Kommunikasjon er ikkje berre kommunikasjon

Hilde Eide og Tom Eide, KOMMUNIKASJON I RELASJONER, Personorientering, samhandling, etikk, Gyldendal Akademisk, Gyldendal Norsk Forlag AS 2017, 3. utgave, 420 sider. ISBN 978 – 82 – 05 – 50056 – 3

Denne boka er tredje utgåve av ei klassisk lærebok i kommunikasjon, som kom i første utgåve for 20 år sidan. Boka er retta mot helse- og sosialfaga generelt, men er spesielt retta mot sjukepleieprofesjonen. På tidstypisk vis er forfattarane nøye med å understreke at boka er forsk-ningsbasert, kva no det måtte bety. Nye artiklar bygger spesielt på skandinavisk forskning, og eldre kapittel er oppdatert i tråd med ny forskning. Her skal ingen komme og påstå at forfattarane driv med tomt snakk.

Boka er oppdelt i 14 større kapittel som igjen er organisert under stikkord som Grunnlaget, Ferdigheter, Område og Bakgrunn. Under Område er det eigne kapittel om kommunikasjon med barn og unge, samt kommunikasjon med eldre. Her saknar eg eit eige kapittel om kommunikasjon med rusmisbrukarar, sidan det er eit stort område med spesielle utfordringar for dei fleste helsepersonellgruppene.

Første del er via det kommunikasjonsteoretiske grunnlaget, mens andre del tar opp meir «tekniske» aspekt, som aktiv lytting, nonverbal kommunikasjon, utforskande og informerande dugleikar. Empati er omtalt i eit eige kapittel. Mentalisering, derimot, er ikkje nemnt i det heile tatt.

Det er lett å forstå at dette er, og har vore, ei populær bok. For den er høgst relevant for mange helse- og sosialfag. Den har eit godt språk, og er lettlesen. Illustrasjonane er enkle og poengterte. Forfattarane formidlar gode innsikter, og forklarer teori på ein enkel og lettfatteleg måte. At det primært er ei sjukepleiefagleg bok viser seg ved at alle dialogeksempel og illustrasjonar handlar om sjukepleiarar og pasientar.

Og dette er også bokas begrensning. Som lege merker ein fort at det er mange aspekt som ikkje er med. Balint-tradisjonen er ikkje nemnt, og den omfattande kommunikasjonsforskningen er ikkje kommentert direkte.

Kommunikasjon er ikkje berre kommunikasjon. Kommunikasjon er ein integrert del av all klinisk verksemd. Det viktigaste vilkåret for god kommunikasjon er at ein er trygg på faget sitt. I denne boka lærer ein mykje sjukepleiefag. Men den er ikkje heilt komplett som medisinsk fagbok.