Mine erfaringar som hørselshemma

Eg er fastlege i Kirkenes og er hørselshemma. Mine første høyreapparat fekk eg då eg var 4 år. Alt i alt opplever eg at eg er lite påverka av hørselstapet mitt i kvardagen.

Eg har inntrykk av at mange ikkje er klar over korleis eit høyreapparat virkar. Vel, eit høyreapparat forsterkar lyd, men funksjonen er meir avansert enn som så. Dei høyreapparata eg har hatt dei siste åra selekterer lyd. Den nærmaste og/eller mest kraftige lyden som minner om talestemme blir forsterka, og andre lydar blir kraftig dempa. Det er ein stor fordel fordi det gjer det lettare å oppfatte tale, men det gir også utfordringar. Til dømes på kafé, eller i andre situasjonar der folk pratar saman og det er bakgrunnsstøy, fungerer det bra. Eg har mange gonger blitt overraska i hyggeleg samvær når eg blir gjort merksam på at det er musikk i bakgrunnen.

Særleg når det er fleire konkurrerande lydar kan lydbiletet eg oppfattar bli kaotisk. Når eg sit i eit møte er det gjerne ein person som snakkar om gongen. Då høyrer eg ofte greit kva som blir sagt. Dersom nokon som sit nær meg skrapar med ein stol, trommar med fingrane eller liknande, kan høyreapparata «velje» den lyden og forsterke han. Då forsvinn lyden frå den som snakkar heilt. Når den forstyrrande lyden stoppar høyrer eg igjen talestemmen, heilt til den neste forstyrrande lyden dukkar opp. Det er klart at det blir meir vanskeleg å oppfatte kva som blir sagt når det kjem forstyrrande lydar. Størst utfordring gir det på heimebane, med fleire born som kjem springande og pratar i munnen på kvarandre. Det endar gjerne med at eg ikkje oppfattar kva nokon av dei seier.

Eg har ikkje lært meg munnavlesing utan støtte av lyd, men oppfattar tale dårleg dersom eg ikkje samtidig les på munnen. Vanlegvis ser eg ikkje på filmar eller TV-program som ikkje er teksta. Eg har for så vidt tilgjengeleg hjelpemiddel (teleslynge) som gjer lyden klårare, men opplever at eg bruker meir enn nok energi på å oppfatte det som er nødvendig av lyd ellers i kvardagen. Det er mi erfaring at svært få klarar å endre vane slik at eg kan sjå ansiktet deira når dei snakkar. Særleg då eg gjekk på skulen var det vanskeleg å sjå ansiktet til lærarane mine heile tida. Borna mine oppdagar gong på gong at eg ikkje høyrer kva dei seier dersom eg ikkje ser ansiktet deira. Likevel klarar heller ikkje dei å hugse på det. Eg tar meg i det når eg har hørselshemma pasientar på kontoret, eg pratar sjølv til dei medan eg snur ansiktet vekk.

Eg oppdaga tidleg at når lyden er dårleg må eg konsentrera meg meir for å få med meg kva som blir sagt. Det tok lang tid før eg oppdaga at dersom lyden er tilstrekkeleg dårleg hugsar eg ikkje innhaldet i ettertid, sjølv om eg der og då tenkjer at eg får med meg kva som blir sagt. For meg er det logisk at ein blir meir sliten når ein høyrer dårleg, fordi ein ubevisst må konsentrera seg meir for å oppfatte tale. Eg ser dei same utfordringane hjå meg sjølv som hjå mine hørselshemma pasientar.

Nokre ord om tilvenning til høyreapparat. Det tar tid å venne seg til høyreapparat. Det gjeld også når ein skiftar til nye apparat, eller gjer justeringar på apparata.

På det meste har det tatt meg eit halvt år med dagleg bruk frå morgon til kveld før eg har hatt maksimalt utbytte av nye høyreapparat. I perioden med tilvenning opplever eg at eg høyrer dårlegare, og blir meir sliten enn ellers. For min del fungerer det ikkje å bruke høyreapparat på eit øyre om gongen, det blir ei ny tilvenning kvar gong. Dersom eit av mine høyreapparat ikkje virkar ein dag, klarar eg ikkje vere i vanleg jobb.

Kombinasjonen lege og hørselshemma oppfattar eg stort sett som uproblematisk. Det er bra å jobbe som fastlege, fordi eg oftast har samtalar ein til ein, eller jobbar med papirarbeid. Pasientane mine seier dei likar at eg ser på dei når dei snakkar, eg må jo gjere det for å oppfatte kva dei seier. Det medfører at eg ikkje klarar å skrive journalnotat under konsultasjonen, eg noterer stikkord og skriv notatet etterpå. Under medisinstudiet var eg mest uroleg for at eg ikkje skulle oppfatte auskultasjonslydar. Når eg skal lytte tar eg høyreapparata av, heldigvis er hørselstapet mitt slik at eg oppfattar frekvensen til hjarte- og lungelydar greit. Dersom eg er usikker, ber eg ein kollega om å lytte. Eg har erfart at eg ikkje høyrer akuttalarmen på vakt når eg har høyreapparata av, så eg passar på å ha alarmapparatet i synsfeltet når det er aktuelt. No, med nokre års erfaring, er eg mest urolig for akutte situasjonar med mange involverte på legevakt. Då er det svært vanskeleg for meg å ha oversikt og få med meg beskjedar som blir gitt.