Et dykk ned i den allmennmedisinske sjela

Aslak Bråtveit

På glytt. Deltakar og tilskodar

Kolofon forlag

Innbundet, 158 sider, nynorsk

I vanleg bokhandel: 300 kr

Frå nettbokhandel: 263 kr + porto

Boka På glytt er bygd opp kring eit knippe noveller som skildrar verkelege hendingar frå forfattaren sitt årelange virke som allmennlege i Finnøy kommune i Rogaland. Novellene er tidlegare publiserte i Utposten eller i Tidsskrift for Den norske legeforening. For dette arbeidet vart forfattaren i 2016 heidra med skribentprisen frå Norsk forening for allmennmedisin.

I den aktuelle utgjevinga er novellene samla. Mellom dei skjønnlitterære tekstane presenterer forfattaren sine faglege refleksjonar. Med undertittelen Deltakar og tilskodar siktar forfattaren til at i møte med pasientane må allmennlegen veksle mellom å ta del og å observere. Det vert synt til ein tankemodell i form av eit tetraeder der pasienten, lidinga, legen og overblikket dannar kvart sitt hjørne. Relasjonane mellom desse påverkar tillit, meistring og tiltak.

Ein fotoreportasje frå 1996 er brukt som illustrasjon. Denne vart laga av Rune Eraker som del av prosjektet «Bilder fra klinisk praksis» ved allmennlege Torgeir Gilje Lid. Bileta er ikkje tekne i samband med hendingane i novellene, men bidreg likevel til å setje forteljingane inn i si tid. Den siste delen av boka inneheld eit brevbyte mellom forfattaren og professor i litteraturhistorie Asbjørn Aanes, der dei freistar setje hjelpekunst inn i ein større samanheng.

Verdien av å kjenne den ein ynskjer å hjelpe vert synleggjort på ein framifrå måte gjennom novellene. Forfattaren fortel ærleg om suksess, nederlag og læring. Dialektnær nynorsk forsterkar innhaldet og gjer historiene levande. Ein får lyst til å vere lege på same viset som Bråtveit: Heilskapleg, men god på detaljar. Lærd, men folkeleg. Ettertenksam, men kjapp i vendinga – som når han stuper i svart sjø for å redde livet på ein som har hoppa med vilje.

Kunsten å sjå ei liding i lys av omgjevnadene og fortida til den som lir utgjer ein stor del av den allmennmedisinske sjela. Forfattaren meistrar å skildre dette på eit vis som etter mi meining kan engasjere eit breitt publikum. Den faglege delen er lettlest, men manglar relevans for andre enn arbeidarar innan helse. Dette siste gjer at målgruppa for boka vert snevra inn meir enn dei nydelege novellene fortener.