Luftetur på verandaen

Illustrasjonsfoto: Colourbox

«Dette klarer eg ikkje, eg må ha luft» sa pasienten. Heldigvis har kontoret mitt ein veranda med luft i store mengder, så pasienten hasta ut og lukka døra etter seg. Igjen satt eg og den psykiatriske sjukepleiaren som hadde kome saman med pasienten. Eg tenkte etter om det var noko spesielt vi hadde sagt som hadde skremt ut pasienten. Det var nok ikkje det, vi skrapa berre i overflata på eit gamalt sår. Eg kika bort på sjukepleiaren, vi kan kalle ho Mette. Vi sukka og smilte begge to.

Eg har likt å ha med Mette på konsultasjonar saman med felles pasientar. Då skjerper vi oss litt, både pasientane og eg – som om vi var The Beatles og fekk besøk av Eric Clapton i studio. Eg brukar ofte å starte ein samtale med å spørje om korleis det går. Kva har skjedd sidan vi snakka saman sist? For somme pasientar blir dette spørsmålet så alt for stort. Då er det godt at Mette kan fortelje at dei har snakka om litt av kvart, og at nokre ting går betre medan andre ting kanskje må jobbast meir med. Og så nikker eg og pasienten, kanskje kjem ein av oss med eit innspel eller eit spørsmål, og så er vi på glid. Vi snakkar om kva vi ønskjer å oppnå, kva vi skal gjere med sjukmeldinga, om vi skal prøve oss med nokon små tablettar eller heller la det vere. Til slutt røyser vi oss og har ein felles tanke om kor vi skal gå.

Men denne dagen var det berre éin som hadde røyst seg, for ein strategisk retrett, og eg og Mette sat på kvar vår stol og sa ikkje noko på ei stund. Etter kvart vart det klart at verandadøra ikkje ville opne seg med det første. Mette tok ordet og ga nok informasjon om kva ho og pasienten hadde snakka om veka før til at eg kunne forstå kvifor pasienten no sto og kvilte seg på rekkverket. Vi diskuterte korleis vi kunne hjelpe pasienten på best mogleg måte og var einige om at eit viktig mål var å skape betre mestringsverktøy. Ein kan ikkje planlegge livet ut i frå kor ein kan finne ein veranda.

Til slutt kom det eit forsiktig klikk i dørhandtaket, og pasienten trippa inn frå kulda med raude roser i kinna og eit oppgitt flir om munnen. Mette og eg presenterte våre tankar om vegen vidare, og pasienten var einig i at det vi foreslo virka lurt. Meir sa vi ikkje, utanom at vi avtalte tidspunkt for neste møte.

For meg er denne historia eit eksempel på godt samarbeid. Eg og Mette var og er trygge både på kvarandre og på vår felles kompetanse. Med utgangspunkt i dette kan vi både ta og gi frå oss ansvar, i visse om at pasienten blir tatt hand om på ein god måte. Eg trur ein føresetnad for eit slikt samarbeid er det personlege møtet og relasjonen som blir til ved samarbeid over tid. Ingenting er meir viktig i helsevesenet enn tillit – tillit mellom behandlar og pasient, men også mellom helsepersonell.

Eg var spent på korleis det skulle gå – neste gong vi møttest på mitt kontor. Ingen måtte ut på verandaen – det var kanskje den viktigaste indikatoren på at vi var på rett veg. At eg hadde rydda verandaen til ingen nytte, får eg heller tåle.