Artikler

Samtale om rusproblem med ungdom

Arve Strandheim

Samtale om rusproblem med ungdom  TEMA UNGDOMSMEDISIN Samtale om rusproblem med ungdom AV ARVE STRANDHEIM Når eg tek imot ungdom med rusproblem på BUP eller barneavdelinga, får eg inntrykk av at helsepersonell i liten grad har teke opp rusproblem med ungdomar som har vist openberre teikn på risikobruk av rusmiddel. Grunnane til at legar ikkje tek opp rusproblem med ung.dom er samansette, men uskikkerheit om korleis ein skal nærma seg emnet er ei av dei. Ei anna grunn er ei kjensle av at det ikkje nytter kva enn du gjer. Min påstand er at det er lett å snakke med ungdom om rusproblem, og at liten inn- sats i denne fasa gjer stor skilnad i livet til den enkelte. For å nærma seg eit slikt felt er det viktig å gjera tema alminneleg, og fri for moralske konfrontasjonar. Eg innleier ofte med å seie : «forskarar i Vest-Europa har vist at ungdom startar tidlegare og nytter meir rusmiddel enn før. Di for spør eg litt om det når eg snak kar med ung.dom som har samansette problem. Sy nest du det er greitt?» «Screeningdelen» av samtalen består av fem enkle spørsmål 1) Når drakk du alkohol første gong? 2) Røyker du? 3) Har du vore full? Evt. kor ofte er du full? 4) Har du nokon gong vorte bydd eller prøvd anna rusmid.del? 5) Kjenner du ungdom som bruker andre rusmiddel? «Intervensjonsdelen» startar straks: «Nemn nokre bra ting med å drikka seg full/bruke ... » Om naudsynleg lag liste for ungdomen i 2. person (t.d. : å bruke alkohol hjelper deg å slappe av ... ) «Nemn nokre mindre bra ting med å bruke ... » Lag liste også her, sett den saman med lista over gode ting, oppsummer og gje ungdomen tid til å reagere. Arve Strandheim Spesialist i allmennmedisin, fornya sist i 2002. Praksis i Asen, Levanger kommune, frå 1 1.1988. Har arbeidd i akuttpsykiatri og poliklinikk med vaksne rusmisbrukarar ved Psykiatrisk klinikk Sykehuset Levanger. Frå 2002 lege i utdanning i Barne-og ung. domspsykiatri ved Sykehuset Levanger, ungdomsteamet. Starta i 2003 med PhD-stipend frå Helse-Midt-Norge på halv tid for å arbeide med rusmiddelintokiserte ungdomar. Prøv å få ungdomen til å reflektere med lista som utgangs. punkt, og diskutere om rus har noko med plagene til ung.domen å gjera. Her har vår medisinske forståing liten verdi, det er ungdom sjølv som må trekke konklusjonane. «Helseopplysingsdelen» er problematisk i ein slik samtale. Dei moralske overtonane kan fort presse ungdamen i eit hjørne som set bom for vidare dialog, samstundes har ung.dom rett på korrekt kunnskapsbasert informasjon. Aller best er det når ungdamen verker nysgjerrig og sjølv vil vita meir. Informasjonen bør gjevast på nøytral og ikkje.personleg vis. Ofte kan ein starte med «kva som ofte skjer med folk som ... ». Det er ofte nyttig å referere til kva ekspertar eller forska rar trur eller veit om emnet. Avslutninga kan vera noko i retning av; «Eg lurer på kva du får ut av dette? Korleis heng det saman med bruken din av ... ?» «Poenget» med dette er å få fram eigenrefleksjon hos ung.domen og eigen bekymring for rusbruken. Dette er eit betre utgangspunkt for endring enn noko anna tiltak vi kjenner til. Ofte har ungdom sjølv eit overskot på bekymring og moral som berre treng å aktiverast, ikkje provoserast. Sjølv.sagt er ikkje problemet borte med dette men denne samta.len på ro-15 minutt kan danne grunnlag for fleire respekt.fulle møte i førstelina eller vidare i andrelina. Har du kommentarer, reaksjoner eller spørsmål om artikkelen 7 Inspirerer den deg til å skrive noe selv7 Ansvarlig redaktør for denne artikkelen har vært Ivar Skeie og Jannike Reymert. Kontakt ivskeie@online.no UTPOSTEN NR.4 • 2004

Denne artikkelen finnes kun som PDF

Last ned pdf