Artikler

På Grunnfjellet Tunge dagar

ASLAK BRÅTVEIT

a På Grunnfjellet Tungedagar AV ASLAK BRÅTVEIT Kva er retninga og meininga? Eg va knar tidleg og prøver å tenkja på ingenting. Tankane mine er dystre og vonde. Eg er ei plage for familien min. Om morgonen står eg opp og sukkar, eg et maten min og sukkar, så syklar eg med sukk og tyngsle til arbeidet. Det kostar å gjennomføra dei dag.lege vanar. Vekta går ned. I magen ligg ein tung klump. Ein dag ligg eg i senga og stirer i taket. Den som berre kunne finna ein tilstand der det ikkje var tan kar eller kjens.ler lengre. Over meg ligg takplatene i firkanta mønster. Ik.kje disharmoni der, men inne i meg. «Aslak, Aslak!» det høyrest rop utefrå. Det er Per som ro.par, han høyrest veik og fortvila ut. Per er komen att frå opphald på sjukehus i Tyskland. Kreftsjukdomen har teke tak i kroppen nå. I Noreg er det ingen lækjar som kan lova han botevon. Nå er han avkrefta, har tynne armar og føter. Magen er svulmande, pusten er svekka. Draget i andletet har eldst mykje dei siste månadane. Maten må han truga i seg. Kvi for ro par han på meg? Eg d reg meg ut or senga, ha lar på meg bukse og skjorte og tuslar ned i gongen. Kor kjem ropa frå? Får gå bort til huset hans for å finna ut kva han vil. Aslak Bråtveit blastula på vårparten 1951. Mor frå kystkommune, Austre Bokn i Ryfylke. Far frå fjellbygd, Bråtveit i Suldal. Gift med Signy frå Finnøy (Ryfylke) og har budd der frå 1979. Avkom: Gut 78, gut 80 og jente 83. Turnusteneste, privat praksis, distriktslege og sidan kommunelege same stad. Spesialist i allmennpraksis frå 1986, arbeider i allmennpraksis, er tilsynslege på Finnøy sjukeheim, fast på helsestasjonen. Har arbeidd noko med /uftvegs. infeksjonar og bruk av CRP. (Fekk NSAM sin forskingspris 1997). Knytt til Inst for allmennmedisin i Bergen, de/tek i undervising av studentar på instituttet og i eigen praksis. Deltakar i MidtRyfy/ke Legegruppe frå 1979. Har utvikla eit kjær/eiks/hat tilhøve til EDB: Står alt for ofte til knea i datahengjemyra, har an. svar for program og maskinar i nettverk for helse og sosialtenesta. Stor glede av å spela kontrabass eller piano (eller gitar eller fløyte .. .) Syng i Finnøy kyrkje.kor. Les i Bibelen og møter der sterke bi/ete, frigjerande ord og stor visdom. På nippet til å hamna i Bangladesh på vegne av Santalmisjonen i 1986. I staden reiste me frå Klepp og ei lita barnegrav og returnerte til Finnøy. UTPOSTEN NR .6 • 2002 Under eit plommetre i hagen min ligg Per på albogar og kne. Han vinn ikkje opp. Andletet viser klårt fortvilinga og ne.derlaget. Han har falle fordi han ikkje har krefter til å gå. Eit par gonger har han fortalt om fall, men då har han skulda på balansen, nå er det kroppen som seier at kreftene er til ende. Så femner eg kring den sjuke kroppen, han er ikkje tung på få på førene, me held kring einannan og støar oss inn i gongen og kjellarstova hjå oss. Han har blitt skiten etter fal.let, men det er uviktig, andre tankar trykkjer oss nå. Situa.sjonen og hendinga ropar til oss at nå er det berre ei stutt tid att til Per møter døden. Til nå har vonene om betring vore blanda med motløysa, men nå er det alvor: Livet går mot slutten. Kva skal eg makta seia? Eg har inga oppmuntring å gi som kunne gi meining. Bibelen kjem fram. Dersom noko skal kunna seiast med meining så må det koma derfrå. Eg blar opp i Johannes evangliet kap 3 vers 17 «Gud sende ikkje sonen sin til verda for å døma verda , men for at verda skulle verta frelst ved han. » Eg les vida re og kjenner at eg kan lesa med ein autoritet som eg ikkje kjenner att i meg sjølv. «Den som trur på Han, vert ikkje dømd, fordi han har trutt på namnet åt Guds einborne son. » For ei trygg glede midt i fortvilinga. «Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne son. » Fortvila sanning. Me kan kalla domen ned over oss ved vår manglande tru. Så finn eg andre stader å lesa. Orda søkk inn i oss båe, me er tome og turre, har ikkje anna å koma med enn tomleik, lengt, svolt, tørste. «Dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettfer.dig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett.ferd. » Inga forklaring eller oppmoding etterpå. Me nestar saman hendene og eg ber: Eg ber for Per, for helsa hans, for motet, for framtida. Me tryglar for dagane som kjem. UTPOSTEN NR.6 • 2002, PÅ GR UN N FJELLET a Så ber Per. Han stotrar og tiggar, det er ikkje velforma ord, det er ikkje den fromme sine vendingar, men den hjelpe. lause sine sukk. Tigga ren veit han må tigga. Det stilnar att. Me har bede og gråte i lag. Eg held Per over skuldra. Eg orsakar at eg gjerne er for pågåande med å lesa og be. Han svarar med å seia gråtkvalt: «Les meir» . Så finn eg fram andre mektige tekstar frå den Gode boka. Me deler ord som talar om den miskunnsame Gud, om Kristi gjer.ning for oss. Så bed me att. Det vert etterkvart stilt, me kjenner oss opprivne og likevel tome, den kvardagslege stova, dei vanlege lydane frå borna i huset når oss. Det er ei heilag og ei kvardagsleg høgtid. Borna kjem inn og finn oss sitjande jamsides einannan ved bordet. «Kva er det de gjer? » . «Me har snakka med einan.nan. Me har lese i Bibelen, me har bede. Per er ikkje god. » Dei går ut att. Så snakkarme om helsa hans. Det er ikkje trygt for han å bu åleine lengre. Me ringjer til broren. Frå den dagen Rytter Per heim til bror sin på Øverbø. Han treng etterkvart meir og meir hjelp. Eg vitjar han ein og to gonger i veka. Så bur han ei tid hjå syster si. Ho har teke fri frå arbeidet for å stella veslebror sin. Dei er ein stor flokk, Per er vesleguten. Som liten var han svært sjuk. Då han kom seg att vart det noko særs med omsuta for han. Dei eldre syskena har hatt særs syn for at det måtte gå han godt. Seinare har eg spurt om han kunne lika å få presten på vit. jing. Eg unner han å få sakramentet og nådetilsagnet. Det er så konkret, så direkte, så kraftig og så uavhengig av mine kunstige eller manglande religiøse kjensler. I nadverden mørest Herren den allmektige og eg den veike, Han den frelsande, eg den hjelpetreng. jande. Han er den som metter, eg den som er svolten. Per tek imot Herrens kjøt og blod. Fram på sumaren kjem han i lag med syster si heim att til huset sitt. Han klarer så vidt å gå inn i gongen og opp troppene. Om natta står han opp og finn seg litt mat, han sit i vind- UTPOSTEN NR.6 • 2002 uet og ser ut. «Her er det fint, dette er heime» . Dagen etter er han rolig, sit for det meste i stolen i stova. Om ettermiddagen får han over seg eit kav, han syp etter anden, vert fjern og uvitar. Systera ringjer bort til meg og forte! at nå døyr Per. Eg ut dørene og bort i nabohuset. Han er endå i uvit, dreg tunge pustedrag, svarer ikkje på mine tilrop. Så vaknar han litt i senn til att, me har ringt etter ein bror og endå ei syster. Så sit me der , tri sysken og eg kring stolen i stova hans. Han ser på oss, «Eg døyr vist nå» . «Ja du gjer nok det, Per» . Han kjenner kva som held på å skje ... «Nå døyr eg Aslak» . «Ja, du gjer vel det» ... Han vert uklår, pus.tar tungt og sig attende i stolen. Det vert stille gråt i stova, Per er i uvit, pusten vert meir og meir som sukk. Alle ser me at nå døyr Per: «Kan du Bråtveit be Fadervår? » broren si stemme brest idet han seier det. Så held eg handa på panna til Per og bed høgt: Fader vår , du som er i himmelen, Lat namnet ditt heigast, Lat riket ditt koma Lat viljen din råda på jorda som i himmelen Gjev oss i dag vårt daglege brød og forlat oss vår skuld som me forlet våre skuld menn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde FOR RIKET ER DITT OG MAKTA OG ÆRA I ALL ÆVA AMEN. Per ligg bakover i stolen, pusten er stogga, augo er brostne.

Denne artikkelen finnes kun som PDF

Last ned pdf