Historien om legevakten

Steinar Hunskår og Hogne Sandvik

Legevaktens historie. Fra barberkirurg til digital vaktlege

293 sider, rikt illustrert

Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin

Bergen 2018

ISBN: 978-82-8361-020-8

Dette er boka for alle som har det minste snev av interesse for fenomenet legevakt. Ho burde vera obligatorisk pensum for dei som skal planleggja og utvikla ei av dei deltenestene som er avgjerande for folk sin tillit til helsepersonellet og helsetenesta. Teksten er velskriven og supplert med relevante illustrasjonar. Kjeldebruken er truverdig og ganske så omfattande. I forordet gir forfattarane til kjenne kortfatta, men kloke metodiske refleksjonar.

Vekta er lagt på tida sidan 1960-talet, og då ikkje minst på utviklinga etter at legevakt blei ei lovpålagt teneste for kommunane i 1984. Boka gir eit samla oversyn over korleis vaktarbeidet for legar har ytra seg i samfunnet, og korleis dette har blitt sett på innanfrå. Vi får ta del i grunngitte vurderingar både i eit system- og eit individperspektiv. Dei av oss som har følgt med på utviklinga i denne deltenesta dei seinare 40 åra, vil kjenna seg att på punkt etter punkt. Det er påfallande at dei lange linene i utviklinga er meir prega av samfunnets krav enn av legane sine eigne ønskjer om å ha legevaktordningar.

Forfattaren av denne bokmeldinga finn seg sjølv sitert (side 165). I etterpåklokskapens lys ser utsegna ikkje så verst ut, og det er jo gildt. Det handlar om ein rapport frå Statens helsetilsyn i 2006 om «slurv og venstrehandsarbeid». Men det som ikkje kjem fram i boka, er den uvissa som eg og mange med meg hadde om korleis utfordringane skulle møtast. Faktagrunnlaget var magert, og ikkje minst ganske skeivt, med sterk vekt på det som gjekk gale. Når likevel resultatet av påpeikingane frå tilsynet ser ut til å stå seg i ettertid, trur eg det skuldast at tilsynet ikkje berre bygde på eigne funn, men tok omsyn til erfaringar som også andre hadde omtala på meir eller mindre systematiske måtar. Kjelde- og metodetriangulering er ikkje så dumt i møte med samfunnsfagleg kompleksitet.

Dette er meir enn ei historiebok. Ho omtalar endringar som vi står midt oppi no. Her er stoffet truverdig, fyldig og detaljert. Men det er også her at teksten er teoretisk grunnast. Det er ikkje å undra seg over, fordi den kritiske distansen treng nokre år på å etablera seg.

Innleiingsvis har forfattarane med eit innspel frå litteraturen. Amalie Skram skildrar i Hellemyrsfolket eit fortvila forsøk på å få legehjelp til ein liten gut. Maktesløysa skuldast ikkje berre vanskane med å få tak i lege, men sjølvsagt også den manglande medisinske kunnskapen i dåtida. I det perspektivet hadde det vore gildt om forfattarane hadde opphalde seg noko meir ved det medisinsk fornuftige i legevaktordningar i vår tid. Kva karakteriserer det medisinske behovet for slike ordningar i dag i forhold til i fortida? Det er ikkje så mange tiår sidan at legevaktlegen ikkje fekk lagt inn slagpasienten på sjukehus. No er det blålys og helikopter i slike situasjonar.

Om ein skulle hatt med enno ei forteljing frå litteraturen, kunne eg tilrådd Alexander L. Kiellands omtale av legebesøket i arresten til avdøde Else (1). Der blir det gitt ein rolleomtale av legen som det er grunn til å reflektera over også i dag. Og dersom ein skulle gått monaleg lenger bakover i tid når det gjeld det lovmessige ankerfestet for legar si hjelpeplikt, kunne ein ha sett på ei kongeleg forordning frå 10. januar 1619. Då blei det beint ut sagt at legar ikkje hadde hjelpeplikt i «Pest og Blodgangs Tid» (2). I forordninga frå 1672 blei det derimot bestemt at legar ikkje kunne unnlata å behandla fattige som trong hjelp (3). Dette blei også noko overflatisk drøfta i forarbeida til lov om utførelsen av de offentlige lægeforretninger av 1912 (4). Det enda opp med ei allmenn hjelpeplikt for offentlege legar, slik som skrive i denne boka.

I nyare historisk perspektiv, hadde det vore grunn til å drøfta djupare kvifor legevaktordninga ikkje blei særleg omtala i stortingsmeldinga om sjukehusutbygginga frå 1974 (5). Det var her prinsippet om behandling på lågaste effektive omsorgsnivå (LEON-prinsippet) blei fastsett, og som utan tvil har sett eit fundamentalt preg på utviklinga av arbeidsdelinga i helsetenesta her i landet. I denne stortingsmeldinga (s. 70) såg ein mest på heimesjukepleia som det som skulle kompensera for auken i øyeblikkeleg hjelp-innleggingar i sjukehusa. Ein djupare analyse av kvifor det ikkje gjekk slik i første runde, kan vera eit flott mastergradstema.

Det kjem også tydleg fram at forhold knytte til arbeidsmiljø og tryggleik for legevaktspersonellet er noko som først er kome på dagsorden det seinaste tiåret eller så. Alle som hugsar kor tilfeldig slikt var for over 20 år sidan, vil seia at jammen er det på høg tid. Men det fordrar at også legane må vera villige til å sjå at legevakt i vår tid er teamarbeid innanfor klåre faglege og organisatoriske rammer, og ikkje arenaen for medisinsk cowboy-verksemd.

Men alt i alt: Det einaste eg saknar er eit stikkordregister.

Referanser

  1. Kielland AL. Else. En julefortelling. Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandels Forlag, 1881.

  2. Rørbye B. Mellem sundhed og sygdom. Om fortid, fremskridt og virkelige læger. En narrativ kulturanalyse. København: Museum Tusculanums Forlag, 2002.

  3. Forordning om Medicis og Apothekere, 4. desember 1672. I: Thurmann L. Samling af Love, Forordninger, Kongelige Rescripter og Resolutioner, Placater, Reglementer, Instruxer, Fundatser og andre offentlige Aktstykker vedkommende Læger, Apothekere, Dyrlæger og Jordemødre i Kongeriget Norge. Christiania: Feilberg & Landmarks Forlag, 1851.

  4. Indstilling fra Den kongelige Lægekommission af 1898: 1, Hovedindstilling: Angaaende Omordning af det civile Lægevæsen, 2, Tillægsindstilling: Angaaende Omordning af Medicinalstyrelsen. Kristiania: Johannes Bjørnstads Bogtrykkeri, 1903.

  5. St. meld. nr. 9 (1974–75). Om sykehusutbygging m.v. i et regionalisert helsevesen. Oslo: Sosialdepartementet, 1974.