Det viktige i livet

Foto: Colourbox / Privat

Eg har vore primærlege i ei rekkje år i ulike ordningar. Me kjem i nære relasjonar og må prøva å vera objektive i tilnærming og utføring av legekunsten. Ein leveregel har vore å ikkje vera lege for dei næraste, det er lett å bli for subjektiv. Det er nok ein god regel, men god kjennskap gjer det lettare å syta for at det som er viktig for personen vert sikra. Denne gongen braut eg regelen (på nytt):

Familien har ein 83 år gammal onkel. I unge dagar var han kvikk i «fysisk fostring» og med godt humør, grei venekrins. I vaksen alder levde han av ulike grunnar vidare einsleg, i hus med mor og som pliktoppfyllande industriarbeidar. Han hadde over gjennomsnittet interesse for idrett. Fysisk frisk, køyrde bil, mosjonerte, men levde eit sosialt avgrensa liv særleg etter mor døydde for mange år sidan. Det vart mange timar i «godstolen» framfor ulike kanalar med idrett, sjokolade og potetgull som livsinnhald. Han ville greia seg sjølv utan kontakt med andre, inntil han brått fekk hjerneslag, skikkeleg utfall, halvsida lamming og talevanskar.

Sjølv meinte han dette var slutten, men andre trudde ikkje heilt på det. Små framsteg og fokus på det han greidde, gav motivasjon hjå han sjølv og dei få folka rundt han. Heile tida knytt opp mot evne til «fysisk fostring» i unge år, humor og det å greia seg sjølv. Han fekk fin betring og vart forsvarleg tilbakeført til heimen etter eige ønske. Etter kort tid (få veker) nytt slag, andre sida og ny nedtur. Same prosess, men bygd på tidlegare erfaring og motivasjon vart det mindre tidkrevjande før tilbakeføring til heimen.

Denne gongen med urinrøyrkateter – på fjerde veka og opplevd som ei permanent løysing – lika det lite, ein livstidsdom. I tillegg hadde dei funne ut at han hadde sukkersjuke – det høvde dårleg saman med det tidlegare kosthaldet framfor TV-skjermen.

Legen i familien og sjukepleiar han er gift med, hadde tillit hjå han. Me fekk han (og heimebaserte tenester) med på ein strategi for om mogleg å bli kvitt kateteret, sjølv om det var enkelt i høve til pleie. «Legen» var i beredskap om det trongst, og som forventa fekk onkel ikkje spontanurin på fleire timar – og panikk. Dette ville nok ikkje gå. Ei noko urein eingongs-tapping vart gjennomført seinkveld i heimen (av legen i familien), med lovnad om permanent drenering om det ikkje gjekk. Han har etter det hatt full kontroll med ein viktig naturleg funksjon og han er svært nøgd – det same er eg som lege.

Ei tid etter tek me han med til nærbutikken i rullestol. Han hadde ikkje vore der sidan han vart sjuk for over eitt år tidlegare. Gode hjelparar med handleliste hadde sytt for mat i huset. No får mannen sjølv sjå på utvalet, «plukka» frå hyllene og fylla korga. Me passerer søtsakene som står ved utgangen. Han lurer på dette med sukkersjuke og sjokolade, men får klarsignal frå underskrivne. Freia sin «Kvikk-lunsj» vert med i korga – som ein dram til laurdagskvelden.

Me kjem heim til fotball på TV. Han har fokus på sjokoladen. Den går inn i munnhola på tvers med eit stort smil og tryggleik for støtte frå «legen».

Det er ei opplevd historie som gjer meg godt. Denne gongen ein i familien, men same haldning har eg prøvd å styra etter overfor dei andre som har søkt meg som primærlege.

Me bør, så langt forsvarleg, ha fokus på det folk synest er viktig for dei – frigjera dei frå unødig medikalisering og eit liv der andre legg premissar eller tek avgjerdene. Dei dagane me lukkast i dette vil me kjenna ein god dag som lege.