over! Sidan halar eg meg oppetter gamle svarte bildekk opp på kaien. Han går som i døs inn i båten. Dører vert lukka, for.tøyingane løyste. Skroget vibrerer, blåsara.ne kvin, motorane bles diselrøyk over pro.pellvatnet. Baugen svingar ut frå kaien og rundar neset og fyrlykta. Kursen er sett mot Stavanger. Me to karane er klissvåte, berre skoa mine stod att tune på land. Innleggingpa.pira har vore med på symjeturen. DET VART IKKJE SNAKKA særleg på rei.sa. Ei tid stogga tankane opp. Så starta re.prisen å gå, stemninga, stupet, vatnet, tan.ken på andre moglege utfall. Kjenslene veksla mellom lette over utfallet og til sin.ne, nå som vikar for angsten. Kleda turka litt i senn på kroppen. Matrosen hadde jus.tert opp varmen. Dampen av oss dogga vindaugo. Ambulansen stod på kaien. Båe vart med opp til sjukehuset. På samtalerommet sat sidan to våte ka.rar og såg på einannan. Etter kort tid kom psykiatrisk sjukepleiar. Ho tok mot infor.masjonen sakleg og liketil. Då det kliss.blaute innleggingsskrivet vart hala opp or brystlommen og bretta varsamt ut på bor.det, vart det stille ei tid. Eg fekk reisa heim. Han laut vera att. Formalia tilgav. var mangelfulle, fylkeslegen Narnnet er fiktivt. ASLAK BRÅTVEIT Allmennlege. Sjukelleimslege på Finnøy aslak.bratveit@gmail.com it. UTPOSTEN 5 • 2016

Denne artikkelen finnes kun som PDF

Last ned pdf