Artikler

Eg syndar dagleg og fortener straff

John Nessa

syndar dagleg Eg fortener straff og AV JOHN NESSA Lat meg starte med ei anekdote frå bygda her eg bur. Dis.triktslegen var kjent for å ha eit uvanleg godt grep på folk. Alle elska han, venterommet var aldri tomt. Han blei spurt av sine kollegar om koss det kunne ha seg at alle ville til han. Han svara med å fortelje ei historie. Det var fredag kveld, og han hadde vakt i distriktet. Kona ringte på vegne av mannen. Han var så ille plaga av si ledd.gikt. Distriktslegen kjende både kona og mannen, og for.sikra om at det var lite han kunne gjere med plagene til man.nen. «Ja, vi veit det», sa kona. «Kan du ikkje likevel komme på sjukebesøk?» Han lova det. Han korn, og prata med pa.ret. Forsikra igjen om at det var lite han kunne gjere. «Ja, vi veit det» sa kona. «Kan du ikkje likevel undesøkje han?» Han gjorde det, og forsikra igjen om at det var lite han kunne gjere med tilstanden. «Ja, vi veit det», sa kona. «Kan du ikkje likevel be saman med oss?». Og så gjorde han det. Denne legen var ikkje såkalla personleg kristen. Men han var presteson. Det er interessant å reAektere over kor grensa går for vår rolle som legar når vi blir stilt overfor ei utfor.dring som dette. Er det akseptabelt, eventuelt uakseptabelt å be saman med pasienten? Er det i tråd med evidensbaserte retningslinjer å falde hendene under konsultasjonen? Eller er det det motsette, å undergrave fagets seriøsitet som vit.skapleg basert medisin? Kva demonar er det ein prøver å utdrive ved å falde hendene? Er det å score billige poeng på popularitetsbørsen hos pasienten, eller er det å avsløre at ein er usjølvstendig og hjelpelaus utan evne til å setje grenser? Blir det nokon skilnad om legen sjølv er kristen eller ikkje? I kor stor grad er det å be eit allmennkulturelt uttrykk, og i kor stor grad er det noko djupt privat, som å ha sex eller pille seg i nasen? Kva er eit livssyn? Problemstillinga eg har fått oppgitt er korleis tru og livssyn pregar arbeidet som allmennlege. Eg vil svare på det indi.rekte, ved å gå to skritt tilbake og reAektere over kva vi mei.ner med tru og livssyn. Utgangspunktet er problematisk. Livssyn i tradisjonell forstand, alt som smaker religion har hatt trange kår i vårt fagfelt det siste hundreåret. Det vart så å seie oppheva ved kongeleg resolusjon av Helsedirektora.tets yppersteprest Karl Evang. Det å ha eit livssyn var ein legning som rett nok ikkje var heilt forbode. Men ein skulle ikkje praktisere det. Som å vere pedofil i ein barnehage. Ingen heldig kombinasjon. Ein av Evangs våpendragarar, psykiataren Jon Leikvam skreiv i 1933 ein artikkel om skuldkjensle og moral at han ville «til beroligelse allerede her fremheve at det naturvitenskapelige synet på det religi.øse så langt fr a er spottende, det er tvert imot preget av for.ståelse og overbærenhet»(!). Ikkje spottande. Men overbærande. Er det plass til livssyn i ei eindimensjonal medisinsk verd prega av empirisk snus.fornuft og sakleg overbærenhet? Temaet er også vanskeleg fordi det er så personleg. Skal eg reAektere over dette må eg ta utgangspunkt i meg sjølv. Er eg kristen? I så fall, kva meiner eg med det? I følge konfir.mantpresten forrige helg er eg kristen fordi eg er løypt. Min muslimske ven seier eg er kristen fordi eg er frå Noreg. Ungane mine seier eg er ikkje kristen fordi eg har ein annan livsstil enn dei kristne. Ei gama! kone som var min pasient sa etter ho hadde fått med seg at eg hadde tala under ei gud.steneste at «det var godt du gjorde det. For då har me fått plassert deg.» Er eg kristen? Nei. Er eg ikkje kristen? Nei.Kva er eg då? Eg rett og slett er. Det å vere til, det å eksistere er noko meir dynamisk enn å klistre på seg merkelappar. Høyr ikkje på meg. For eg er grunnleggjande upåliteleg. Spesielt i ånde.lege spørsmål. Det eg meinte i går, meiner eg ikkje i dag. Det eg meiner i dag, vonar eg vil endre seg til i morgon. Skal eg forbli og vere meg sjølv, må eg endre meg, ta inn nye im.pulsar, opne meg for livet, justere kursen, leve og vere til. Men eg er altså døy pt. Og kan ikkje la det vere ugjort. I vår kultur hand lar det gjerne om ein er kristen eller ei. Og kristen betyr gjerne «personleg kristen». I seg sjølv ei pro.blematisk formulering som ein må forstå på bakgrunn av historiske og kulturelle forhold. Eg trur ikkje det betyr noko særleg for vår praksis som legar om ein har den eine eller den andre merkjelappen. For vi er meir like i vår lege.rolle enn det som skiljer oss når det gjeld gudstru. I ei viss forstand er vi modernisert og avkristna uavhengig av tru.vedkjenning. Det er makt i de foldede hender. Likevel trur UTPOSTEN R.6 • 2002 vi ikkje på ein slags overjordisk magi ved å be. Vi trur ikkje Vårherre opphever naturlovene. Vi prøver ikkje å fordrive demonar. Vi har eit anna språk for psykens irrgangar enn dei hadde i middelalderen. Vårherre er omorganisert og plassert på museum, meir syn leg på søndagane enn i kvar.dagen. Vårherre er førtidspensjonert. Det medisinske hus er møblert med modernitetens tru på vitskapleg fornuft, teknologisk framskritt og individuell fridom. Ho bad om time hos sin faste lege. Men han var bortreist. Di.for måtte ho finne seg i å gå til turnuslegen. Turnuslegen var eit profilert medlem i den lokale frik yrk ja. Han ville ikkje at ho skulle søkje abort i første omgang. Ho hadde tid til å tenkje seg om. Og ho gjorde det. Då ho kom til kontroll ei veke seinare, ville ho ikkje søkje abort. Den faste legen, som eg kjenner svært godt, ville nok ha formidla ein abortsøknad ved første konsultasjon. Og fått «problemet» ut av verda. Det er nærliggjande å ten kje at her har tru og livssyn over.styrt legen. Eg tvi lar på det. Eg trur berre rett og slett at han har gjort ein betre jobb enn den faste legen ville ha gjort. Ik.kje fordi han fekk henne til å endre standpunkt. Men fordi han fekk henne til å ten kje seg om. Han har brukt god tid, tatt pasienten på alvor og samstundes gjort seg sjølv syn leg som fagperson. Han har ikkje moralisert. Ikkje presentert private meiningar om abortlov og abortpraksis. Han har ik.kje sabotert pasientens ønske. Han har fulgt alle dei gode medisinsk etiske prinsippa. Som så ofte er tilfelle med tur.nuslegane har han gjort ein grundigare jobb enn det den meir erfarne fastlegen ville ha gjort. Og den abortsøkjande kvinna er no ei lukkeleg mor. Hadde ho komme til meg, hadde ho no kanskje vore ei like lukkeleg kvinne utan barn. Kva veit eg? UTPOSTEN NR .6 • 2002 Tru og livssyn er noko vi alle har, sjølv om vi ikkje alle er medvitne om at vi har det. På eit overflatisk plan trur eg ikkje tru og livssyn pregar vår praksis i særleg grad. Men på eit djupare plan er tru og livssyn ei betydeleg res.surs i vårt daglege slit. Eit livssyn bidrar med eit språk for noko det er vanskeleg å ha eit språk om. Livssyn gir eit språk til eksistensen, livssyn tematiserer dei grunnleg.gjande spørsmål, dei spørsmåla som er majestetiske og store og små og banale på same tid.Kva er eit menneske? Kva med døden? Kva med kjærleiken? Kven er min neste? Ikkje minst tematiserer tru og livssyn spørsmål om liding, sjukdom og død. Ved læger hvad sygdom er? er tit.telen på ei lita dansk bok (2). Kollega Haakon Lærum sva.rer nei. Danske legar veit ikkje kva sjukdom som eksisten.siell erfaring er. Og då får dei gjerne problem dei ikkje så lett kjem ut av. Aslak Bråtveit og Jean Paul Sartre ( i prioritert rekkefølge) Eg var på Nidaroskongressen i Trondheim. Asbjørn Aar.nes hadde nettopp førelese om Emanuel Levinas, denne merkverdige litauisk-franske filosofien som insisterer på Den Annens ansikt som utgangspunkt for vårt ansvar for kvarandre. Eg veit ikkje heilt om eg har forstått kva Levi.nas vil fortelle oss, og heller ikkje heilt kva som er relevan.sen for medisinsk praksis. Aarnes drog fram fortellinga om den miskunnsame samaritanen for å illustrere Levinas. Den forlatte i veigrøfta er Den Andre. Det er vi som går forbi. Vår plikt er å sjå, vår plikt er å hjelpe. Så er det kommentarar frå salen. Kollega Aslak Bråtveit reiser seg og presenterer ei ny fortelling om samaritanen. Den forslåtte i grøfta, det er meg og deg. Det er eg som er EG SYNDAR DAGLG OG FORTENER STRAFF a forlatt, det er eg som har hamna blant røvarar. Dei som går forbi, det er dei andre. Den miskunnsame samaritanen, det er Kristus. Fortellinga får eir eksistensielt inn hald. Eg er dømt og for.tapt, har hamna blant røvarar, kan ikkje frelse meg sjølv, kan ikkje unnsleppe situasjonen. Dette er ein kristen tanke. Men det er også ein eksistensiell filosofiske tanke, form ul ert av Jean Paul Sartre. Han var ateist og kommunist. Han hevda at mennesket er dømt til å vere fritt. Dømt fordi ein ikkje sjølv har valgt å bli fødd, og fri fordi ein når eineer i verda, er ansvarleg for det ein gjer. Eineer ansvarleg overfor andre. Og eineer ansvarleg for ting ein ikkje nødvendigvis har oversikt over. Dette er ikkje eir etisk/moralsk stand.punkte. Dette er eir eksistensielt faktum. Å vere menneske er å bli overlatt til andre, å ex-istere er å bli kasta ut i det, det er å bli tvinga til å vere med-menneske, så å seie å bli kasta for ul vane, å falle blant røva rar. Og andre som går forbi. Sartre sa meir. Han sa at helvete er dei andre: Det var kan.skje difor han valde å bu heime hos mora si heilt til ho vart 80 år, og ikkje eingong Aytta saman med kjærasten sin, Si.mone de Beauvoir. Det var nok best slik. Minst helvete heime hos mor. Helvete er dei andre. Den store risikoen i livet er ikkje å hoppe basehopp frå Kjerag, men å gi seg over til andre. Kjærleik, in.timitet, dei andre er verkeleg risiko (3). I Sartres univers er eg fri. Men eg er også dømt til å eksistere i eir slags helvete. Aslak si fortelling traff min barnelærdom. Det som er blitt hamra inn i mitt sinn, er at eg er eir syndig og hjelpelaust fortapt menneske. Det er ingen dårleg ballast å ha med seg i livet. For det er sant. Det er sant at eg er syndig i den for.stand at eg kjem til kort. Det er sant at eg går forbi -og må gå forbi. For middagen og pliktene ventar heime. Det er og sant at eg har falle blant røva rar. Og det er sant at eg syndar dagleg. For eg kan ikkje flytte to steinar uran at eg øver vald på noko, kan ikkje gjere noko som helst uran at eg risikerer at andre bl i r såra. Synd er ikk je noko eg gjer. Det er noko eg er. Det er min skjebne, min eksistens. Eg er fortapt fordi eg er utlevert til sårbarh_eeten og døden. Melankoliens svarte sol lyser i horisonten. Eg syndar dagleg og fortener straff. Identitetsoppløysnineg og religiøs oppblomstring Enkelte utviklingstrekk i samtida tyder både på ei allmenn religiøs oppblomstring og at kyrkja igjen får større betyd.ning for folk flest. Samstundes kjem medisin og religion nærare kvarandre. Ein får ein slags terapi-og psykoreligiø.sitet der medisinen utfordres til å dra omsorg for heile men.nesket, og der det kyrkjelege språket blir meir og meir lik terapeutens .. Det hand lar om kompenserande identitetssik-ring som reaksjon på den allmenne identitetsoppløys.ningen. Moderniseringa og sekulariseringa har belasta identiteten vår så sterkt at religiøsiteten revitaliseres som kompensasjon og reparerande krisebehandling (4) Mellom logos og kaos Psykiataren lrvin D Yalom hevda: at det er fire dimensjo.nar som har relevans for psykoterapi: Dødens realitet som trussel og tema gjennom heile livet, fridommen til å leve slik ein ønsker, det faktum at vi på grunnleggjande vis er heilt åleine her i livet, og mangelen på nokon openberr mei.ning i tilveret. Som studiekamerat og kollega Øyvind Bru.land uttrykkjer det, i ein artikkel i ei bok der denne artik.kelen er grunn god nok til å skaffe seg heile boka: Fra et stort ingenting blir vi født inn i en kaotisk verden. Helt fra starten av strever vi etter logos -orden, harmoni og likevekt. Men -ustanselig innhentes vi av kaos -sult, frost, ensomhet, sykdom, angst og usikkerhet. Angsten for det store intet (3). Om du tror på gud Och någon gud inte finns Så å"redin tro et enda storre under Då er den verkligen någon ting ofattbart stort Hvarfor Ligger det en vareLse nere i moi·kret och ropar på något som inte finns? Hvarfor forhoLLer det seg så? Det finns ingen som hor att någon ropar i morkret Men hvaifor finns ropet? tr:i «Aftonland" av P5r Ugerkvist) Øyvind Bruland skriv også at som lege får ein sterke kor.rektiv på eigne plager, irrgangar, svartsinn: «I hver 16.åring med benkreft ser jeg mitt eget barn, i hver 40-åring med brystkreft ser jeg min ektefelle, i hver 70 åring med prostatakreft min far, og i hver og en av dem -meg selv" Ei grunnhaldning i livet, kall det gjerne tru, kall det gjerne livssyn, som tar dette inn over seg vil oppdra til sjølvmedvit om kor sårbar eineer, den vil føre til ei open interesse for an.dre menneske, og ei generell audmjuk grunninnstilling til det vi driv på med. Slik sett vil den prege vårt virke som all.mennlege. Og er ein blind og døv for desse perspektiva er det kanskje betre om ein slepp å arbeide med menneske. Litteratur I. Leikvam J. Skyldfølelse og moral. Populært Tidsskrift for Seksuell Opplys.ning 1933;2:212-28. 2. Lærum H. \'ed læger hvad sygdom er? København: Foreningen af danske lægestuderendes forlag, 1994. 3. Skårderud F. Uro. En reise i det moderne selvet. Oslo: Aschehoug, 1999. 4. Krogseth 0. Identitet og kultur. Inter Medicos, nr I, 2000:4-9. 5. Bruland ØS. «Tanker i tresko». En kreftleges reAeksjoner mellom logos og kaos. I: Kaos, logos og kjærlighet. Festskrift i anledning Kreftregisterets ju.bileum og Frøydis Langmarks 60-års dag. Oslo, 2001:40-51. UTPOSTEN NR.6 • 2002 _

Denne artikkelen finnes kun som PDF

Last ned pdf