Stødt med det gamle Sorp og Sot?

Ivar Aasen var språkforskaren som på 1800-talet skaffa Norge eit nytt skriftspråk. Enkelte syns det er vanskeleg å lese journalnotat på nynorsk. Sidan det passar best for meg å skrive nynorsk, klarer eg ikkje la vere, men prøver mest mogleg å bruke ord som alle kan forstå.

Det er ei overdriving å seie at Aasen berre brukte ord som alle kan forstå. Sjølv kalla han seg ikkje diktar. Aasen sine dikt var eigentleg songar til melodi. Han laga viser med mange ordtak og ordlag som framleis høyrest kloke ut. Han brukte ord og uttrykk som eg syns er artige. Dette diktet fann eg på veggen i salongen på ferja «Ivar Aasen» sist eg kryssa Sognefjorden:

Kvi skal ein sitja som ein Fange

stødt med det gamle Sorp og Sot?

Verdi er vid, og Vegarne mange;

den, som vil fara, fær eingong Skjot.

Det gjenger Skutor med Segl og Eim

fossande fort ifraa Heim til Heim.

Staalhestar stynja, Kjerre-sloder dynja,

og Folkehopar rynja

fraa Heim til Heim.

Alle, som vidt um Land faa fara,

rosa dei Syner, som der dei sjaa;

leikande Minne, som lenge vara,

føra dei heim derutanifraa.

Ja, rik og væn er vaar vide Jord,

ymis i Skiftom i Sud og Nord.

Best var aa gjesta alle Land aa festa

i sin Hug det besta

i Sud og Nord.

frå Ferda-visa, 1887