Trygg i Tysvær

Kommunal ulukkesførebygging

I Noreg fører fritidsulukker til kanskje 1500 dødsfall årleg – me har dessverre ikkje nøyaktig statistikk. Dødsfall i trafikk og arbeid er redusert til ein fjerdepart siste 20 år. Dette skuldast massiv nasjonal satsing via tunge direktorat og solide budsjett. Folkehelselova pålegg kommunane ansvar av fritidsulukker. Det er likevel få kommunar som arbeider systematisk på dette feltet.

Fra venstre: Marlin Løvås, resultatområde teknisk; Oliv Enge, resultatområde teknisk; Signe Wilhelmsen, aktivitet og omsorg; Lars Johan Lysen, kommuneoverlege og Marit Sørensen, barnehage og skule.

«Trygg i Tysvær» er namnet på det kontinuerlege arbeidet som Tysvær kommune har sett i gong for å redusera alvorlege ulukker. Ei arbeidsgruppe leia av kommuneoverlegen står for det daglege praktiske arbeidet. Me bruker også «Trygg i Tysvær» som logo på informasjonsmateriell, refleksvestar og mediainnlegg.

Historikk

I 1999 vart «Klok Av Skade» avslutta. Det var eit tre-årig prosjekt der Haugalandskommunane og Haugesund sjukehus samarbeidde for å redusera alvorlege ulukker. Alle ulukker vart registrert og statistikken var grunnlag for tiltak. Etter «Klok Av Skade» vart avslutta, måtte kvar einskild kommune sjølv ta tak og føra det ulukkesførebyggjande arbeidet vidare. I Tysvær kommune vart det i 2000 fremja ei sak om oppretting av «Trygg i Tysvær». Politikarane i kommunestyret vende tommelen ned. Etter eit halvt år med korridorpolitikk vart forslaget tatt opp på ny, og vedteke. Dessverre var då rutinane med ulukkesregistrering falma bort og let seg ikkje vekka til live. Frå hausten 2000 har Tysvær kommune arbeidd aktivt for å redusera alvorlege ulukker under omgrepet «Trygg i Tysvær».

Organisering av «Trygg i Tysvær»

«Trygg i Tysvær» vart i starten organisert på klassisk vis med ei arbeidsgruppe, ei referansegruppe og ei styringsgruppe. Arbeidsgruppa er samansett av ein representant frå kvart av dei store resultatområda, og samlast ein time ein gong kvar månad. Kommuneoverlegen leier gruppa. Arbeidsliv, friviljuge organisasjonar og velforeiningar sat i referansegruppa. Dei staka ut retninga og la inn oppgåver for arbeidsgruppa. Rådmannsgruppa fungerte som styringsgruppe og gav føringar i høve til økonomi og ressursbruk; og i saker som måtte løftast inn i det politiske systemet. I praksis viste det seg for tungvint å samla ei stor referansegruppe hyppig nok til ein fruktbar funksjon. Me har heller aldri klart å få til eit system for elektronisk kommunikasjon eller diskusjonsforum. Styringsgruppa har heller ikkje hatt nokon særleg aktiv funksjon i opplegget «Trygg i Tysvær».

Dagleg drift

Arbeidsgruppa er navet i «Trygg i Tysvær». Ryggrada i arbeidet er eit årshjul med kampanjar. Etter mange år med same opplegg, går det tverretatlege arbeidet nesten knirkefritt. Rutinar og materiell ligg klart. Evaluering i etterkant av kvar kampanje fører likevel til endringar og utfordringar. Arbeidsgruppa tar seg også av ulike innmelde oppgåver. Både servicetorget, innbyggjarar og medlemmer i arbeidsgruppa tar opp ulike ulukkesfeller og refererer akutte hendingar. Arbeidsgruppa har ikkje eige budsjett og må bruka dei ulike resultatområda for å løysa slike innmelde problem.

Årshjul med kampanjar

Kampanjane går for det meste ut på informasjon til innbyggjarane om risiko og enkle vernetiltak. «Trygg i Tysvær» har ei rekke plakathaldarar ulike stader i kommunen. Me set inn dedikerte plakatar i kvar kampanjeperiode. Tilsette ved VEPRO – den verna arbeidsplassen i kommunen – tar seg av det praktiske arbeidet med plakatane. I tillegg går det ut elektronisk materiell til velforeiningar og lag i kommunen. Lokalavis og regionavis får pressemeldingar, og lager i mange tilfelle eigne oppslag om kampanjane.

Dei ulike kampanjane

Strøsand

Når vinteren set inn kan alle innbyggjarar henta seg ei bøtte med prima strøsand gratis ved rådhuset. Brukerar av heimetenesta kan få levert bøtta på døra av heimetenesta eller feiar – dei melder ønsket til servicetorget. Nær på alle resultatområde i kommunen samarbeider om dette prosjektet. Dei siste åra har fleire kommunar på Haugalandet samarbeidd om denne kampanjen.

Trygg syklist

Straks vinteren er over og strøsanden er borte, er sykkelfolket på hjul att. Tysvær kommune har hatt eit par dødsulukker og mange andre alvorlege ulukker på sykkel dei siste åra. Med brei informasjon og samarbeid med sykkelklubbar og idrettslag prøver me å fokusera på risikoreduksjon.

Sjå – og bli sett

Det er sjeldan med dødsulukker på vegar i bustadfelt, men god sikt er viktig likevel. Kommunen har laga ein eigen pamflett – og «Trygg i Tysvær» informerer kvar vår om hekkar, trær, gjerde og mur ut mot fortau og veg.

Trygg bruk av stige

Stigeulukker fører ofte til alvorlege skadar. Desse ulukkene er lette å førebyggja med litt omtanke. Lift og stillas er trygge alternativ til stige. Ved å dela ut pamflettar på butikkane våre og fokusera på risiko og tiltak i media, meiner me å sjå ein reduksjon i slike ulukker.

Drukningsulukker

Når det gjeld informasjon i media har «Trygg i Tysvær» fått drahjelp nasjonalt siste åra – både den nasjonale kampanjen mot drukningsulukker, og «Av og til» i høve til alkohol. I tillegg tar me direkte kontakt med båtlag, kaianlegg, utstyrsforretningar og bensinstasjonar for informasjon med plakatoppslag. Servicetorget låner ut redningsvestar gratis i turistsesongen.

Reflekskampanje

Også her får me drahjelp. Me bruker plakatar og refleksmateriell i tråd med dei nasjonale kampanjane. I tillegg fokuserer me spesielt på dei aldersgruppene som sjeldan bruker refleks – unge og udødelege i alderen 15–50 år. Me deler ut refleksar og oppfordringar til elevar frå 15 år og oppover, til foreldrene – ikkje barna aleine – på helsestasjonane, og til verdige kandidatar som kjem innom rådhus og servicetorg.

Ønskelista vår

Nasjonal statistikk for ulukker

Utan påliteleg statistikk veit me ikkje kva veg dette ber. Har våre tiltak nokon effekt i det heile? Bør me endra kurs? Tysvær kommune – saman med resten av kommunenoreg – venter på detaljert nasjonal ulukkesstatistikk.

Interkommunalt samarbeid

Med felles interkommunal haldning og innsats i høve til ulukkesførebygging ville mediakampanjar og ulike praktiske tiltak vorte meir effektive. Innbyggjarane i Tysvær kommune kjøper maling og stigar i nabokommunen, og får då ikkje med gode ulukkesførebyggjande råd på kjøpet.

Tverretatleg samarbeid

«Trygg i Tysvær» har i mange år arbeidd for eit tverretatleg samarbeid for å redusera eldreulukker – utan praktiske resultat så langt. Resultatområdet Aktivitet og Omsorg strir med strame budsjett og aukande omsorgsoppgåver – visstnok utan rom for førebygging av eldreulukker. Skulevegen ville vore tryggare dersom kommunen arrangerte ein sykkeldag over same leist på alle skular kvar vår – og tilsvarande ein felles reflekskampanje kvar haust. Samordning ville truleg gjort at det vert enklare for innbyggjarane reint praktisk å planlegga og delta – samstundes som materiell og personell kan brukast meir rasjonelt. Slike tiltak har også vore vanskeleg å få på plass med råd og oppfordringar frå ei arbeidsgruppe som «Trygg i Tysvær». Eit godt tverretatleg samarbeid krev forankring sentralt i administrasjonen.

Varslingskanal

Varsling av ulukkesfeller ville vorte meir effektivt dersom innbyggjarane hadde eit godt fungerande innrapporteringssystem til kommunen. Eit opplegg med GPS og foto – som i «FiksGataMi» – hadde vore ideelt. Ved å premiera det beste tipset kvar månad, ville alle innbyggjarar etter kvart tenkt ulukkesførebygging til dagleg.

Godkjenning som «Trygt Lokalsamfunn»

Tysvær kommune gjorde i 2002 eit kommunalt vedtak om å søkja godkjenning som «Safe Community» etter WHO sine kriterier. Dette vart skrinlagd administrativt av økonomiske grunnar. Nå har kommunen for eitt år sidan teikna intensjonsavtale med Skadeforebyggende Forum om å arbeida for godkjenning som «Trygt Lokalsamfunn» etter dei norske kriteriene som tilsvarer WHO sine krav til godkjenninga «Safe Community». Tida vil visa om Tysvær kommune lukkast i dette arbeidet.

Oppsummering

Ulukkesførebygging er lønsamt på mange vis. Vestlege land taper 0,5–1,0 prosent av BNP i ulukker. I tillegg til dette kjem lidingar som dei involverte vert påført. Grovt rekna kan ein unngå halvparten av alle alvorleg ulukker med enkle tiltak. Forebybbing av fritidsulukker er eit kommunalt ansvar. Informasjon om risiko og grunnleggjande vernetiltak er starten på all ulukkesførebygging. Kommunal ulukkesførebygging krev samarbeid på tvers av fag og administrative resultatområde. Denne artikkelen viser ulike sider ved dette arbeidet.

Referansar i høve til skadestatistikk: http://www.skafor.org/fakta/