Artikler

Sluttord: L'envoi

SLUTTORD m L'envoi Fra Aequanimitas av Sir William Osler Tale ved ein farvelmiddag gitt av profesjonen i USA og Canada i New York, 2. mai 1905. «Eg er ein del av alle eg har møtt. » (I Ulysses, av Tennyson). Eg har hatt to mål i profesjonen: for det første å bli ein god klinisk lækjar. For det andre ville eg bygge opp ein stor klinikk etter tysk føredøme, ikkje slik som før her og i England. Eg har hatt tre personlege ideal. Det eine har vore å gjere dagens arbeid godt og ikkje bry meg om morgondagen. Det andre har vore å leve etter Den gylne regelen så godt eg kunne, mot kollegar og mot pasientar eg hadde ansvaret for. Det tredje har vore å dyrke såpass sinnsro at eg kunne vere audmjuk trass i framgang, at eg kunne nyte veners truskap utan ovmod, og at eg kunne vere budd når dagen med sorg og sakn kjem å møte den med eit mot som det sømer seg em mann. omsett til norsk for UTPOSTEN 1999 av Arvid Vatle UTPOSTEN NR .7/8 • 2002

Denne artikkelen finnes kun som PDF

Last ned pdf