Kommuneoverlegar i Vesterålen satte ned foten

I forbindelse med lansering av nye automatiske straummålarar, har kraftselskap gått ut med informasjon om at personar som anser seg som el-sensitive kan søkje om å få sleppe å installere slike målarar dersom dei har legeerklæring. Kommuneoverlegane i Vesterålen satte ned foten.

Figur 1: Ikkje-ioniserande stråling, altså alt som er under bølgelengda til ultrafiolett, har ikkje tilstrekkeleg energi til å påføra vevet skade.

Figur brukt med løyve frå Statens strålevern

Konstruerte fiendebilder, konspirasjonar og djup skepsis mot det som ein gong var rekna som velmeinande samfunnsinstitusjonar må kunna seiast å vera eit aukande problem i vår tid. Det tydelegaste uttrykket for dette er enkelt og greitt alt Donald Trump foretar seg, men det slår óg inn på mange andre frontar, og me er ikkje immune i Norge og Norden. Eg har aldri sett meg syn i å bruka mykje tid og krefter på diskusjon med vaksineskeptikarar, kreasjonistar, healerar, eller homøopatar. Dei som driv med slikt er vanlegvis så grundig overbevist om sanninga i det dei gjer, at det er uråd å snakka seg gjennom skodda som omgir dei. Likevel vart eg i haust involvert i ein disputt med ein utpost av vitenskapsskepsisen: El-overfølsomheit, og den beslekta aksjonen mot nye, automatiserte straummålarar.

Oppgradering av straumnettet

Problema starta med det som eigentleg er eit godt og viktig prosjekt: Oppgradering av straumnettet (1). Alle norske husstandar skal få installert automatiske straummålarar (AMS) den komande tida. Det minst viktige med dette er at me slepp målaravlesing. Langt viktigare er det at dette gir kraftselskapa mykje betre kontroll over nettet. Dei kan overvåka belastninga på nettet langt meir detaljert, og bruka både kraft og nett meir effektivt. Som med all ny teknikk er ikkje dette uproblematisk, og Datatilsynet har uttrykt ei viss bekymring (2).

Stadig fleire hushaldningsmaskiner er tilkobla trådlaust nett. På sikt vil det vera teknisk mogeleg å samanstilla data frå ditt wifi og din straummålar for å finna ut kor ofte du brukar mikrobølgeovnen, kor ofte du vaskar opp, og om det er meir enn to veker sidan du køyrde programmet for treningstøy på vaskemaskina. Dette siste kan for eksempel treningssenteret ha nytte av å vita, slik at dei kan senda deg reklame for sitt introduksjonstilbod akkurat når trimsamvittigheita di er på sitt svartaste. Dette er imidlertid hypotetiske situasjonar, og all slik marknadsføring og datainnsamling vil sjølvsagt vere underlagt personvernlover og samtykkekrav (3). Slike persondata bleiknar i samanlikning med den mengde informasjon me meir enn gjerne deler med Facebook, Apple og Google.

Folkemøte

I starten av august i fjor bestemte Facebook sine algoritmar at eg kanskje ville ha interesse av ein invitasjon til «Folkemøte om nye skadelige ‘smarte’ strømmålere» (4), og la den inn i feeden min. Lett provosert og lett oppgitt klikka eg meg inn. Det var ei lokal gruppe i min kommune som hadde starta ein nettaksjon for å åtvara folk mot dei nye målarane. Dels var det grunna frykt for helsefare, dels grunna frykt for overvaking. Gruppa hadde også blitt intervjua i lokalavisa (5). Om elektromagnetisk stråling sa dei at det «foreligger forskning fra utlandet som tyder på at det kan utgjøre en helserisiko vi i dag bare ser konturene av. Det finnes flere sykdomshistorier via foreningen for el-følsomme om folk som har fått helseproblemer på grunn av wi-fi- og mobilstråling».

Etter litt nettsøk såg eg at slike påstandar var eit problem fleire stader i landet, i den grad at myndigheitene faktisk konkret måtte forsøka å håndtera protestane på eit nokolunde konsekvent vis. På den offentlege informasjonssida nymåler.no var denne problemstillinga lista opp under «Ofte stilte spørsmål». Der stod det at «El-sensitive kan søke om fritak», og «Legeerklæring må legges ved søknaden».

«Vil ikke blandes inn»

Det er alltids nok å ta tak i for ein allmennlege og kommuneoverlege. Kva som gjorde at akkurat situasjonen vart irriterande nok til å bruka tid på skal eg ikkje sei for sikkert. Kanskje var det alt det konstante tullet frå Trump. Kanskje var det Siv Jensen og Sylvi Listhaug si bekymringslause avvising av klimaforskning (6) og den devalueringa av all anna naturvitenskap det implisitt medfører. Kanskje var det at legane i kommunen skulle få endå ei tullete attestoppgåve, i tillegg til den nye fråversgrensa på vidaregåande skule. Uansett; dette skulle ikkje få passera utan vidare.

Primus motor bak mykje av skepsisen syntes å vera bloggaren Einar Flydal (7). Han er ein særdeles dedikert skribent, og bloggen hans inneheld svært mange, svært lange, innlegg om alle former for skadevirkningar frå ei rekke ulike former for elektromagnetisk stråling. Utan å legga ord i hans munn kan hans standpunkt truleg oppsummerast med at Statens strålevern og så godt som alle etablerte forskarar på feltet tek feil. Han meiner stråling er skadeleg på ein rekke måtar for menneskekroppen, og at det i tillegg er farleg for dyr, fuglar, og totalt sett utgjer ein miljøkatastrofe. Han skulle få 5000 kroner i honorar for å koma og snakka på AMS-møtet.

Eg måtte no litt tilbake og repetera grunnleggande fakta om elektromagnetisk stråling. Grensa mellom ioniserande og ikkje-ioniserande stråling går rundt rekna like over bølgelengda til synleg lys, i ultrafiolett-området. Ioniserande stråling har kort bølgelengd, inneheld meir energi, og kan som følgje av dette slå elektroner ut av posisjon og medføra vevsskade. Ikkje-ioniserande stråling, altså alt som er under bølgelengda til ultrafiolett, har ikkje tilstrekkeleg energi til å påføra vevet slik skade. Det finst ingen biologisk forklaringsmodell (8) for korleis slik skade skal kunna oppstå. Det er ei viss bekymring knytt til magnetfelt frå lågfrekvente magnetfelt, som høgspentledningar, men tross mykje forsking er det ikkje påvist noko klar årsakssamanheng her heller. Strålinga frå AMS ligg i megahertz-området (sjå figur). Målarane er så langt unna skadeleg nivå i både sendestyrke og frekvens at å hevda at dei kan skada menneskekroppen strider mot grunnleggande fysiske lover.

Felles brev

I Vesterålen har me eit godt samarbeid mellom kommuneoverlegane i regionen. Me møtest relativt ofte, jobbar med ting saman og kjem tidvis med felles uttalelsar i aktuelle saker. Etter ein kort og ubyråkratisk diskusjon blei me einige om å koma med ein felles uttalelse. Me sendte deretter følgande brev til våre tre lokale nettselskap, til NVE og til Energi Norge, som er interesseorganisasjonen til norske energiselskap:

«Vedrørende automatiske strømmålere

Det har den siste tiden oppstått noe debatt rundt installasjon av og stråling fra automatiske strømmålere (AMS). Vi ønsker å klargjøre følgende:

El-sensitivitet/el-overfølsomhet er en tilstand som aldri har latt seg påvise, tross grundige og omfattende studier internasjonalt gjennom mange år. Det er derfor ikke mulig å utstede en legeattest på at noen har en slik tilstand.

Noen mennesker har angst/fobier knyttet til det å oppholde seg nær visse elektriske produkter. Det er meget veldokumentert at angst kan utløse sterke, fysiske plager, og disse pasientene må man selvsagt ta hensyn til og tilpasse der det er mulig. Plagene er imidlertid ikke utløst av elektromagnetisk stråling.

Spesifikt angående automatiske strømmålere vil vi understreke følgende: Strålingen fra disse er så svak at det strider mot grunnleggende vitenskap å påstå at denne strålingen skal kunne oppfattes av mennesker eller skade menneskekroppen.

Vi er kjent med at de fleste norske nettselskaper, inkludert våre tre regionale, har gått ut og bedt om legeerklæring for at kunder skal slippe installasjon av AMS. Det finnes ikke noe grunnlag for å gi slike attester, og vi ber derfor om at dere snarest fjerner denne informasjonen fra deres nettsider og endrer politikk på dette området.

Uenighet om installasjon av AMS er utelukkende en sak mellom nettselskap og kunde.»

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Reaksjonar

Brevet fekk ei viss merksemd i media, med artiklar regionalt hos oss, og eit lengre intervju med Dagbladet. Flydal vart naturleg nok indignert og sendte lokalavisa eit lengre innlegg der han skreiv at «legene trenger voksenopplæring, i likhet med mange andre som ikke har fulgt med» (9).

Det kom rundt 110 personar på folkemøtet og høyrde på foredraget til Flydal. NVE, Statens strålevern og nettselskapa var óg inviterte, og møtte prisverdig nok med sine representantar. NVE stilte med ein sivilingeniør i radioteknologi, Statens strålevern med ein biofysikar. Ifølge lokalavisa snakka Flydal i halvanna time, deretter fekk strålevernet og NVE rundt fem minutt kvar (10). Det var nok ikkje så mange som endra meining, korkje eine eller andre vegen. Folka bak møtet gjekk vidare med saka og etablerte Smartskandalen.info. Flydal er fortsatt aktiv på bloggen sin.

Informasjonen på nettsidene til nettselskapa og på Nymåler.no vart i etterkant av episoden endra til følgande:

«Strålingen fra de nye smarte strømmålerne er så svak at det ikke innebærer noen helsefare. Dersom du likevel mener at måleren medfører helsemessige ulemper for deg, kan du søke nettselskapet om fritak. Søknaden må ledsages av attest fra lege eller psykolog» (11).

Endringa i teksten var lita, men viktig. Det står ikkje noko om el-følsomheit som diagnose, og det er presisert og konstatert at målarane ikkje medfører helsefare.

Fag og autoritet

Ein kan stilla spørsmål ved om dette er rett bruk av tid og krefter, og om dette er eit spørsmål der samfunnsmedisinarar skal blanda seg inn. Eg vil sei at slike debattar kan vera både i vår eigen interesse og i befolkninga si interesse. Medisinstudiet er ei av dei grundigaste og lengste naturvitenskaplege utdanningane i Norge. Er det noko me legar skal halda hellig, ut over det å hjelpa pasientane våre, bør det vera vitskapens integritet. Me lever i ei tid der samfunnsdebatten er angripen av degenerative lidelsar som «alternative fakta» og «falske nyheiter». Me har eit visst ansvar for å kjempa tilbake mot denne trenden.

Samfunnsmedisin er å ta legens kunnskap og autoritet ut frå sengeposten, ut frå legekontoret, og bruka den i ein større samanheng. Legen har, enn så lenge, ein viss autoritet og fagleg tyngde, og samfunnsmedisinarane er dei i blant oss som er best posisjonert til å ta slike debattar.

Referanser

  1. https://www.nve.no/stromkunde/smarte-strommalere-ams/

  2. https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/overvaking-og-sporing/strommaling/

  3. https://www.nve.no/stromkunde/elhub/

  4. https://www.facebook.com/events/1950738085207150/

  5. http://www.blv.no/hadsel/sier-nei-til-den-nye-strommaleren-1.2073977

  6. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/klimatrusselen/ler-av-klimahysteri/a/10085754/

  7. https://einarflydal.com

  8. https://www.forbes.com/sites/quora/2016/05/19/a-radiation-oncologist-says-everything-you-need-to-hear-about-wifi-and-cancer-risk/#13846efb7267

  9. http://www.blv.no/nyheter/voksenopplering-om-smarte-malere-1.2107870

  10. http://www.blv.no/nyheter/tusen-ganger-hoyere-faregrense-1.2137014

  11. https://www.nymaler.no/sporsmal-og-svar/

Kilder

  1. Statens strålevern infoside om automatiske strøm-målarar: https://www.nrpa.no/publikasjon/straaleverninfo-09-2017-smarte-stroemmaalere.pdf

  2. FELO (Foreningen for el-sensitive): http://www.felo.no/hjem/