‘Ferdaminne frå sumaren 1860’

Det er 200 år sidan Åsmund Olavson Vinje vart fødd.

Eirik farbror, fjellbonden, siterte store deler av diktsyklusen Storegut utanboks. Der fann han tankegods han kjende seg att i. Me fem brør skifte på å vera drengjer. Drifta var på gamlemåten, og den gjekk føre seg med ljå, rive, børatau og lauvkniv. Blakken med høysleden gjorde sitt, ei lita 12 år gamal tohjult slåmaskin var nyvinninga! Inneforinga vara lenge, heile sumaren gjekk med til slått, høyturk og høyberging.

Bonden søkte livd frå mas og dei lange arbeidsdagar i heia. På laurdagen la me i veg opp dei frodige bratte liar, over skura granitt og ned røsslyngmoar til støls. Den lange Remingtonhagla, dei granne snøre og små onglar baud på spenning, fjella på estetikk og mystikk. Fjellheimen skifte ham etter lys og verlag. Me vart kjende med og glade i liar og nutar, trødde mjukt i lyng og hoppa på steinar over bekken. Påskevekene budde me på stølen og rende heia rundt på ski.

Diktet, hymnen til fjell-Noreg, er å finna i Ferdaminne frå sumaren 1860. Det er råd å leggja bort nasjonalromantikken og gi strofene eit varare uttrykk.

Kvar gong eg ser att «mine» fjell, løyser kjenslene ut opningsstrofa. Eg kviskrar orda til meg sjølve og finn meg att.

Ved Rundarne

No seer eg atter slike Fjell og Dalar,

som deim eg i min første Ungdom saag,

og sama Vind den heite Panna svalar;

og Gullet ligg paa Snjo, som før det laag.

Det er eit Barnemaal, som til meg talar,

og gjer meg tankefull, men endaa fjaag

Med Ungdomsminne er den Tala blandad:

Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,

naar under Snjo eg saag det grøne Straa.

Eg drøymer no, som før eg altid drøymde,

naar slike Fjell eg saag i Lufti blaa.

Eg gløymer Dagsens Strid, som før eg gløymde,

naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.

Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,

naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.

Alt er som før, men det er meir forklaarat,

so Dagsens Ljos meg synes meire bjart,

og det, som beit og skar meg, so det saarat,

det gjever sjølve Skuggen mindre svart:

sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,

sjølv det gjer harde Fjellet mindre hardt.

Forsonad’ koma atter gamle Tankar:

det sama Hjarta er, som eldre bankar.

Og hver ein Stein eg som ein Kjenning finner,

for slik var den, eg flaug ikring som Gut.

Som det var Kjæmper spyr eg, hvem som vinner

af den og denne andre haage Nut.

Alt minner meg; det minner, og det minner,

til Soli ned i Snjoen sloknar ut.

Og in i siste Svevn meg eingong huggar

dei gamle Minne og dei gamle Skuggar.

Eg utfordrar Hildegunn Hals Bjelland til neste innlegg i lyrikkstafetten.