Takk for at du var her…

Foto: Bjarte Ås Harbo

Diagnostikk og behandling tilhøyrar allmenlegens kjerneverksemd. Ofte er det kurrant og bidrar til tilfredshet, kanskje like ofte mislykkast ein, ein sjeldan innertiar er ikkje å forakte.

Min gode dag på jobben handlar likevel om noko anna.

Dagen var ein kveld tidleg på 90-talet, eg hadde vakt, då heitte det å køyre vakt. Eg var langt frå basen, avsides i ein avsides kommune. Kva eg reiste så langt fór har eg gløymt. Det eg aldrig gløymer, var besøket eg avla på tur heim, når eg likevel for forbi.

Pasienten var ein eldre sengeliggande mann i 70-åra, langtkomen kreft, lindrande behandling heime. Eg var legen hans. Huset var fullt av slekt, tri generasjonar som dels sveiv rundt senga, dels drakk kaffi på kjøkenet, ungar som pusla med sitt. Ekte-fellen tok takksamt imot meg. Eg undersøkte pasienten, han var fredeleg, iverksett behandling syntest fungere godt, han hadde tydeleg tatt nye steg mot døden. Eg sette meg ned, snakka både med kona og vaksne born, alle bar preg av å vera på plass i høve til det uunngåelege som skulle skje. Idet eg såg til mannen på veg ut drog han sitt siste sukk. Eg meiner eg gjorde mine rituelle handlingar med lykt og stetoskop for så å erklære han død. Stilla breidde seg, nokon tok rundt kvarandre, lite vart sagt. Då tok kona ordet tydeleg henvendt til meg:

«Eg skjønar ikkje kva me skulle gjort om ikkje du var her.»

Eg tenkte at det hadde gått heilt fint, døden hadde kome like stillfarande utan meg. Eg likar å tru at eg ikkje tok til motmæle. Eg fekk noko å reflektere over på tur heim og har seinare ofte tenkt på replikken. Kva var det eigentleg ho sa? Truleg var det: Takk for at du var her når mannen min døydde? Sjølv om diagnostikk og behandling er kjerneverksemda er det andre viktige bidrag legen kan gje i avgjerande hendingar i folk sine liv. Vårt nærvær kan skape tryggleik når grunnen skjelv under føtene. Det er slett ikkje det same som å overta den børa folk uansett må bera. Legar bør sjå stort på denne delen av yrkesrolla, dette har ikkje med sjølvhøgtideleghet å gjera. Slike bidrag er ikkje kvalitetsindikatorar som blir talde.

Ein god dag på jobben kan vera dagen når pasienten døyr. Dersom aktiv lindrande behandling lykkast og ein opplever å ha vore til støtte for dei attlevande, gjev det meining.

Ein god dag på jobben kan vera dagen då pasient eller pårørande sin replikk skaper undring, beundring eller refleksjon, og i beste fall bidrar til legens klokskap.