Artikler

Leder: Samhandlingsreforma så langt.

Lisbeth Homlong

Leder: Samhandlingsreforma så langt. Våren 2009 lanserte dåverande helse-og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen samhandlingsreforma. Viktige målsetningar var følgjande: fleire fastlegar, innføring av økonomiske incentiv for å stimulere kommunane til å gi betre og meir effektive helsetenester, koordinerte tenester for pasi.entar med samansette lidingar, utvikling av IKT-system for å effektivisere og kvalitets.forbetre helsetenesta -dette er saksa frå Utposten si eiga oppsummering av reforma kort tid i etterkant. Det nærmar seg no eit år sidan samhand.lingsreforma vart innført. Tida er inne for å samle røynsler og diskutere kva som fungerer og kva som fungerer mindre bra. Fleire fastlegar og satsing på IKT kan vi framleis sjå langt etter, men når det gjeld utvikling av helsetenesten elles ute i kommunene, har det mange stadar skjedd ting. I dette nummeret av Utposten har vi snakka med tre sjukeheimslegar frå ulike delar av landet om deira røynsler og refleksjonar så langt. Ei felles oppleving er at pasientane som blir behandla på korttidsplassar på sjukeheimar og intermediæravdelingar generelt er sjukare enn før. Dette krev god og effektiv informasjonsflyt mellom dei ulike tenesteytarane, noko som ikkje alltid fungerer like godt. Samstundes er både helsefagleg kompetanse og bemanning i kommunane blitt styrka. Ei viktig målsetning med reforma var å spare pengar. Å gje kommunen eit større ansvar for pasientbehandling og dermed spare sjukehusa for liggjedøgn skal ideelt sett vere kostnadseffektivt. lnformantane våre er usikre på korleis dette førebels har slått ut. Kommunene har nok enno ein meirkostnad etter innføring av reforma, men dersom tiltak blir sett inn på føre.byggjingssida, så skal det kunne gi færre sjukehusinnleggjingar og dermed lågare totaI kostnader. Åndeleg påfyll også er viktig for helsa, og mange rundt omkring i landet kan no få med seg Riksteatret sin turne med Ibsen-stykket «Fruen fra havet» -kanskje eit av dei mest tidsaktuelle stykka han har skrive. Eg hadde nyleg gleda av å sjå førpremieren og vart imponert over kor god sjølve teksten er, og kor sentralt temaet også er i vår tid og kultur, der individet står i sentrum og vi i stor grad er frie til å forme våre eigne liv. Dei vaia vi gjer i livet står sentralt i stykket, for når vi veljer noko, så veljer vi også vekk noko anna. Og kven har ikkje reflektert over korleis livet kunne ha vore dersom ein hadde valt annleis7 Stykket sin hovud.person, Ellida Wangel, sjølve frua frå havet, står midt oppe i denne eksistensielle problemstillinga. Fortida innhentar ho og ho får sjansen til å velje ein annan veg på nytt. Korleis skal ho handtere det? Sjølve framsyninga er nedstrippa og mini.malistisk, tilpassa vår samtid. Eg synast dette fungerer godt og gjer at teksten verkeleg kjem til sin rett. Dersom du må velje ein artikkel å lese i dette nummeret av Utposten, så synast eg at du skal ta deg tid til å lese denne utgåva si «Historie fra virkeligheten». Den er ikkje ekstraordinær eller eksepsjonell på nokon måte, men eg synast den illustrerer så godt kva det er som gjer fastlegekvardagen så god å vere il Det er pasientmøtet det handlar om, og det unike vindauget vi her får inn til eit menneske sitt liv. Lisbeth Homlong UTPOSTEN • 2

Denne artikkelen finnes kun som PDF

Last ned pdf